Søk i denne bloggen

Viser innlegg med etiketten Paul Johnson. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Paul Johnson. Vis alle innlegg

fredag 15. august 2014

Lesesirkelbok: "Churchill"

Forfatter: Paul Johnson (f. 1928)
Originaltittel: Churchill
Utgitt: 2009
Min utgåve: 2013
Oversetter: Erik Ringen, Einar Blomgren
Format: Heftet, 181 sider
Forlag: Pax
Mål/utfordringer: Off the shelf, Nye forfattere

Det er nokre månader sidan eg deltok i Moshonistas biografilesesirkel, men då eg fant ei lita tynn flis om Winston Churchill i bokhylla og temaet var politikere kunne eg ikkje la vere. Det kunne vore ei god bok om Churchill, men dengang ei.

Winston Churchill levde eit langt og innhaldsrikt liv. I løpet av sine 90 år tilbrakte han 55 år som parlamentsmedlem, 31 år som minister, og nesten 9 år som statsminister i Storbritannia. Han vart fødd 30. november 1874, og døydde 24. januar 1965. Han hadde hustru og familie, og var godt likt blant det britiske folk. Han var sjølv med på utforminga av herregården han eigde i ein periode, malte fleire hundre malerier og fekk publisert nærmare 10 millioner ord. I 1953 mottok han Nobels litteraturpris for sine bøker om britisk historie og andre verdenskrig.

Den britiske historieforfatteren Paul Johnson skriver kort og intenst om ein av dei viktigaste personane i andre verdenskrig, men klarer ikkje å fenge lesaren. Eg fant språket kjedeleg, og sleit med å kome gjennom dei knappe 200 sidene. Eg trur det fins betre bøker om Churchill, men hans eigne bøker er muligens og meget lesbare.

XOXO