Søk i denne bloggen

Viser innlegg med etiketten Frances Hodgson Burnett. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Frances Hodgson Burnett. Vis alle innlegg

fredag 23. januar 2015

Bok: "A Little Princess"

Forfatter: Frances Hodgson Burnett (1849-1924)
Utgitt: 1905
Min utgåve: 2014
Format: Innbundet, 320 sider
Forlag: Puffin in Bloom
Mål/utfordringar: Off the shelf, Back to the Classics

Tidlegare har eg lest The Secret Garden og Little Lord Fauntleroy med stor suksess, men A Little Princess var annleis enn nemnte bøker. A Little Princess er delvis sjølvbiografisk då far til Frances Hodgson Burnett døydde då ho var tre år. Boka er filmatisert fleire gonger, den mest kjente er frå 1939 med barnestjerna Shirley Temple som Sara Crewe. Akkurat nå på Netflix ligger det ei filmatisering frå 1995 med Liesel Matthews i hovudrolla.

A Little Princess handler om unge og rike Sara Crewe som blir sendt på pensjonatskule i England, medan faren drar tilbake til India. Enkemann og far, Captain Crewe, veit ikkje kva godt han kan gjera for dottera, og ho får alt ho ynskjer seg. Hennar finaste leiketøy då ho ankommer skulen er ei dokke ved namn Emily. Den har nesten like fin garderobe som eigaren, og Sara blir sett på og skal behandlas som ei lita prinsesse. Eigaren av pensjonatskulen, Miss Minchin, er ikkje begeistra for den vesle prinsessa, og då Captain Crewe forsvinner og antas død, må Sara gi opp sine leksjoner ved skulen og bli tjenestepike same stad.

For ei jente som er vant til luksus og fine klede blir det ein overgang. Likevel klarer Sara å finne gleda i det daglege, og fortset med finurlege historier til dei småjentene som fortsatt ser opp til ho. Jenta har ein livleg fantasi, og les bøker meint for mykje eldre barn. Fleire gonger forestiller ho seg at ho er fange i franske Bastillen, og blir venn med ei rotte på loftet. Det er eit hardt liv for ein liten kropp som ikkje er vant til å arbeide, men til slutt smiler lukka til Sara på ny.

Som sagt var denne annleis enn dei andre bøkene av Burnett eg har lest. Eg sleit med A Little Princess, og det var vanskeleg å plukke den opp. Min interesse for Saras overdådige luksus fins ikkje, og eg syns så synd på barn som Sara som må arbeide for føden i tidleg alder at eg helst unngår slike bøker. Samtidig så hadde eg heile tida ei kjensle av at dette har eg vore borti før, og eg undrer meg over om eg har sett deler av Shirley Temple-filmen og om den har ein anna slutt. Time will show!

Boka er lest i forbindelse med Back to the Classics-utfordringa, og fleire anmeldelser av klassiske barnebøker vil dukke opp HER.

XOXO

lørdag 24. desember 2011

Bok: "Lille Lord Fauntleroy"

Forfatter: Frances Hodgson Burnett
Originaltittel: Little Lord Fauntleroy
Utgitt: 1886
Min utgåve:
Oversetter: Mimi Sverdrup Lunden
Forlag: Fono forlag
Format: Lydbok, lest av Unn Vibeke Hol, ca 5t
Frå: Ordflyt

Baksidetekst: Lille Lord Fauntleroy vokser opp i Amerika som Cedric Errol, helt uvitende om at han er arving til et slott og en fornem engelsk adelstittel.

Etter litt scrolling på Ordflyt kom eg over denne lydboka, og sette den på straks. Eg har sett ei filmatisering frå 1995, og syns godt at den kan kome på dvd i Noreg. Uansett, det er ein fordel at det er lenge sidan eg har sett filmatiseringa, men bileta var der i bakhodet. Ei koselig bok om Cedric Errol som plutselig ein dag lærer at han er lord og arving til bestefarens slott i England. Hjelp! hadde nok mange tenkt, men ikkje unge Errol. Han er ikkje i tvil om at slektninger skal man like uansett, og bestefedre må jo vera dei snillaste i verda. Jarlen av Dorincourt er ikkje heilt som Cedrics beskrivelse, men etterkvart lærer han at det beste i verda er å gjere andre glad, og blir oppriktig glad i Lille Lord Fauntleroy.

XOXO