Utgitt: 1908
Min utgåve: 2011
Oversetter: Kirsti Øvergaard
Format: Lydbok, lest av Bjørn Fougner, 8t17min21sek
Forlag: Penguin Essentials/Lydbokforlaget
Mål/utfordringer: 1001 bøker, off the shelf
Et rom med utsikt handler om unge Lucy Honeychurch som i første del av romanen befinner seg i Firenze, Italia. Ho er på ferie med si eldre kusine og anstand, Charlotte Bartlett, og romanen opner med klaging på rommet dei har fått tildelt på hotellet. Dei var blitt lovt rom med utsikt, men ingen utsikt er i sikte. Klaginga blir overhøyrt av ein anna hotellgjest, Mr. Emerson, som straks tilbyr seg å bytte rommet han og sonen George deler med damenes. Frøken Bartlett ser på dette som uanstendig, og blir ikkje einig med Emerson før ein anna gjest, presten Mr. Beebe, forsikrer frøken Bartlett om at Emerson kun vil bytte for å vera grei. Neste dag går Lucy ein tur i Firenzes gater med forfatterinnen Eleanor Lavish, og treffer far og son Emerson. Lucy er fascinert av mennene, og "dumper" stadig borti dei i gatene. Møtene er ikkje godtatt av Lucys mor og frøken Charlotte, og neste dag reiser frøknene vidare til Roma utan at Lucy har fått sagt farvel til George.
I Roma tilbringer Lucy tid saman med Cecil Vyse, og i motsetning til George, er han godtatt av alle parter. I andre del er me tilbake på familieeigedomen Windy Corner i Suffolk frir Vyse, og Lucy aksepterer. Etter ei tid kjem George på besøk, og Lucy må velje. Skal ho leve livet saman med den kyniske og velståande Cecil eller upolerte George som kjem frå enklare kår? Med sitt begjær og draumar, og jakta på sanning og ærlighet finner Lucy til slutt svaret på spørsmålet.
Edward Morgan Forster hadde fem romaner på samvittigheten, og han største suksess var A Passage to India. Han var kjent for sin underfundige og vittige skrivestil, men med sitt skarpe blikk setter han britisk middelklasse under lupen. Eg syns det var befriande med ein roman der hovudpersonen får valet mellom å gifte seg med sin eigen klasse eller ein frå enklare kår. I motsetning til 1800-talsromanane der det vart sett på som uanstendig å gifte seg under sin klasse er det spennande med ein roman der valet ikkje er satt i stein. Et rom med utsikt anbefales, og Bjørn Fougner gjer ein bra jobb om du vil prøve deg på lydboka.
XOXO

