Søk i denne bloggen

Viser innlegg med etiketten Kapittel. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Kapittel. Vis alle innlegg

søndag 20. september 2026

Kapittel 2026 | Springande oppdatering fredag og lørdag

Dette året har eg sikra meg! Festivalpass på earlybird-deal, feriedagar sikra og hotell rett neri gata. Det er noko eige med litteraturfestival i "eigen by" og eg skriver det i hermeteikn fordi eg bur ikkje i Stavanger (heretter kalt by'n), men den er min. Eg har tråla gate opp og gate ner sidan eg var lita, men kan svært få gatenamn. Fortel du meg kva du er ute etter, eller hvilken butikk kan eg enten vise deg eller "gå opp gata for deg med høgre og venstre".

Årets tema for festivalen er SEX så det kan bli kleint, morsomt og interessant!

Fredag 18. september

Stavanger-forfatter Tore Renberg har invitert mangeårig litteraturanmelder i Stavanger Aftenblad Steinar Sivertsen til sitt kontorbygg. Posten er kalt Hjemme hos Tore og på kulturkaféen No. 18 meiner Renberg at kulturlivet i Stavanger hadde vore annleis utan Sivertsen. Tore Renberg lurer i utgangspunktet på kva som har forma Sivertsen som lesar, men i altfor mange digresjonar blir samtalen heller eit reisebrev/oppramsing av hvilke personer Sivertsen kjenner. For meg som er interessert i bøkene og kva Sivertsen har gjort for kulturlivet blir det litt rart, men Renberg gjer så godt han kan. Det som slår meg er at Steinar Sivertsen er både ein belest og ein bereist mann. Renberg sier på eit tidspunkt at det er ikkje den forfattergrav i verda Sivertsen ikkje har besøkt. Sivertsen nemner høgtlesing gjort av si mor, og ei av dei første bøkene han husker er Robert Louis Stevensons Skatten på sjørøverøya. I den forbindelse nemner han fleire skotske forfattarar som Robert Burns og Sir Walter Scott. Eg skulle gjerne ha høyrt meir om kva Steinar Sivertsen har gjort for kulturlivet, for eg kan google Sivertsen og sjå at han har skrevet bokanmeldelser i fleire år og Renberg nemnte Kafé Sting som var ein kulturarena i Stavanger i nærmare 40 år.

Eg går i frå No. 18 og til Sølvberget for å sjå om eg rekker Thorvald Steens liv i lufta, stolen og skriften. Han skal samtale med doktorgradsstipendiat Anna Serafima Svendsen Kvam som nyleg har tatt doktorgrad og eg siterer frå Cappelen Damms nettside: I sin doktorgradsavhandling har hun undersøkt seks norske, selvbiografiske førstepersonsfortellinger (1950–2018) med utgangspunkt i funksjonshemning som historisk kategori og Kelly Olivers subjektivitetsteori. Her har ho som eg forstår blant anna lest bøker av Thorvald Steen. Det vart ein meget fin samtale om bøker, om dyr i forteljingane hans, om å vera avhengig av rullestolen og om kroniske sjukdommar. Thorvald Steen fortel blant anna at han har vore på Kapittel tidlegare som gåande og ståande, i dag takker han rullestolen for at han kan delta på Kapittel.

Eit par timar seinare går eg mot Stavanger domkyrkje for Kielland-foredraget. Det er eit foredrag som i år er 10 år og er eit samarbeid mellom Kapittel og Kielland-senteret. I år var det Thorvald Steen som hadde fått fire ord på e-post: Hvorfor er litteratur viktig? Det vart ein time med eit meget sterkt foredrag skrevet som eit brev til Alexander Kielland med utgangspunkt i artikler Kielland skreiv på slutten av 1880-talet. Kielland var kritisk til korleis ein behandler innbyggere med færrast ressurser som dei psykisk sjuke, og Steen er ikkje nådig då han, som Kielland, er ein stemme for dei svake og stemmelause. Thorvald Steen beskriver eit samfunn me har i dag som bygger ned sjukehus, som bygger ned hjelpen dei psykisk sjuke trenger og viktigheten av at behandling trenger lengre tid enn det den faktisk får i dag. I 1855 stod Gaustad sjukehus ferdig, det var eit av dei mest moderne sjukehusa i Europa i ei tid då Noreg var relativt fattig, og Steen trekker inn blant andre forfattaren Amalie Skram. Ho har vore innlagt på Gaustad i 1877-78 under namnet Amalie Müller, og romanane Professor Hieronimus og På St. Jørgen bygger på erfaringane frå Gaustad. Thorvald Steen har sjølv jobba på Gaustad sjukehus i mange år, og redigerte i 2005 jubileumsboka til Gaustad sjukehus. Eg håper at foredraget blir tilgjengelig enten i papir eller lyd slik at eg kan lese eller høyre det om igjen for dette var som sagt meget sterkt. Forfattaren Thorvald Steen rykker stadig framover i lesekøen!

Lørdag 19. september

Dagen rant opp med øs pøs regnvér som det passer seg i Sigbjørn Obstfelders fødeby, men innan eit par timer kom sola fram. På grunn av sjukdom blant festival-deltakere vart første post i dag Klassikerlørdag med Birger Emanuelsen og Janne Stigen Drangsholt der dei skulle snakka om Odysseen. Det vart 50 min med ei stadig veksande leseliste, ny inspirasjon til å faktisk lese ferdig Odysseen og mykje nikking til kva Odysseen faktisk kan vera om du er redd for å lese det som eit mektig epos. Eg må heim til min Peder Østbye-omsetjing, men Emily Wilson, Madeleine Miller og Pat Barker vart nemnt, og kvifor har eg ikkje lest Birger Emanuelsen. Eg trenger meir ferie for å faktisk få lest noko av alt dette!

Liten matpause før eit tre timer utsatt samtalen mellom Ketil Slagstad og Dag Johan Haugerud. Det ligger i blodet - Epidemien som forandret Norge har eg nyleg starta på i forbindelse med Sakprosaseptember, og nå ser eg fram til å lese vidare med denne samtalen i bakhodet. Samtalen er kalt Då aids kom til Norge og Dag Johan Haugerud er ærleg på at han har sett fram til denne samtalen fordi han har eit personleg forhold til Slagstads bok og husker då aids kom til Noreg. Han sier vidare at om du ikkje leser boka kun på grunn av temaet aids så er det og eit godt stykke samfunnshistorie med eit godt språk. Ketil Slagstad takker for det og han forklarer kvifor han skreiv boka. Det blir ein meget fin samtale om epidemier som kunne behandles, om stigmatisering, om kven som hadde skyld og skam og kven som fortener heder og ære for å løfte fram opplysning og lærdom om kva hiv og aids faktisk er. Boka til Slagstad ligger klar i Biblio-appen!

Linn Ullmann er ein forfattar eg veit om, men har lest svært få bøker av. Ho har vore på jakt etter ting ho har mista, og spesielt etter Stavanger-kunstner Frida Hansens 7,5 langt jomfruteppe. Foredraget om dei fem kloke og dei fem dårlige jomfruene vart til ti små foredrag om å miste, lete, bøker, og litt anna. Ullmann har vore i Italia fleire gonger for å leite, for korleis kan eit vevd teppe av den størrelsen bare forsvinne? Det blir spennande om det faktisk blir ei bok utav dette, eller om det blir bare ein morsom historie å ta med seg i livet.

