Søk i denne bloggen

Viser innlegg med etiketten P.D. James. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten P.D. James. Vis alle innlegg

søndag 11. november 2012

Bok: "Death Comes to Pemberley"

Forfatter: P.D. James
Utgitt: 2011
Format: Kindle
Forlag: Faber & Faber
Frå: Amazon

Året er 1803, og Elizabeth Bennett har vore gift med Mr Darcy i seks år. Dei har eit godt liv saman på Pemberley, og to skjønne sønner. I nærheten bur Jane saman med Charles Bingley og deira tre barn, og det er ingen skyer i horisonten. På Pemberley er planlegginga av Lady Annes ball i full gang, og kvelden før blir det holdt eit lite middagsselskap med dei nemnte personane pluss Colonel Fitzwilliam, Darcys lillesøster Georgiana og den unge advokaten Henry Alveston. Colonel Fitzwilliam har tidlegare på dagen uttrykt sin interesse for Georgiana til Elizabeth, men då Georgiana etter middagen setter seg ved pianoet er det Alveston som akkompagnerer henne. Fitzwilliam unnskylder seg for å ta ein kveldstur på hesten, og då han kjem tilbake førebur alle seg på å gå til sengs.

Som me veit frå Jane Austens Stolthet og fordom stakk Elizabeths yngste søster av med Darcys barndomsvenn Wickham då ho var seksten år, og det endte med giftermål. Lydia har vore på sporadiske visitter på Pemberley i dei seinare åra, men er hyppigare i Janes hus. Denne kvelden kjem ho derimot i høg fart til Pemberley, og er heilt i frå seg. Ein mann har blitt drept på Pemberley-eigedommen, og Wickham skylder på seg sjølv!

Resten av boka handler i stor grad om rettssaken og dens gang, og me får innblikk i korleis det har gått med Elizabeths yngre søstre, Mary og Kitty, og forholdet Elizabeth har til sine foreldre. For fans av Austen anbefales boka sterkt, eg likte den godt, og syns det var spennande med rettssaken. Har du ikkje lest Stolthet og fordom anbefaler eg den først.

P.D. James er kjent for sine kriminalromaner om Adam Dalgliesh, men eg har ennå til gode å lese om han. Death Comes to Pemberley var ei fin første-James-bok, og det er få andre som hadde klart å komme unna med å skrive videre på Austens klassiker.

Forøvrig starta eg med denne boka på digispiller, men eg er ikkje fornøgd med formatet så viss nokon har lyst på ein er min til salgs.

XOXO

tirsdag 10. juli 2012

Bok: "Talking about Detective Fiction"

Forfatter: P.D. James
Utgitt: 2009
Forlag: Faber & Faber
Format: Paperback
Frå: Mi bokhylle (21. bok i 'Off the Shelf')

Baksidetekst: After nearly fifty years at the forefront of the genre, P.D. James is ideally placed to talk frankly about the craft of detective fiction. From the tenant of 221B Baker Street to the Golden Age of detective writing between the wars to the achievements of the present and a glimpse of the future, James explores the development of a genre which has gripped and entertained the popular imagination like no other type of novel. Her admiration for many of her forebears and contemporaries in crime fiction shines through this personal and engaging account.

Takka vere Line og Karin har eg lest mi første bok ført i pennen av P.D. James. Riktignok ikkje ei krimbok, men ei bok om krim og forfattere. Eg skal ikkje lyga og sei at den var fantastisk, for eg syns ikkje det. Likevel var det ein fin lita bok som vart til etter at ein bibliotekar spurte James om ho var interessert i å skrive ei bok om emnet. Ho skriver mykje spennande, og har bakgrunnsstoff om det meste. Eg likte godt det ho skreiv om Wilkie Collins, Sherlock Holmes, Dashiell Hammet, Raymond Chandler og Agatha Christie. Det får meg til å bare ville lese bøker om dei. Vart overraska då Dickens' Bleak House vart nemnt, men innser at politimannen er og detektiv. Eg får lyst til å lese fleire bøker av P.D. James, og då spesielt detektivromanane.

XOXO