Søk i denne bloggen

Viser innlegg med etiketten Macmillan. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Macmillan. Vis alle innlegg

fredag 6. mars 2020

Bok: "The Sun Sister" av Lucinda Riley (The Seven Sisters #6)

Den irske forfatteren Lucinda Riley har dei siste åra gjort stor suksess med romanene om søstrene D'Aplièse frå Geneve. I tillegg til denne serien skriver ho og frittståande romaner. The Sun Sister eller Solsøsteren i norsk oversettelse, er den nyaste i rekken.

Electra D'Aplièse ser ut til å ha alt. Ein supermodell-karriere, leilighet på Manhattan, og meir penger enn ho nokon gong kjem til å trenge. Det er kun på overflaten. Under alle laga med sminke og falskt hår lurer det seg ei ung jente som strever med sin eigen tilværelse og undringen etter kor ho kjem frå. For å takle alt dette tyr Electra til rus og alkohol, men alt endrer seg då eit brev frå ei eldre dame ankommer leiligheten. Brevet er frå Stella Jackson, som påstår å vere Electras bestemor. Det er starten på ein reise i tid, tilbake til New York i 1939, via Kenya under krigen, og tilbake til New York. Ulikt fleire av dei andre søstrene så er Electra faktisk fødd bare nokon gatestubber unna sin eigen leilighet.

Historien om Electra er ulik dei andre søstrene sin, og med krigen som bakteppe, og President-elect Obama i horisonten er den fascinerande. Eg har brukt lang tid på denne romanen, ulikt dei andre søster-bøkene. Eg begynte friskt i november, det stoppa opp, livet skjedde, og eg har høyrt den ferdig via Storytel. Sistnemnte viste seg å vera eit sjakktrekk då innleserne passa så godt til historien. Anbefales!

XOXO

| Utgitt: 2019 | Format: Kindle, 400 sider | Forlag: Macmillan |

lørdag 26. november 2016

Bok: "The Shadow Sister" (The Seven Sisters #3)

Det norske omslaget frå
Cappelen Damm.
Forfatter: Lucinda Riley (f. 1971)
Utgitt: 2016, den norske oversettelsen kjem 2. januar 2017
Format: Ebok, 673 sider
Forlag: Macmillan

Den irske forfatteren Lucinda Riley er velkjent over store deler av verda for sine historiske romaner. I tillegg til sin serie med D'Aplièse-søstrene har ho skrevet enkeltståande romaner som Orkideens hemmelighet, Midnattsrosen og den siste av dei enkeltståande, Helenas hemmelighet.

I dei to første romanane om D'Aplièse-søstrene har me fulgt Maia og Ally på sine reiser til Brasil og Noreg. I Skyggesøsteren er det Asterope, eller Star som ho svarer på, som er hovudpersonen. I dei føregåande bøkene har fleire familiemedlemmer uttrykt bekymring for forholdet mellom Star og CeCe, og det faktum at Star seier så lite. I barndommen fant CeCe og Star opp sitt eige språk godt hjulpet av fransk teiknspråk, og det blir framleis mykje brukt sjølv om dei har kome i slutten av 20-åra.

Star får sitt brev frå advokaten, men vel å gøyme det då ho og CeCe kjem tilbake til London. Etter mange år med vagabond-tilværelse har søstrene leid leilighet i storbyen, men CeCe er på ivrig jakt etter ein større og meir permanent. Då det skjer og leiligheten er kjøpt og betalt for, er ikkje Star så glad for den då ho kunne tenkt seg noko heilt anna. Star leser omsider brevet sitt som Pa Salt har formidla på ein måte der Star får eit namn og ein adresse ho må forholde seg til. Pa Salt kjente dottera si godt, og under ein busstur til matlagingskurset sitt køyrer ho forbi adressen og bokhandelen Pa Salt skriver om i brevet. I bokhandelen treffer ho Orlando, og gjennom sine samtaler og turer med han ender ho opp som ein karakter i ei fortid som inneheld Alice Keppel, Beatrix Potter og ein heilt ny familie som er kun hennar.

Lucinda Rileys romaner er veldig handlingsbasert, og eg vel å ikkje avsløre for mykje då eg kjenner mange, både bokbloggere, venner og kolleger, som venter spent på den norske oversettelsen. Då eg las Stormens søster i fjor klarte eg ikkje å skilje fakta og fiksjon då eg kan for mykje om Edvard Grieg til å få det til å stemme som fiksjon. I Skyggesøsteren er det og verkelege personer som har fått ei rolle i boka, men det var på ein heilt anna måte. Det var så mykje eg likte med denne boka, og den antikvariske bokhandelen til Orlando var verkeleg prikken over i'en.
I couldn't see a single thing beyond the display - the day was bright outside, but the interior was as dark as any Dickensian bookshop I'd read about. (...) It reminded me of an old library, with its dark wooden floor and a marble-topped fireplace halfway along one wall, forming the centrepiece around which two leather winged chairs were arranged. Between them stood a low coffee table piled high with books. (s. 62) 
Tre dager vart brukt på boka, og sjansen for at eg les den norske oversettelsen i januar er stor. Dei litterære referansane er meget interessante, og eg blir nødt til å lese den om igjen bare for å notere ned titler og forfattere. Her har Lucinda Riley gjort sin research verdig! Varmt anbefalt!