Søndag 20. september

Hodet er litt slitent og metta, leselista har vokst betraktelig, minnene er med heim, og kofferten skal pakkes! Tusen takk til Kapittel-festivalen og Sølvberget for godt gjennomført festival, og eg gler meg til neste gong.

XOXO

fredag 18. september 2026

Kapittel 2026 | Springande oppdatering onsdag og torsdag

Dette året har eg sikra meg! Festivalpass på earlybird-deal, feriedagar sikra og hotell rett neri gata. Det er noko eige med litteraturfestival i "eigen by" og eg skriver det i hermeteikn fordi eg bur ikkje i Stavanger (heretter kalt by'n), men den er min. Eg har tråla gate opp og gate ner sidan eg var lita, men kan svært få gatenamn. Fortel du meg kva du er ute etter, eller hvilken butikk kan eg enten vise deg eller "gå opp gata for deg med høgre og venstre".

Årets tema for festivalen er SEX så det kan bli kleint, morsomt og interessant!

Torsdag 16. september

Eg har skrevet eit eige blogginnlegg om Siri Hustvedt-filmen for den prioriterte eg torsdag ettermiddag og angrer ikkje på det. Torsdag kveld var det tid for ein av mine favoritt-podcaster sitt live-show, Aftenbla-bla med Leif Tore Lindø, Jan Zahl og Janne Stigen Drangsholt i fast panel. Harald Birkevold var ikkje til stades, litt synd for eg lurer på om han er enten ein Zahl eller ein Lindø. I programmet står det: Aftenbla-bla: Sagaen om Isfolket og andre sex-sjokk fra ungdomstiden. Eg trur ikkje nokon i panelet skjuler sine kjensler for temaet så Leif Tore Lindø er klart ukomfortabel frå første sekund, Jan Zahl ser meget komfortabel ut, medan Janne Stigen Drangsholt er som alltid sliten. Ho har 4978 baller i lufta og har fleire poster på festivalen så for all del. Litt sliten ein torsdagskveld er lov. 

Latteren sitter laust i ein times tid (for disse folka held seg sjelden til 45 min), det blir fortalt korleis ein først vart kjent med temaet som tenåringer innan litteratur, Drangsholt nemner Romantikk og Zahl nemner Morgan Kane. Og her kjem me til det mest underhaldande på posten. Jan Zahl leser to passasjer frå Morgan Kane med innøvd Jo Nesbø-stemme og eg tuller ikkje når ein kunne høyrt ei knappenål falle. Eg siterer frå eiga notatblokk: Det hadde ikkje vore halvparten så smikkløye kun med lyd for Lindø er så ukomfortabel.

Eg har ofte lurt på om denne podcasten er for intern, at den kun passer for min del av landet, for tre ansatte frå Stavanger Aftenblad og ein litteraturprofessor på UiS er lokalt for min del. Samstundes tenker eg at det er heilt greit at her nere på sørvestlandet har me noko som er vårt. Det fins nok av podcaster som sier dei fokuserer på landet vårt, medan det i realiteten handler om Oslo.

Torsdag 17. september

Dagen renner opp med sidelengs regn, men kva gjer det når festivalen føregår inne. Min første post på programmet er Ytringsfrihetsbyen Stavanger: Banned Books. Maia Kobabe og Trine Skei Grande. Her blir det på godt jærsk STINN BRAKKE. Eg trur det var minst tre skoleklasser med tenåringer inne i rommet i tillegg til andre interesserte. Maia Kobabe er forfatteren bak den grafiske romanen Gender Queer og har vore den mest utfordra boka i USA tre år på rad. Romanen handler om skeiv ungdom og er Kobabes personlege historie. Kobabe fortel blant anna at i USA er intimitet på film/serie og i TV-spel høgare aldersmerka enn vold (Digresjon: Siri Hustvedt snakka i ein bisetning om sin roman, Memories of the Future, kor omslaget i USA er annleis enn i andre land fordi Hustvedt i utgangspunktet ville ha ei kvinne med synlege kjønnshår på omslaget, men det vart ikkje godtatt). Kobabe snakker om når blir ei bok for privat og tenker ein på at eigne foreldre/familiemedlemmer skal lese boka. Då fortalte Kobabe om bestemora si som hadde lest boka og kunne då fortelje barnebarnet sitt at då ho fekk mensen første gong var det ingen som hadde fortalt ho kva det var eller kva det gjekk ut på.

Maia Kobabe visste tidleg at boka kunne bli eit problem i USA. Dei første åra gjekk det veldig bra, ingen var imot boka, men ho fekk råd om å bli venn med nokon free speach-lawyers. I 2021 snudde det, då det vart politisk å forby bøker. Fleire og fleire skuledistrikt ønska ikkje at boka skulle vera tilgjengelig for skulebarna, og Kobabe kunne hatt det som heiltidsjobb å svare journalister i telefonen. Det interessante med denne forby bøker-debatten er at det er ikkje barna som forbyr bøker, det er vaksne. Vaksne som skal beskytte barna. Beskytte dei mot kva? Mot lærdom, mot personer som ikkje er som dei, mot personer som kanskje er som dei, men i det skjulte? Gender Queer er og den einaste boka som har vore i forbudsdebatter i Noreg, medan Anna Fiskes Hvordan lager man en baby? har blitt forbudt i andre land. Det har roa seg for Maia Kobabe, det er andre forfattarar som har tatt over førsteplassen, og dei har danna ein eigen organisasjon for utfordra forfattarar. Noko av det mest skremmande er kor mykje makt personer har. I USA har bibliotek stått i fare for å bli stengt fordi dei står imot oppfordringa om å ta vekk bøker frå hyllene. Dette er Maia Kobabes første tur til Europa, og ho hadde kanskje ikkje blitt invitert til Noreg om det ikkje hadde vore for utfordringane. Trine Skei Grandes siste ord: Read banned books!

Frå banned books til noko heilt anna: Kitty Kielland i sedelighetsdebattene med foredragsholder Inger M. Lund Gudmundson. Kitty Kielland var fødd i Stavanger, er søstra til borgermester og forfatter Alexander Kielland, og var ein del av borgerskapet i Stavanger. På 1880-talet budde Kitty Kielland store deler av tida i Paris og var god venn med blant andre Harriet Backer, Arne og Hulda Garborg, Jonas og Thomasine Lie, og kjente August Strindberg og Bjørnstjerne Bjørnson. Lange opphald i Paris var derimot ingen hindring for å delta i sedelighetsdebattene og var blant anna med å stifte Norsk Kvinnesaksforening i 1884. I Kristiania var det 8 offentlige bordeller og 16 private og prostitusjon var ein del av kvardagen. I dag kan ein himle med augo over dette, men det var eit faktum i 1880-årene at det var kun kvinner som vart sett ned på om dei hadde sex før ekteskapet, og kvinner hadde fleire juridiske rettar før ekteskapet enn etter. Det var og eit faktum at kvinner hadde ikkje seksualdrift, og viss dei hadde vart dei sett på som dyriske. Gudmundson nemner her den svensk-tyske
malerinnen Jeanna Bauck som i mange år levde i lag med den danske malerinnen Bertha Wegmann. To kvinner som budde i lag vart sett på som heilt greit fordi som nemnet kvinner hadde ikkje seksualdrift. Og igjen så himler ein med augo i 2026. Som ei i dag veit var det store debatter i Noreg. Hans Jæger vart dømt til 60 dager fengsel for romanen Kristiania-bohemen, og Christian Kroghs roman Albertine vart beslaglagt - ikkje for prostitusjonsbeskrivelsene, men for beskyldningene om politivold. Kitty Kielland var i utgangspunktet tilhenger av Albertine, men endra så meining til kor rein er Albertine? Ho stiller spørsmål ved kor reine skal kvinner vera i ekteskapet og kvifor snakker ingen om kva kvinner trenger? 45 min seinare og historietimen er over. Eg tenker at dette kan eg lesa meir om for det var interessant, men litt tørt for meg som knapt har lest om det tidlegare. Undrer meg og om det var eit poeng med foredraget som eg ikkje fant eller om eg gjekk glipp av noko viktig. Uansett, historisk interessant å høyre om korleis det var og korleis det ikkje trenger å bli igjen.

