Forfatter: Agnes-Margrethe Bjorvand (f. 1969)
Illustratør: Lisa Aisato (f. 1981)
Utgitt: 2015
Format: Innbundet, 108 sider
Forlag: Cappelen Damm
Den norske forfatteren Agnes-Margrethe Bjorvand er mest kjent som forfatter av fagbøker og oversetter av Astrid Lindgren-bøker, samt som lærar ved Universitetet i Agder. Lisa Aisato har eg fulgt sidan Mine to oldemødre kom ut i 2008. Sidan har ho gitt ut fleire bøker med eigen tekst, og vore illustratør for andre forfattere. Astrid Lindgren er deira første felles prosjekt.
Som namnet og forsida indikerer handler Astrid Lindgren om den svenske barnebokforfatteren. Det er ein gjennomillustrert biografi for barn om verdens beste forfatter (det syns hvertfall Bjorvand, s. 10). Boka har eit språk som passer for barn, den har sitater av Lindgren og frå bøkene hennar og små faktabokser. Illustrasjonane er til tider basert på lånte fotografier, og dei er maleriske og simpelthen nydelege å kvile augo på.
Som vaksen er det ikkje mykje som er ukjent i denne boka, men som introduksjon til barn som veks opp i dag er den heilt perfekt. Tidlegare har eg lest at Pippi vart først skrevet til dottera Karin Nyman då ho låg sjuk, men at Brødrene Løvehjerte var ein trøysteforteljing til Gunnar Ericsson då han var sjuk var nytt for meg. Det viser at livet til Astrid Lindgren har hatt stor betydning for forfatterskapet hennar. Boka er herved varmt anbefalt, og eg håper den liggjer under mange juletrær i år (anten det er til barn eller vaksne)!
XOXO
