Søk i denne bloggen

Viser innlegg med etiketten Svetlana Alexievich. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Svetlana Alexievich. Vis alle innlegg

torsdag 8. oktober 2015

Nobels litteraturpris 2015

Kjelde: Nobelprisens Twitterkonto
Klokka 13 i dag satt eg klistra til Twitter for å få med meg annonseringa av dette årets mottaker av Nobels litteraturpris. Då eg kikka på tidlegare Nobel-mottakere tidlegare i veka slo det meg at det er 22 år sidan ein amerikaner fekk prisen, og syns det var på høg tid. Uavhengig av den tanken ynskja eg at ei kvinne skulle vinne, men med statistikken til prisen (og at Alice Munro fekk den i 2013) hamna den tanken lenger bak i hovudet.

Så klarte akademiet å overraske meg likevel, og ga dette årets pris til kviterussiske Svetlana Alexievich. Glede i livet! Nytt forfatterskap, men dette er eit namn eg har høyrt om (i motsetning til fjorårets mottaker).

I Noreg er det Kagge og Solum som gir ut bøkene hennar, og i skrivande stund fins det 3 bøker i sal og ei som kjem ut komande veke. Gratulera til mottaker og forlag!

Kjelde: Nobelprisens Twitterkonto

Dette biletet vart lagt ut frå morgonen av på Twitter, og vart oppdatert etter annonseringa av mottaker.
Kjelde: Nobelprisens Twitterkonto

Sitat frå intervju etter annonseringa i dag.
Kjelde: Nobelprisens Twitterkonto
 XOXO