Vidare til neste post på programmet: Å skrive om de dødes liv. Hilde Hagerup og Tore Renberg i samtale med Sølvbergets Åsmund Ådnøy. Igjen stinn brakke for dette er vår eigen Tore Renberg. Eg har lest romanen Lungeflyteprøven og høyrt Renberg snakke om romanen fleire gonger, men det er fascinerande kor ulik samtalen om ein roman blir med ulike personer på scenen. Ådnøy starter med eit sitat frå Haisommer om at før dei vart spist så skulle dei hatt større båt, og i denne posten skulle hatt større båt evt rom. Tore Renberg har som nemnt skrevet om Anna Voigt i Lungeflyteprøven, medan Hilde Hagerup har skrevet om Gunvor Hofmo og Ruth Maier i Du eneste. Ådnøy siterer Oscar Wilde: "There is only one thing in the world worse than being talked about, and that is not being talked about." Hilde Hagerup ønska med sin roman at Ruth Maier ikkje skulle reduseras til Gunvor Hofmos jødiske kjærast, ho hadde eit eige liv og hadde ærefrykt for emnet. Begge er enige om at dei hadde ein etisk forpliktelse til emnene sine og at ein er ikkje like etisk i sin framstilling om ein skriver om personer som sjølv har valgt offentligheten. Det vart ein meget interessant post om å skrive med respekt, om korleis kvinner har blitt redusert til mannens herredømme i tidlegare tider, om at 1600-talet er forbaska utfordrande å skrive om fordi det er ofte ei avskåret tid og om det blir nok rom til fantasi-produsentane Hagerup og Renberg når ein sitjer med faktiske kjelder frå nokons liv? Tore Renberg er meget kritisk til dagens AI-samfunn og eg siterer: Disse menneskene i Lungeflyteprøven lever i en deilig analog verden. Blir det meir skriving om ekte mennesker, spør Ådnøy? Hagerup har ikkje gjort det før, men kan tenke seg å gjera det igjen. Renberg sitter med stoff som han er åleine om, og sier sjølv at det blir minst to romaner til om barokk-Tyskland. Han har nyleg kome ut med samtidsromanen Et livsforsøk og sukker litt når han sier det er blitt trivielt å skrive samtidsromaner. Ådnøy parerer med at Renberg har vel rekningar å betale slik som alle andre. Igjen, interessant post og ein går ut med litt meir i hodet enn då ein gjekk inn.

Neste post er ein eg har sett på med kritisk blikk og er om mogleg enda meir kritisk når eg går ut, for her kjem romance-forfatter Anne Louise Morseth med foredraget Frå Jane Austen til Heated Rivalry - hva er romance-litteratur, egentlig? Eg er ivrig lesar av Jane Austen og generelt gamle bøker. At nokon skal tulle med Jane Austen er faktisk ikkje greit, men eg vart oppfordra av min partner in crime, Marianne, om å møte på denne posten. Det første Morseth gjer er å lansere Jane Austen som verdas første rom-com-forfattar. Eg klikker innvendig. Ho nemner tre ting som er vanlege i romantiske komedier, og i forbifarten blir samfunnskritikk og vidd nemnt. Så har ho satt opp ei tidslinje som er morsom, men igjen dei klassiske romanane Pamela av Samuel Richardson og Stolthet og fordom av Jane Austen blir sett på som starten på den romantiske tidslinje. (Det må nemnes at eg har ikkje lest Richardsons nemnte roman.) Tidslinja ender med den store HBO-suksessen Heated Rivalry som er kun kjent for meg av omtale. Så kjem ein tirade om kritikk av romance/romantasy, at kritikk ikkje er ei ny greie (Wall Street Journal samanlikna romance med ein Big Mac i 1980), kva som er obligatoriske scener i ein romance (nei, eg kjem ikkje til å leite etter disse scenene når eg ser film eller leser romaner) og eg lurer heilt oppriktig på nå om Morseth faktisk har lest disse klassiske romanane. Så kjem det som irriterer meg grenselaust: Eit bilete av ei hand frå ein kjent film kjem på skjermen. Dei fleste i salen veit at det er Matthew Macfadyens hand frå 2005-versjonen av Stolthet og fordom. I klassiske romanar er det lite snakk om sex (eller spice som er eit begrep i dagens romance), men berøring med hender er klassisk. Så kjem sitatet: You have bewitched me body and soul and I love I love I love you. Det er ein klassisk scene frå nemnte film, sagt av Matthew Macfadyen, men Anne Louise Morseth namngir Colin Firth. Ikkje gi eit filmsitat til ein anna skodespelar, og i alle fall si hvilken film det kjem frå, for dette sitatet er ikkje i romanen frå 1811 og er totalt forskjellig frå Colin Firths sitat i 1995-versjonen. Eg høyres muligens ut som ei sur kjerring, men slikt irriterer meg! Eg vart ikkje mindre kritisk til Morseth og hennar foredrag og har oppfordra mine bokhandel-venner (dokk veit kven dokk er) om å "miste" Morseths bøker i vaskebøtta. Heldigvis fins det nok bøker i denne verda til at alle kan velge sine favoritter, og eg trenger ikkje lese Morsets andre bok (for eg brukte faktisk min dyrebare tid på den første boka).

Tomas og Jannes umulige lesesirkel har lest Demringen av Collette og er klar for å høyre kva Sølvberget-ansatt Tomas og UiS-professor Janne har så si om de franske romanen. Forordet i romanen sier at Collette skapte virkelighetslitteratur og at mykje i romanen stemmer med Collettes eige liv. Janne og Tomas gjer alltid denne lesesirkelen til noko interessant sjølv om ein ikkje syns noko særleg om romanen, og ein kjem alltid ut litt klokare. Kor elles ville eg ha høyrt frå Janne Stigen Drangsholt at Simone de Beauvoir aldri vart anerkjent som filosof i Frankrike, men som intellektuell. Og at Det annet kjønn har større anslag i Noreg enn i Frankrike. Då Collette døydde vart ho sett på som ein av dei største franske forfatterne, men eg har har aldri høyrt om ho før denne lesesirkelen. Er romanen modernistisk? På ein måte ja, meiner Janne fordi den handler om ei kvinne i 50-åra som er ferdig med sex, men i modernistisk kontekt så sliter den. Med andre ord, litt klokare på veg ut, og fleire bøker som må lesas. Nemnte de Beauvoir, men Deborah Levy har eit kapittel om Collette i si essay-samling The Position of Spoons og Selby Wynn Schwartz' After Sappho (norsk omsetjing 2026) handler om ulike historiske kvinner.

