Den amerikanske forfatteren Barack Obama (f. 1961) var USAs 44. president (2009-2017). Obama har skrevet eit par bøker tidlegare, men Et lovet land er første bind i hans presidenterindringer.
Et lovet land har blitt ført i pennen av Obama sjølv, og eg har høyrt han sjølv lese inn boka via Audible. Det var ein høydare. Obama forteljer om barndom og ungdom, om foreldrene og besteforeldrene, om forholdet til Michelle Obama (nee Robinson) og om vegen til presidentskapet.
Det er ei høgt reflektert og tankevekkande bok som får deg til å tenke og fundere. Han setter spørsmål ved seg sjølv og sine handlinger, og tar oss med på reiser i inn- og utland, såvel som i The Oval Room og The Situation Room. Boka kan igrunnen ikkje forklares, den må oppleves.
Eg er fascinert og interessert i det amerikanske presidentvalget og følger ivrig med. Det var aldri tvil om at denne skulle leses og då den vart tilgjengelig hjå Audible på lanseringsdagen vart vegen til ørepropper kort. Den har fått vera med på busstur, spasering til jobb og tur i skogen. Og det var aldri eit keisamt øyeblikk.
Lurer du på kva du skal ønske deg til jul? Ønsk deg denne, du vil ikkje angre. Anbefales!
XOXO
| Originaltittel: A Promised Land, omsett av Eivind Lilleskjæret og Gunnar Nyquist | Utgitt: 2020 | Format: Innbundet, 800 sider | Forlag: Cappelen Damm |
