Søk i denne bloggen

Viser innlegg med etiketten Ingrid Z. Aanestad. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Ingrid Z. Aanestad. Vis alle innlegg

søndag 27. mars 2022

"Heim" av Ingrid Z. Aanestad

Ingrid Z. Aanestad (f. 1983) er fødd på Klepp i Rogaland. Ho debuterte i 2006 med romanen I dag er ein fin dag og har etterpå gitt ut fem romaner, ein essay-samling i serien Lese, skrive og er nå aktuell med essay-samlinga Heim. 

Eg har lenge tenkt at eg skulle ha lest meir litteratur av lokale forfattere, og då denne essay-samlinga dukka opp heiv eg meg over bibliotekets søkefunksjon. Eg har tidlegare lest fleire av romanene til Ingrid Z. Aanestad, og ved eit søk på Goodreads ser eg at eg har vore streng med stjernene. Mogleg eg må lese dei om igjen for å sjå om mitt 35-årige eg er samd med 23-åringen eg var då.
 
I Heim skriver Ingrid Z. Aanestad essays om åtte lesingar av følgande forfattere: Arne Garborg, Nina Bouraoui, Stina Aronson, Eva Jensen, Mirja Unge, Cora Sandel, Virginia Woolf og Jun'ichiro Tanizaki. I lesingane går Aanestad på jakt etter heimane i bøkene samstundes som ho prøver å finne seg til rette i eit sekstitalshus i skogkanten. Eg likte best essaya om Arne Garborg (som minner meg på at han er ein for meg lokal forfattar), Cora Sandel og Virginia Woolf. Sistnemnte har jo skrevet eit meget kjent essay om det å finne eit eige rom. Då Aanestad skulle ferdigstille denne samlinga tok ho inn på ei lita hytte ved Obrestad fyr nettopp for å finne eit eige rom til skrivinga.
Den franske filosofen Gaston Bachelard har skrive mykje om korleis inntrykka våre frå dei husa og heimane me har levd i, formar tanker, minne og draumar gjennom livet. I The Poetics of Space skriv han at me oppsøkjer minne om beskyttelse for å trøysta oss. Ein heim er noko som kan halde på minna, bevare dei som bilete. Derfor er mine frå heimen annleis enn minne frå omverda. (s. 105)
 Kva betyr det å koma frå ein stad? Kva inneber det å kjenna seg heime? Dette er spørsmål som står øverst i baksideteksten, og er spørsmål alle kan spør seg om. Eg har sjølv flytta frå min barndomsgard til leilighet i blokk, og når eg blir spurt om kva som er heime så er det min barndomsgard. Det er ingen stad eg kjenner meg meir heime enn når eg går gjennom det gamle huset, eller over markene eller når eg ser ein traktor. Og som eg skreiv over her at eg ønsker å lese fleire lokale forfattere så handler det vel så mykje om det å finne min heim i litteraturen som at det lokale trenger framsnakking.
 
Nå er Ingrid Z. Aanestad eit nokså kjent namn i litteraturverda, men sjølv ho trenger sikkert at nokon ser ho og leser det ho skriver på lik linje med meir kjente forfattere. Eg har i alle fall lyst til å hjelpe litt til der eg kan. Essay-samlinga anbefales!
 
XOXO

| Forfatter: Ingrid Z. Aanestad | Utgitt: 2022 | Format: Innbundet, 139 sider | Forlag: Oktober |