XOXO

søndag 24. september 2023

Kapittel 2023 #3


Reklame // Mottar pressepass

Fredag 21. september

For min del lite som skjer på Sølvberget før kl 16 så det blir ein roleg formiddag. Satt ei stund og las på ein kaffibar før eg traff Marianne. 

Ytringsfrihetsprisen gjekk i 2022 til Tsitsi Dangarembga og forfatter og omsetter Marjam Idriss var til stede på Sølvberget og fortalte om Dangarembgas liv og virke. Her skulle eg ønske eg hadde lest bøkene før eg høyrte foredraget. Idriss veksla mellom det eine og det andre, og det var lite informasjon om hvilken del ho snakka om nå. Konsentrasjonen måtte vera på topp, så bøkene får eg ta føre meg.

Rett ner i kjelleren for frykten for alderdommen er nær. Janne Stigen Drangsholt, Runar Bakken og Finn Vågå snakka om skilnaden mellom kvinner og menn i alderdommen, når er me gamle, når ser me gamle ut, og sjølvsagt har Drangsholt med seg ein stabel bøker når ho er på scenen. Fredag var stabelen representert med ein ny antologi, Aldring, Susan Sontags On Women og Joan Didions Blå kvelder.

Årets Kielland-foredrag er alltid interessant. Fredag var det stinn brakke på Møteplassen, og forfatter Pedro Carmona-Alvarez hadde fått fire ord i ein e-post: Hvorfor er litteratur viktig? Carmona-Alvarez seiler opp som ein forfatter eg må lese noko av, og han durte på i 45 min nesten utan å puste. Var du ikkje der så anbefaler eg deg å sjekke ut foredraget i linken her. Eg skal sjå det ein gong til og notere poeng eg likte og forfattere han nemner.

Så skulle ein jo tru at me er lei av å høyre Tore Renberg snakke om Lungeflyteprøven? Neida, me tar eit arrangement i kinosalen med stinn brakke og eit meget lydhøyrt publikum. Og det er interessant når det ikkje er same person kvar gong som bokbader. Første gong eg høyrte Renberg om denne boka var det skodespelar Nina Ellen Ødegård i Rogaland teater. Så snakka han litt om boka med Magnus Marsdal og Mimir Kristjansson. Fredag var det lektor og idéhistoriker Mie Hidle. Samtalene blir annleis kvar gong fordi bokbaderen har eit annleis utgangspunkt. Og akkurat som i Rogaland teater kan du høyre ei knappenål falle på golvet når Tore Renberg leser deler av brevet (nå har eg lest romanen så eg veit det er deler av det) Anna Voigt skriver til sin far. Hjerteskjærande, og med Tore Renbergs innlevelse blir det ikkje anna enn magisk!

Frå ein kinosal til ein anna og inn i forestillingen Hold kjeft, det er Ibsen! med Liv Gulbrandsen. Eg  ante ikkje kva eg gjekk til. Eg er inne i ein fascinasjon for Ibsen om dagen, og sluker alt med Ibsen rått. Liv Gulbrandsen har laga ein personleg forestilling med si bestemor i fokus og Ibsen ved sida av. Det var historier frå Gulbrandsens barndom, oppvekst, om bestemora, om søsknene til bestemor, om fattigdom og Theatercafeen, om leilighet frå Obos, og om bestemors besettelse for Ibsen. Liv Gulbrandsen var fem år då ho såg sitt første Ibsen-stykke, Hedda Gabler, på Nationaltheateret. Det kan diskuteras om akkurat det stykket var passande for ein fem-åring, men det gjorde inntrykk. Forestillingen var meget god, og me gjekk ut av Sølvberget glade og fornøgde.

Lørdag 23. september

Etter frokost tusla eg oppover bakken. Eg visste at ein bookstagrammer frå austlandet og var i området, og me hadde vore i same rom minst ein gong dagen før. Sandra/lesehjornet var på jobb for Ark bokhandel, og sidan eg var så tidleg ute tenkte eg ho muligens var i nærområdet. På grunn av skiftande ver hadde Ark rigga deler av festivalbokhandelen inne, og i gangen akkurat då eg tenkte på ho såg eg na. Ein klem, liten samtale, og den obligatoriske selfien til Instagram og vipps så hadde eg truffet ein til person som eg kun kjenner via sosiale medier.

Så kom det eg hadde gleda meg til. Helene Sandvig skulle vera på Møteplassen og snakke om når håpet svinner. Om alderdom og demens, og om si bok, og Arne Ruset har skrevet ein roman basert på sine pasienthistorier. Eg hadde med boka mi frå bokhylla som eg hadde grått mine modige tårer over, og håpte eg var modig nok til å spør om ein autograf. Kom tidlig inn, Helene Sandvig sitter på scenen med Ruset og Ingelin Tesdal og eg spør. Fortalte om mine modige tårer og eg fekk hilsen og signatur i boka. Samtalen vart både vanskelig og morsom, for faktum er at eldrebølgen skyller inn over landet, og demens blant både unge og eldre må snakkes om. Før det blir så gale at personen med demens ikkje aner kven du er eller kven hen er. Eg har hatt demens i nær familie, og håper i det lengste at det bare skal hoppe over meg.

Janne Stigen Drangsholts arrangement på Kapittel er alltid utsolgt. Enten ho er i fokus, samtalepartner eller leder for samtalen. Intet unntak då arrangementet om hennar nyaste bok, Winterferie, var i kjelleren. Fire minutter før det begynte dumpa eg ner på ein stol på tredje rad med ein god gjeng kvinner og menn i sin beste alder. Humørfylt samtale mellom Drangsholt og Leif Tore Lindø. Eg har ikkje humoren til Drangsholts bøker om Ingrid Winter, men det gjer ingenting når ho er på scenen. God stemning i salen og ein perfekt avslutning på festivalen.

For nå kjente eg at det var nok. Det var fleire poster utover dagen, men eg gjekk og åt sushi. Drakk kaffi. Sidan eg likevel skulle vera i by'n til dagen etter gjekk eg på kino. Det anbefales ikkje å sjå Agatha Christies Mord i Venezia viss du er lettskremt. Eg satt med hjerta i halsen i halvanna time, og eg virkelig hater å bli skremt. Etter lyden å dømme var eg ikkje den einaste som skvatt fleire gonger.

Festivalhelga er over for min del, og eg ser allerede fram til neste år!

XOXO

PS. På min instagram-profil @elidaleser ligger det eit høgdepunkt som heiter Kapittel-23. Kikk gjerne der om du vil sjå bilete og litt tekst frå ulike arrangement. DS.

fredag 22. september 2023

Kapittel 2023 #2


Reklame // Mottar pressepass

Torsdag 20. september

Morgonfuglen er tidleg oppe, to kopper kaffi, knekkebrød i lommen, avgårde med bussen til by'n. Frokost på hotellet før eg spaserer mot Sølvberget. Min partner in crime, Marianne, møter eg på Sølvberget og me setter kursen for dagens første post. Forfatter Anne B. Ragde har i fleire bøker skrevet om sitt forhold til si mor, og fjorårets utgivelse Muttra og meg er dagens samtaleemne med journalist Finn Vågå. Det blir ein interessant samtale om livet, døden, familie, tidlegare utgivelser, litteratur og reiser. Forholdet mellom Anne B. Ragde og hennar mor var meir prega av respekt enn kjærleik, og Ragde fortel opent at nokon gonger elsker ein ikkje sin forelder. Det finaste med samtalen var då Ragde fortalte at ho og mora kunne sitte i timevis på telefonen og snakke om ei bok dei begge hadde lest. Mora var Ragdes einaste samleser, og mora sa heller aldri eit vondt ord om dottera i litterær samanheng.

