Søk i denne bloggen

Viser innlegg med etiketten Gro Dahle. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Gro Dahle. Vis alle innlegg

søndag 27. september 2015

Bok: "Amerika"

Forfatter: Gro Dahle (f. 1962)
Utgitt: 2015
Format: Innbundet, 208 sider
Forlag: Cappelen Damm

Den norske forfatteren Gro Dahle er for meg mest kjent som kona til Svein Nyhus. Då eg opna Amerika fant eg ei lang liste med vaksenbøker Dahle har skrevet, og som var ukjent for meg. Saman med illustratøren Nyhus har ho skrevet ei lang rekke barnebøker blant anna Snill og Sinna mann.

Novellesamlinga Amerika handler om mor, far og Åse som flytter frå Noreg til Amerika. Det skal vera ein ny start for familien etter sonen og brorens død. Det er ikkje lett å kome til ein heilt ny plass, eit nytt språk og nytt levesett. Familien sliter på kvar sin kant, men makter sjeldan å prate saman om kjenslene.

Gro Dahle har skrevet ei sår og vakker novellesamling. I Amerika er det totalt 20 små noveller som alle handler om ulike ting familien opplever i Amerika. Hovudpersonen, Åse, går frå å vera ca 6 år til tenåring i løpet av samlinga, og er ofte bekymra. Ho vil gjerne vera glad og lukkeleg, men ender som regel opp med å vera sur og tverr. Faren forstår ho ikkje, og mora har antydninger til depresjon. Det er mykje vondt i denne boka, og viser at graset er ikkje alltid grønare på andre sida av gjerdet. Det er mykje tankevirksomhet, og eg beundrer Gro Dahle for måten ho har satt seg inn i tankane til ei etterkvart ung jente. Anbefales!

XOXO