Originaltittel: The God of Small Things
Utgitt: 1997
Min utgåve: 1997
Oversetter: Ragnfrid Stokke
Format: Innbundet, 276 sider
Forlag: Pax
Mål/utfordringar: 1001 bøker, Man Booker Prize, Nye forfattere
Det er alltid meget praktisk for ein lesehest som leser frå ulike lister å kombinere to slike lister. Den indiske forfatteren Arundhati Roy mottok i 1997 Man Booker Prize for debutboka si, og havna på 1001 lista i 2006. Roy har skrevet fleire essay etter debutromanen, men Guden for små ting er så langt hennar einaste roman.
Guden for små ting sentrerer seg rundt ei tragisk hending i familien Kochamma. Det er knytta stor spenning til at syskenbarnet Sophie Mol, og mora hennar Margaret, skal kome til Kerala. Tvillingparet Estha og Rahel forstår ikkje heilt kvifor dette er så fantastisk, men dei innlemmer ho i leikene deira. I tillegg til Estha og Rahel får me lese om mora deira, besteforeldrene, grandtanta, onkel Chacko (far til Sophie og Margarets eksmann) og andre fargerike karakterer i den vesle landsbyen i India. Arundhati Roy bruker den tragiske hendinga som eit springbrett til utforsking av karakterane. Korleis hendinga med Sophie Mol påverka dei ulike familiemedlemmane, og hvilke følgjer det fekk for dei andre.Eg har lest fleire indiske bøker det siste året, og syns det er meget interessant. Arundhati Roys roman er ikkje eit unntak, og eg finner den meget vakkert skrevet i tillegg. Ho klarer kunststykket å balansere eit nydeleg språk saman med ein sterk historie. Romanen er ikkje skrevet kronologisk, men det gjer det heile meir interessant. Den er akkurat som eit puslespel og betane kjem til etterkvart. Til eksempel kjem hendinga med Sophie Mol i starten av boka, medan historiemessig skjedde det i slutten av hennar 14 dager lange besøk i India. Dette var ei god bok som absolutt fortener sin Booker-pris, og plassen på 1001 lista.
Romanen er lest i forbindelse med Lines lesesirkel. Anbefales!
XOXO