Pause i programmet. Lunsj, ein tur innom Løvås bruktbu før arrangement med forfatter Pedro Carmona-Alvarez.

Pedro Carmona-Alvarez har nyleg publisert romanen Chiquitita der både hans erfaringer, og mennesker han har møtt er vevd inn i hovudpersonen Marisol. Carmona-Alvarez er tydelig bevega då han fortel om sitt liv og når det blir for mykje for han styrer han samtalen inn på Marisol. Journalist Karin Haugen har gjort research og er innom fleire av hans tidlegare utgivelser. Chiquitita vart skrevet på eit par månader, men har låge i skuffen lenge utan at Carmona-Alvarez visste kva han skulle gjere med historien. Nå er den i bokform.

Rett vidare til kinosal 5 for fransk-marokkanske Leila Slimani. Hovudfokuset for samtalen med UiS-professor Brita Strand Rangnes var trilogien In the Country of Others der to av bøkene er publisert på norsk (usikker på om tredje bok er skrevet enda). Trilogien er Slimanis eigen familiehistorie frå Marokko og Frankrike. Eg har lest bøkene og kjente igjen mykje, men sitter igjen med ei kjensle av at eg gjekk glipp av noko likevel. Når tredje bok kjem ut har eg lyst til å lese trilogien om igjen.

Ettermiddagsknekken er gjeldande for både eg og Marianne, og kaffi må til.

Siste arrangement er Magnus Marsdal og Mimir Kristjansson med gjest Tore Renberg. Mimir og Marsdal har ein venstrevridd podcast der dei løyser verdsproblem, og det er høyst usikkert om problema vart løyst i går, men artig vart det. Fleire gode poeng, god samtale og tydelig at disse tre liker å vera i lag. God avslutning på første dag!

XOXO

PS. Kjappe oppdateringer finner du på snap (elidastan) og instagram (elidaleser). DS.

søndag 17. september 2023

Kapittel 2023 #1


Reklame // Mottar pressepass

Om kun få dagar er det tid for årets Kapittel-festival i Stavanger. I år er temaet HÅP og festivalen går føre seg frå 20.-24. september. Meir informasjon finner du HER!

Eg reiser inn til by'n torsdag morgon og håper å få med meg Anne B. Ragde i samtale om Muttra og meg. Elles på torsdag er samtalen med fransk-marokkanske Leila Slimani interessant, medan seinare prøver Mimir Kristjansson og Magnus Marsdal å løyse verdsproblemer. Fredag er det lunsjlesing, ytringsfrihetspris-utdeling, Kielland-foredrag, Tore Renberg og Ibsen.

Lørdag kjem det eg har venta på i ein månads tid. I 2018 las eg Helene Sandvigs bok om farens demens. Et kangsomt farvel står stolt i bokhylla mi, og planen er å ta den med til by'n og smile meg til signatur av Helene Sandvig. Du kan lese meir om kva eg syns i dette innlegget, men det rakna totalt for meg då eg las boka. Helene Sandvig skal snakke med forfatter og pensjonert geriatripsykiater Arne Ruset om når håpet svinner.

Ellers håper eg by'n byr på sol, mykje kaffi, gode samtaler og god litteratur. Velkommen til Stavanger på festival!

XOXO

søndag 25. september 2022

Kapittel 2022 #3


God morgen på siste dag i by'n!

Torsdag kveld og fredag morgon regna det i bøtter og spann, og eg sover dårleg i regn. Etter frokost letta veret, og når sola skin i Stavanger er livet herleg. Ein liten spasertur, innom Norli for å kikke på den nye biografien om dronning Elizabeth, kaffi og skravling med Ida før første post.

Lunsjlesing er ein måte å knytte namn til ansikt, og i dag var det Agnar Lirhus, Kjersti Anfinnsen og Per Petterson som las frå sine bøker. Skravling med Marianne før me gjekk i kjelleren og høyrte på Kjersti Anfinnsen i samtale med psykolog og spaltist i A-magasinet, Frode Thuen. Meget interessant samtale, og bøkene må lånes over helga. Så bar det oppover trappene for å få med seg Skeive linjer i norsk historie. Denne posten kunne med fordel vore langt betre. Når foredragsholder er meget nervøs, og i tillegg bruker Powerpoint-presentasjon går lufta litt ut av meg. Professor Hanne Marie Johansen kunne sitt fag, men det virka på meg som om ho ikkje hadde studert sine eigne notater eller korleis PPP virka.

Tok ein tidleg kveld med sushi.

Lørdag vakna eg til strålande sol, og morgonfuglen tok seg ein tur tilbake til Løvås bruktbu. Her fant eg fleire bøker eg vil lese, og kvar gong tenker eg at her må eg oftere. Første post på programmet var Selma Lønning Aarø i samtale med journalist Jan Zahl. Aarø er etter det eg forstår kjent for sin satiriske stil, og det må undersøkes over helga. Humoristisk og bra post. 

Bokhuset er i ei sidegate eit par minutt frå Sølvberget, og her held Pelikanen forlag til. I samarbeid med Kritikerlaget og Tekstallianse Vestlandet inviterte dei til Hva skal vi med kritikken? Kritikerne Thomas Helmich Pedersen og Kjetil Røed svarte på spørsmål og diskuterte med kulturredaktør og forfatter Thomas Espevik. Det vart ein forfriskande og interessant samtale med meiningssterke stemmer. 
- For mykje litteraturkritikk i avisene kontra kor mykje som blir lest?
- Korleis få ungdommen til å lese bøker?
- Er litteraturkritikken i fritt fall, eller har den vore det i mange årtier?
- Kva med kritikk av anna kultur enn litteratur?
- Skal bare dei store forfatterne få kritikk i avisene? Kva då med mindre forlag/debutanter?

Og sikkert meir som eg ikkje husker nå. Eg gjekk derifrå med sprett i beina, og eit ønske om å bidra i formidling av litteratur. Det tok si tid før me kom oss ut av Bokhuset så me tok kaffi og mat med dottera til Marianne før neste post, Mellom fiksjon og virkelighet.

Forfatter Mathias R. Samuelsen inviterte til samtale med Victoria Kielland, Selma Lønning Aarø og Janne Stigen Drangsholt om brotet mellom fiksjon og virkelighet. Dei har alle skrevet om autofiksjon eller eksofiksjon, altså fiksjonsbøker om kjente personer eller personer som likner tilsynelatende på forfatteren sjølv. Det vart ein lettbeint og interessant samtale, og står ut som noko av det betre på Kapittel.

