Forfatter: Ida Hegazi Høyer (f. 1981)
Utgitt: 2014
Format: Ebok frå ebokbib, 222 sider
Forlag: Tiden
Ida Hegazi Høyer er med sin tredje roman nominert til bokbloggerprisen 2014. Tidlegare har Høyer gitt ut Under verden (2012) og Ut (2013).
Unnskyld handler om ei ung kvinne som møter ein ung mann, og det går ikkje lang tid før dei flytter saman. Samlivet er rosenrødt, og dei kan ikkje tenkje seg å vera vekke frå kvarandre for lenge. Den unge kvinna fortel om sin jobbkvardag i ein barnehage, medan den unge mannen er på jobbjakt. Etter ei stund blir det fortalt at han er konduktør for NSB. Dei skaffer seg hund, og det er den unge mannen som er mest opptatt av hunden, ho slepper nesten ikkje til. Dei møter sine respektive familier, men mannen er veldig privat, og vil nødig snakke om familien eller vennene sine.
Etter kort tid kjem det for ein dag at alt er ikkje slik det skal vera. Spørsmåla hagler inn om alt frå venner til jobb, men kor mykje har ein eigentleg krav på å vite i eit forhold? Kva er sanning, og kva er løgn i samlivet mellom den unge mannen og kvinna? Oppgjerets time kjem, og det er ikkje lite som kjem på bordet.
Unnskyld las eg på nokre timar, men den sit ennå i kroppen og hovudet. Det er ein kort roman på knappe 200 sider, men den har mange lag. Historien driver deg fram, og du sit igjen med ei kjensle om korleis eit parforhold kan gå over styr kun på grunn av enkle løyndomar. Høyer skriver rått og brutalt, og Unnskyld får meg til å ville lese meir av forfattaren. Anbefales!
XOXO
