Søk i denne bloggen

Viser innlegg med etiketten Doubleday. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Doubleday. Vis alle innlegg

tirsdag 17. august 2021

The 2021 Booker Prize | Nathan Harris, Patricia Lockwood, Maggie Shipstead


Nathan Harris er ein amerikansk forfattar. Booker-aktuelle The Sweetness of Water er hans debutroman.

The Sweetness of Water går føre seg i USA rett etter borgerkrigen. I ein liten landsby i sørstatene bur George og Isabelle, eit ektepar som ikkje heilt får det til i ekteskapet og søker trøst hjå andre. Parallellt med deira historie får me historien til to soldater som har romantiske kjensler for kvarandre. Romanen er godt skrevet, innlesaren William DeMeritt er behageleg å høyre på, og eg kan forstå kvifor denne hamna på Barack Obamas 2021 Summer Reading List.

Skal eg plukke på noko må det for det første vera at sjølv om DeMeritt er god å høyre på så er dette ei bok eg burde ha lest i papir. Det er nok ting eg ikkje har fått med meg som er essensielt i historien, men det får bli neste gong (om det blir ein neste gong). Eg liker den godt, og den kryper forbi andre på lista over bøker eg vil ha på kortlista i september, men eg trur den hadde vore enda betre i papir-form.

| Tittel: The Sweetness of Water | Utgitt: 2021 | Format: Innbundet, 368 sider (lydbok frå Audible 12t 8min) | Forlag: Little, Brown and Company |


Patricia Lockwood (f. 1982) er ein amerikansk forfattar. Ho debuterer som romanforfattar med Booker-nominerte No One Is Talking About This, og har tidlegare publisert sakprosa og poesi.

No One Is Talking About This er delt inn i to. I første del følger me ein ikkje-namngitt hovudperson sine samtaler med andre i eit sosialt medium. I andre del blir me vitne til hovudpersonens familietragedie utforsker konsepter som sorg, sanseinntrykk, bevissthet og varighet. Dette er ein roman du enten elsker eller hater har eg inntrykk av. Eg mislikte den og forstod ingenting.

| Tittel: No One Is Talking About This | Utgitt: 2021 | Format: Heftet, 210 sider | Forlag: Bloomsbury |


Maggie Shipstead (f. 1983) er ein amerikansk forfattar. Hennar tredje roman Great Circle er nominert til Booker-prisen, og ho har tidlegare skrevet romanane Seating Arrangements (2013, norsk tittel: Stolleken) og Astonish Me (2014).

Great Circle er mursteinen på årets liste, og den eg hadde mest lyst til å lese. Forventningane var høge, men dessverre datt dei ihop. Etter 150 sider skumma eg meg gjennom resten av romanen og la den vekk. Romanen foregår i fleire perioder. På 20-talet herjer Marian Graves i Montana og har ein draum om å bli pilot. På 40-talet fortsetter historien om Marian, nå bosatt i London, og hennar planlegging av ein episk flyreise. Ho forsvinner i lufta. I nåtiden følger me barnestjerna Hadley Baxter som strever med skandaler i fortida og ein forespørsel om å gestalte rolla som Marian Graves. Hadley er trukket mot rolla, og muligens vil det avsløre ting både om Hadley og Marian.

Det høyres interessant ut, og ved første øyekast minna den meg om Colum McCanns Booker-nominerte TransAtlantic frå 2013, men Great Circle er tung å kome inni, utfordrande for min kronologiske hjerne med tanke på hopping frå det eine til det andre, og eg finner ikkje engasjement for karakterene.

| Tittel: Great Circle | Utgitt: 2021 | Format: Innbundet, 602 sider | Forlag: Doubleday |

XOXO

fredag 7. august 2015

Booker-shortlist: "A Little Life"

Forfatter: Hanya Yanagihara
Utgitt: 2015
Forlag: Doubleday
Anna: Lånt papirbok, innbundet, 720 sider

Den amerikanske forfatteren Hanya Yanagihara debuterte i 2013 med The People in the Trees. Min utgåve står ulest i bokhylla, men dei som har lest den meiner at den er veldig god, og syns det er synd at den ikkje var med i kampen om prestisjetunge priser. Då Bookers longlist vart publisert eksploderte Goodreads-feeden min, og plutseleg las "alle" Yanagiharas andre bok, A Little Life. 15. september kan Yanagihara bli ståande på shortlist til Booker-prisen.

A Little Life handler om kameratflokken Malcolm, Jude, JB og Willem. Dei har ambisjoner om å få til noko stort i verda, og har flytta til New York. Malcolm vil bli arkitekt, Jude er advokat, JB har store malerplaner og Willem vil bli skodespelar. Alle fire har familie og fortid, men Jude er den som er mest mystisk. Han snakker ikkje mykje om fortida og hvertfall ikkje om familien. Vennskapet mellom dei fire er sterkt på tross av lite penger, og den tilbakeholdne Jude er vennskapets knutepunkt. Utover i boka får me vite meir om Judes tragiske fortid, og årsaken til kvifor han er den han er. Livet er til tider blodig urettferdig, men for nokon tar det aldri slutt. Slik er det for Jude.


Då eg starta med denne boka var det allereie fleire som var ferdige, og alle kunne fortelje om 720 sider med tårer og hulking, og her sitter eg med ferdiglest bok og ikkje ei tåre. Likevel er sinne og ei kjensle, og den har eg kjent på. Boka er umåteleg sterk og solid skrevet, og elendigheten for Jude tar på ein måte aldri slutt. Det er vanskeleg for meg å skrive om denne boka, fordi det blir ikkje godt nok. Yanagihara har hatt hovudet på rett plass under skrivinga, og den hopper og danser mellom fortid og nåtid, og eg er sikker på at det er ein plan innimellom som eg ikkje har funnet. A Little Life er noko av det beste eg har lest på veldig lang tid, og eg håper den kjem på shortlist.

XOXO

Andre anmeldelser: Anne Nikoline, Linn, Monika og Stine.