Raskt bytte ned i kjelleren for Kritisk kvartett. Tidlegare nemnte Frode Helmich Pedersen hadde med seg sine faste makkere Eirik Vassenden og Carina E. Beddari samt gjestemakker Eivind Myklebust. Dei diskuterte Michel Houellebecqs Tilintetgjøre, Kjartan Fløgstads Habeas Corpus og Mathias Faldbakkens Stakkar. Underhaldande post. Rett opp igjen til Møteplassen for Fra ligging til legging. Samlivsterapeut Cathrin Sagen er gift med komiker Steinar Sagen. Dei møttes til samtale med psykolog Sissel Gran om temaet korleis overleve småbarnstida. Og viss du trudde at samlivet blir betre om den eine parten er samlivsterapeut så tar du skammelig feil. Morsom til dei grader, og når alle byr på seg sjølv blir det lattermildt.

Forfatter (eller eit kulturhus i seg sjølv) Tore Renberg og musiker Frank "Tønes" Tønnesen vart begge 50 år i år (i henholdsvis august og april) og dette ønska Kapittel å feira. Eg hadde ikkje billett, kun pressepass, og stod nærmest og tigga for å kome inn. Fekk beskjed om at eg då måtte stå bakerst - null problem (det var jo utsolgt og stinn brakke). Fekk kontrabeskjed ca 10 min seinare om ledig plass på galleriet, men takka nei. Eg stod meget godt bak, og hadde vegg å lene meg inntil. Det vart underhaldande timer med bokopplesing, god musikk, helsing frå Karl Ove Knausgård og samtale med Kari Slaatsveen. Eg må med skam melde at eg har kun lest to bøker frå Renberg, og skal ta med meg både bøkene (til begge) og musikken til Tønes utover i hausten.

I dag, søndag, skjer det og ting på programmet, men bydamen må ta med seg kofferten og toge heimover. På instakontoen elidaleser er det eit høgdepunkt og der ligger det bilete frå festivalen. 

Eg gler meg allerede til neste gong!

XOXO

fredag 23. september 2022

Kapittel 2022 #2


God morgon frå hotellrommet i Stavanger! 

Onsdag kveld tok eg sykkelen og tråkka til Bryne på Hulda-fest. Hulda Garborg er 160 år i år, og Garborgsenteret på Bryne er 10 år, så då var det fint med kake og gode diskusjoner. Foredraget med Helene Uri skulle i utgangspunktet ha vore i januar dette året, men på grunn av Covid vart det utsatt og satt i forbindelse med Kapittel. Helene Uri snakka om kvinner, menn og språk og ein heil del andre ting. For meg som nyleg har lest Uris bok Hvem sa hva? Kvinner, menn og språk var det ein del repetering, men i ein sal der 90% var kvinner vart det mykje risting på hodet av ting som er meget mannsdominert i språket. Etter ein pause satte Helene Uri seg i sofaen med forfatter Tharaniga Rajah og professor Janne Stigen Drangsholt for å diskutere Hulda Garborgs debutroman Et frit Forhold frå 1892. Det vart ein god diskusjon og romanen er tilgjengelig for lesing via Nasjonalbiblioteket (ekstern lenke).

Torsdag morgon tok eg toget innover til Stavanger, åt frokost, sjekka inn på hotellet og la frå meg kofferten. Nå var det på tide med festival i by'n! Første post vart bokprat om Den jødiske familien Glass. Journalist og forfatter Hadley Freeman visste at farmora hadde budd i Paris før Hitler kom til makta, og det vart ein historie med to verdskriger og ein familie i tre generasjoner. Eg leser lite frå og om krigen, men slektsforskeren i meg klør i fingrene etter å lese denne. Neste post vart lunsjlesing i Salongen. Forfatterne Jan Kjærstad, Erlend O. Nødtvedt og Thomas Marco Blatt las frå sine romaner En tid for å leve, Mordet på Henrik Ibsen og Vi kom fra Liverpool. Nødtvedt si bok har eg heime, og med hans bergensdialekt vart det meget godt lest.

Pause med litt mat og kaffi med Marianne, ein liten kikk innom festivalbokhandelen på plassen utføre Sølvberget og plutselig gjekk me på Ida Sagberg. Kjekt å treffe Ida som eg har snakka så mykje med på sosiale medier. Eg og Marianne tok oss ein spasertur oppover Pedersgata mot Løvås bruktbu, og her må eg tilbake ein anna dag. Innom hotellet for å skifte veske, og sette kofferten på rommet.

Kl 17 tok me turen tilbake til Salongen for å høyre Helene Uri. Ho kjem ut med ny bok i slutten av oktober, Håndbok i kjønnsnøytralt språk, og ga oss ein innføring i korleis bli meir bevisste språkbrukere. Det vart litt repetisjon for meg som høyrte ho kvelden før, men igjen i ein sal full av mennesker blir det så levande. Boka må leses!

Marianne hadde fått invitasjon til Gyldendals Forfatterene kommer, og eg fekk vera med. På Gaffel og Karaffel eit steinkast frå Fargegata fekk me først servert middag før innføring i hvilke bøker som kjem frå Gyldendal, også var det forfatterintervjuer. Journalist Hilde Sandvik intervjua Jenny Jordahl, Ørjan N. Karlsson, Are Sende Osen, Trude Marstein og Bent Høie. Mi leseliste blir ikkje mindre av slike kvelder, men det er eit luksusproblem.

Ein meget fin første dag i by'n! Eg legger ut bilete på instagram heile helga på elidaleser så stikk gjerne innom der.

XOXO

søndag 11. september 2022

Kapittel 2022 #1


Den store litterære festivalen i Stavanger er Kapittel-festivalen. I år blir det arrangert 21.-25. september, og eg skal tilbringe torsdag-søndag i by'n. Det er alltid interessant og spesielt kjekt for meg som kjenner Stavanger så godt. I tillegg er det luksus å sette meg på bussen, køyre ein halvtimes tid og vips er eg framme.

Temaet i år er BRUDD, og som alltid foregår det meste på Sølvberget.

Eg har lyst til å begynne med lunsjlesing torsdag. Då er det Jan Kjærstad, Erlend O. Nødtvedt og Thomas Marco Blatt som leser frå sine siste romaner. Kielland-salong seinere på ettermiddagen med Jan Kjærstad og Erlend O. Nødtvedt har eg og lyst til å få med meg. Den kenyanskfødde britisk-somaliske poeten Warsan Shire har tatt verda med storm med diktsamlinga Eg lærer mor mi å føde. Ho kjem til Kapittel som det siste arrangementet torsdag.

Fredag er det Kielland-foredraget med Karl Ove Knausgård som er trekkplasteret. Eg undrer meg over om det blir mogleg å koma inn der med pressepass når det nå står få billetter tilgjengelig, men eg tar ikkje sorgene på forskot. Før det skjer er det lunsjlesing og arrangement med Per Petterson på programmet. Sofi Oksanen er Nobelpris-vinner og ho er på eit arrangement seinare.

Lørdag har eg lyst til å få med meg Peter F. Strassegger og Mathias R. Samuelsen. Begge har skrevet bøker om egne bestefedres erfaringer frå andre verdskrig.

Heile programmet finner du HER!

Eg gler meg til Kapittel, og viss du er der ikkje ver redd for å si hei.

XOXO

tirsdag 5. oktober 2021

Kapittel 2021 | Litterært maraton


Eg har gleda meg til Kapittel sidan før sommaren, for er det noko eg har trengt det siste året så er det noko å gleda seg til. Feriedager vart avtalt, hotell bestilt, og dei siste dagane før Kapittel starta så var eg i ekstase. Eg trengte litteraturfestival så hardt etter 18 månader med restriksjoner, avlyste avtaler, digitale festivaler og what not. Kven var det egentlig som fant på at digitale festivaler er gøy? Eg syns det er så keisamt, og eg følger aldri med på digitale festivaler. Då gjer eg alt anna istadenfor. Så over til dette årets Kapittel, og kva eg gjorde dei dagane på festival.