XOXO

søndag 22. november 2015

Bok: "The Storm Sister" (The Seven Sisters #2)

Forfatter: Lucinda Riley (f. 1971)
Utgitt: 2015
Format: Kjøpt ebok, 704 sider
Forlag: Macmillan

Den irske forfatteren Lucinda Riley er etterkvart velkjent i Noreg for sine romaner, og ho produserer romaner på høgt nivå sidan ho både gir ut nyskrevne og reutgir romaner utgitt med sitt gamle etternamn. I disse dager er romanen Engletreet ute på norsk, og det er ein uavhengig roman som anbefales. 2. januar kjem andre del av De syv søstre ut på norsk, men eg kunne ikkje dy meg då den tidlegare denne månaden vart gitt ut på engelsk. Vegen frå Amazon til Kindle er relativt kort!

The Storm Sister er andre del i bøkene om De syv søstre, og handler om Alcyone 'Ally' D'Apliése som blir kalt heim av sine søstre etter farens brå død. Og for dei som har lest den første boka så er dette kjent stoff. Eg har skrevet om boka her. Mangemillionæren Pa Salt har bygd opp sitt imperium på ei lita øy i Genèvesjøen, og dei seks døtrene er alle adoptert. Etter Pa Salts død og hemmelege gravlegging, som Ally utan å vite det er vitne til, får alle døtrene eit brev med koordinater til kvar dei vart funne.

Allys ledetråd fører ho til til Noreg, etter eit lengre opphald i England. Den viltre og spenningssøkande Ally er seiler, men gjekk mange år på musikkskole i Sveits. Etter ei ulukke gir ho opp seilerkarrieren, reiser til Noreg og får hjelp til ledetrådane sine. Det blir ei reise i fortid, og med Lucinda Rileys fascinasjon for Noreg speler Edvard Grieg og musikken hans ei sentral rolle i fortida til Ally. Det er ein del som skjer, og i fare for å røpe for mykje så seier eg heller for lite.

The Storm Sister er annleis enn sin forgjenger. Eg oppfatter den som meir historisk og omfattande, men det kan godt vera fordi eg har vokst opp med Edvard Grieg og var ikkje meir enn sju år første gongen eg besøkte Troldhaugen i Bergen. Lucinda Riley har som i forgjengeren blanda fiksjon og verkelegheit, men som norsk kjeda eg meg til tider. Eg trur den er meir spennande for lesere utanfor Noreg. Lucinda Riley skriver godt og har gjort sin research, og fleire ledetråder til kven Pa Salt var og korleis han fant sine døtre kjem fram etterkvart. Det er eit stort prosjekt Riley har tatt på seg, men eg har tru på at ho ror det i land. Anbefales!

XOXO

søndag 16. august 2015

Booker-longlist: "Lila"

Forfatter: Marilynne Robinson (f. 1943)
Utgitt: 2014
Forlag: Macmillan Audio
Anna: Kjøpt lydbok, lest av Maggie Hoffman, 8t57min
Mål/utfordringer: Booker-prisen

Den amerikanske forfatteren Marilynne Robinson debuterte i 1980 med romanen Housekeeping og vart nominert til Pulitzerprisen. I 2004 kom første bok i Gilead-trilogien, Gilead, og den vant Pulitzerprisen. Oppfølgeren, Home, vart hedra med the Orange Prize, og med siste Gilead-roman, Lila, har Robinson debutert på Booker-lista.

I løpet av 15 dagar høyrte eg meg gjennom heile Gilead-trilogien for mitt kronologiske eg nekter å starte på bok 3. Om eg har oppnådd ein større forståelse for den Booker-nominerte tredjeboka med dette prosjektet er usikkert, men eg har ikkje angra på at alle bøkene er høyrt.

Lila handler om den unge Lila som etter fleire år på landevegen ender opp i småbyen Gilead i Iowa. Ho er på leiting etter husly, og ender opp i den lokale kyrkja. For å livnære seg flytter ho ut av byen til eit lite skur, og tilbyr sine tenester som vaskehjelp og diverse på gardene rundt om. Lila er ikkje ukjent med å jobbe, det har ho gjort heile livet. I tilbakeblikk får me høyre om Lilas liv på landevegen med Doll, og korleis Lila endte opp i Gilead. Lila har ingen familie og små framtidsutsikter, men prøver å gjere det beste ut av det. Den eldre presten, John Ames, interesserer seg for Lila, og sjølv om Lilas indre demoner protesterer fælt ender ho opp som prestefrue i Gilead. Det er ikkje lett etter mange år som vandrer å tilpasse seg eit liv saman med Ames, men det går på eit vis. Tankane og demonene prøver stadig vekk å ta overhånd, men John Ames er av den tolmodige typen, og lar seg ikkje så lett vippe av pinnen.

Lila er ei saktegåande bok, og Marilynne Robinson er ein magiker med ord. Det er mykje usagt i romanen, men det som blir sagt er rett på. Kjærleiken mellom John Ames og den unge Lila vekser fram sakte men sikkert, og det er ein fryd å vera med på den. I utgangspunktet føregår det i 50-åra, men det er ein tidløs roman som fort kan bli ein amerikansk klassiker. Ynskjer eg at du skal starte med bok 1? Mogleg det, men det er ikkje nødvendig. Anbefales!

XOXO

Andre anmeldelser: Ann Helen og Linn.