Torsdag 23. september

Regn i alle baugar og kantar, busser inn til byen (for det er bare ein by i dette landet), eg får hotellrom før kl 10 om morgonen, og sjekker ut dagens program (som eg nesten kunne utenat).
Kl 13 i Salongen i fjerde etasje var det lunsjlesing med finsk-svenske Kjell Westö, svenske Elisabeth Åsbrink og norske Lars Amund Vaage. Så deilig å endelig vera i eit rom med andre litteratur-interesserte og høyre forfattere lese frå sine bøker. Elisabeth Åsbrinks Forlattheten gjekk rett inn på mi leseliste.
Allerede hôl i programmet, så eg og Marianne fekk oppdatert kvarandre over kaffi. Superhyggelig og min evige sparringpartner <3
Kl 16 i Kjelleren var det tid for posten Okkupert hjemland med professor i akuttmedisin Mads Gilbert og poet og tidlegare fribyforfattar Selma M. Yonus. Det vart ein samtale om krig, okkupasjon, sorg, skriving og nydelig lesing på arabisk. Diktsamlingen Vuggesang for liten kriger blir gitt ut i Noreg på norsk og arabisk, og den må eg lese.
Kl 17 var det opp i Salongen igjen for å høyre om litteratur frå ein pandemi. Kolon forlag inviterte fleire forfattere til å skrive eit stykke om deira forhold til pandemien, og resultatet vart Logg. 12. mars - 1. mai-2020. Det vart tre kvarter med mykje latter, gjenkjennande nikk og ei opplesing som gjorde at når publikum flirte (inkludert eg og Marianne) så mista forfatter Karoline Brændjord heilt maska. Gunnhild Øyehaug og Kjersti Rorgemoen deltok og i samtalen. Første spørsmål frå moderator Guttorm Andreassen var såklart Kva gjorde du 12. mars-2020? og det kom fram at forfattere er vant til heimekontor, men ikkje at heile familien/evt kollektivet er heime samstundes.
Kl 18 var det på ny ned i Kjelleren for å høyre Sumaya Jirde Ali (som steppa inn for Gormans omsetjar Marjam Idriss), Pedro Carmona-Alvarez og Henning Bergsvåg snakke om politisk poesi. Det som slo ned i meg var at dei totalt slakta Amanda Gormans dikt frå presidentinnsettelsen i januar. I etterkant har eg lest det på ny og innser at dei har eit poeng. Diktet passa inn i settingen rundt innsettelsen, men tar du det ut av konteksten er det ikkje spesielt bra, syns dei.
Kl 19 var det opp i Salongen og hjemmets lune rede med Janne Stigen Drangsholt, Therese G. Eide og Hanne Sigbjørnsen. Dei to sistnemnte er kjente teikneserieskapere under namnene Tegnehanne og Intet nytt fra hjemmefronten. Festlige 45 min med snakk om pandemi, korleis overleve med familie på heimekontor og mykje kos.
Kl 20 var det ned på Møteplassen i 1. etasje for å høyre den tyske samtidsforfatteren Judith Hermann. Ho er aktuell med den kritikerroste romanen Der hjemme og samtalte med Peter Strassegger på tysk. Det var ein tolk til stede, og eg må si at akkurat det var det verste med heile samtalen. For meg fungerte det absolutt ikkje, og eg fulgte ikkje med i det heile tatt.
Fredag 24. september

Eg og Marianne venter på Kielland-foredraget. Då me såg fotografen sa eg til Marianne at nå må me sjå intelligente ut. Eg hadde aldri drømt om at me skulle bli fotografert og lagt ut på Kapittels Facebook-side.

Ny dag, nye litterære kapitler! I dag trente eg frå 7-8, og det var litt av ei kjensle å låse seg inn på eit tomt treningsrom. Følte meg som den superstjerna! Etterpå var det dusj og god frokost før dagen starta for alvor. Formiddagen brukte eg på Sølvbergets YouTube-kanal der eg såg ein post med Helga Flatland før eg satte kursen for Sølvberget.
Kl 13 i Salongen var det lunsjlesing med Monica Isakstuen og Simon Stranger. Dei las frå sine nye bøker Mine venner og 304 dager. Eg har lest lite og ingenting av begge forfatterne, men sistnemnte bok ønsker eg å lese.
Hôl i programmet i dag og, så det vart det ein samtale i biblioteket på meg og Marianne. Når ein har bøker har ein alltid noko å snakke om, og som oftest havner samtalen innpå alt anna og.
Kl 15 var det ned i Kjelleren med temaet Karikaturenes kraft. Erle Marie Sørheim har laga ei bok som heiter Karikaturenes historie og den virker superinteressant. Etter fleire hendingar med serieskapere er til og med Sørheim forsiktig med kva ho teikner. I denne boka har ho til dømes ikkje teikna profeten fordi boka kan kome ut i verda.
Nytt hôl og nå var det på tide med kaffi hjå Renaa.
Kl. 17 var det på nytt i Kjelleren med Hilde Østby og foredraget Kart over ensomheten. I det som skal bli bok utforsker Østby ein av våre største helseutfordringar i moderne tid, nemlig ensomhet. Østby fortalte at ensomhet dreper eit menneske kjappere enn 15 sigaretter, og at pandemi trenger ikkje vera heile årsaken, men kan vera ein trigger. Ei bok eg har veldig lyst til å lesa når den kjem ut.
Kl 18 var det tid for Kielland-foredraget i Kinosal 1. Dette året var det poeten og samfunnsdebattanten Sumaya Jirde Ali. I introduksjonen vart det sagt at det var første gong festivalen hadde fløyet inn årets foredragsholder på ungdomsbillett. Jirde Ali snakka om det å bli ein lesar og litteraturens betydning for ho som menneske. Denne dama må eg lese meir av.
Kl 19 var det ned i Kjelleren igjen for å høyre Monica Isakstuen og Pia Tjelta i samtale med Janne Stigen Drangsholt om vanskelege vennskap. Med utgangspunkt i Isakstuens roman Mine venner snakker dei om temaet, og kor vanskeleg det er å slå opp med ei venninne.
Då var mitt program over for fredag. Stuptrøtt og skrubbsvolten forlater eg Sølvberget.

Lørdag 25. september

Marianne melder seg sjuk, og eg inntar rolla som i filmversjon skal bli kalt Ho med den grå jakken som føyk forbi.
Kl 11 i Kjelleren høyrte eg på Odd Kristian 'Kian' Reme i samtale med journalist Odd Karsten Tveit om Kielland-ulukka i 1980. Reme har søkt etter svar på Kielland-ulukka i førti år fordi hans bror omkom i ulukka. Eg var ikkje fødd i 1980, og såvidt høyrt om den heime. Mine foreldre var ikkje opptatt av olje og industri så det var lite snakk om den. Det er skremmande og interessant at så mange ting ikkje blir undersøkt i forbindelse med ulukka så eg håper det blir gjort meir for dei etterlatte.
Kl 12 i Kinosal 1 var det tid for eit av høgdepunkta eg har gleda meg til: Den amerikanske drømmen med Thomas Seltzer. Halvanna time med snakk om den amerikanske draumen, korleis USA har blitt slik det er, om TV-serien UXA, og om den skremmande utviklinga innan økonomi og velferd i The Land of the Free. Eg digger Thomas Seltzer, og TV-serien og please kan eg få vera med han på tur? Det er meininga han skal lage bok, og den må eg lese.
Kl 14 i Møteplassen i 1. etasje var det samtale mellom Nora Krug, Bart van Es og Simon Stranger om deira felles forståing og skriving for krigshistorie. Nora Krug har laga ei nydelig bok, Heimat, om sin families deltakelse under andre verdskrig medan Bart van Es har skrevet Jenta i minneboken om ei jente som levde i skjul hjå familiemedlemmer av ham. Det vart ein interessant samtale om krigen, om hemmeligheter og om korleis hjelpe minnene å kome fram i lyset.
Kl 15 var det opp i tredje etasje i Klasserommet for å høyre om det mørke Tyskland. Astrid Sverresdotter Dypvik er Tyskland-kjenner og har skrevet bok om høgreekstremisme i Tyskland. Eg var faktisk ikkje klar over at det var så ille med politisk polarisering og flyktningkrise før møtet med Dypvik. Tyskland hadde kansler-val dagen etter, så det kan bli endringar i landet.
Kl 16 var det ICORN-foredrag i Kinosal 1. Eg siterer frå Wikipedia: ICORN – International Cities of Refuge Network er det internasjonale fribynettverket som ble etablert for å tilby forfulgte forfattere, journalister og kunstnere et fristed, eller en friby, hvor de skal kunne skrive og uttrykke seg fritt, uten å frykte for å bli sensurert eller kneblet. ICORN formidler forfattere til fribyene, og bidrar til kommunikasjon mellom fribyene og forfatterne som til enhver tid er en del av nettverket. I år var det Anne Applebaum som var årets foredragsholder med boka Demokratiets svanesang som bakteppe. Foredraget vart vist digitalt, men dessverre fenga det ikkje meg i det heile tatt. Eg gjekk før det var ferdig (unnskyld til dei i kinosalen eg forstyrra då eg gjekk ut).
Kl 17 var det tilbake i Klasserommet med Janne Stigen Drangsholt og Therese G. Eide. Disse damene er det nå tredje gong eg ser med boka Fra Shakespeare til Knausgård og denne gongen er det om Kapittel-temaet Hjem. Kva betyr heim i litteraturen og hvilke forfattere har skrevet om temaet? Det interessante var at menn ikkje likte at kvinner las litteratur for kvufor i all verda skulle dei det? Dei kunne jo få idear som ikkje var bra for dei. Meget bra!
Kl 18 var det ned på Møteplassen for å høyre Tove Nilsen og Madeleine Schultz i samtale med Hilde Østby. Temaet her var morslinjer, og Nilsen og Schultz las frå sine nye bøker Om moderskap og Morslinjer. Det vart snakk om det å vera mor, om vold i heimen og om kvinnekamp. Det å vera vitne til ein prat om morskap i to generasjoner var så fint, og fordi Tove Nilsen og Madeleine Schultz kjente kvarandre frå før vart det nærere på ein måte.
Kl 19 var det ned i Kjelleren for å høyre Åsa Linderborg i samtale med Tore Rem. Linderborg er mest kjent for boka Meg eier ingen, og har fronta #metoo-saken i Sverige. Boka Året med 13 måneder er ei dagbok frå hausten 2017 til hausten 2018 og snakker om det som skjedde i Linderborgs personlige liv. Rem var ein god lytter og det vart heilt klart at #metoo-saken var større i Sverige enn her heime. Eg har begynt på boka, og syns den er interessant.
Kl 20 var det tilbake til Møteplassen for å høyre forfatter Lena Andersson i samtale med Brita Strand Rangnes om sine romaner. Eg har ikkje lest noko av Andersson, men utover hausten og vinteren kan det bli aktuelt. Lena Andersson skriver om den sosialdemokratiske ideen om Folkhemmet og korleis den er sakte i oppløysing. Interessant samtale!
Og medan Andersson og Rangnes snakka saman fôr rakettene i Stavanger i lufta. Gjenopninga var i gang frå kl 16 - sjølv gjekk eg og la meg med lydene frå Klubbgata sivende inn vindauget.

Søndag 26. september

Stille morgon i byen, eg går på trening, eter frokost, pakker saman rommet mitt og går ut. Tar med kofferten min og rusler mot Sølvberget. På trappa ved Kanelsnurren kjem eg nok ein gong i snakk med den kjekke jenta som jobber i bokhandel-bunkeren og me har ein meget fin samtale om alt og ingenting.
Kl 13 var det ned i Kjelleren for årets siste Kapittel-post. På scenen satt Tore Rem i samtale med Tom Hetland, og temaet er kong Olav V. Dagen etter kom Rems andre bind om kong Olav ut i bokhandlerne, Krigeren, og eg gler meg til biblioteket får den inn. Eg trur eg drog ned gjennomsnittsalderen på den posten for her var det mykje grå hår. Når du innser etter ca ein halvtime at du sitter og nikker til omtrent alt Tore Rem sier så sier det seg sjølv at du har lest, høyrt og sett ein del om kongelege tidlegare.
Så var Kapittel over, og mi veke som utsendt snapliotekar på festival var slutt. Eg koste meg noko aldeles skrekkelig, og gler meg allerede til neste år.

XOXO

fredag 27. september 2019

Kapittel 2019 - Tanker og oppsummering i etterkant


God helg folkens!

Kapittel-festivalen er over for denne gong, og det slår meg igjen den vitamininnsprøytninga eg får ved å ta inn på hotell. Det trenger ikkje vera så langt til hotellet (Stavanger er bare ein liten halvtime unna heimen min), men for ein avslappande følelse eg får når eg vandrer inn på eit hotell. Og Thon Stavanger får full pott hjå meg. Fint og reint rom, hyggelig betjening, meget god frokost og denne gong hadde eg selskap til frokost. Det har eg ikkje alltid. Og det betyr ikkje så mykje for meg som liker å ete aleine, men det er gull verdt dei få gongene det skjer.

Fredag 20. september

Kapittel 2019 begynte onsdag førre veke. Då var eg på jobb, men streaming på Facebook gjorde at eg fekk sett ein post både onsdag og torsdag. Fredag var eg tidlig oppe, og eg var i Stavanger i 10-tida. Kofferten satte eg ifrå meg på hotellet og møtte Marianne (link til bloggen hennar) på Norli (så klart). Eg hadde sett meg ut ein post med Agnes Ravatn kl 14 så før det hadde me ein hyggelig kaffekopp på Ostehuset (med nyinnkjøpt Morgenbladet som førte til at då eg kom heim søndag teikna eg nytt abonnement).
Kl. 14 satt me i eit lite rom i 4. etasje med forfatter Agnes Ravatn og forfattar og psykolog Peter Strassegger på scenen. God samtale om livet på landet, skriving og om bøkene hennar. Essaysamlinga Verda er ein skandale (som var tittelen på posten) kom ut i 2017, og den nye boka, Dei sju dørene, kom ut førre veke. Meget god bok som eg har skrevet om lenger nede, og som eg nå har kjøpt signert. Motivasjonen fôr skyhøgt då Ravatn gjenkjente meg som bokblogger, og sa at bokbloggere fyller eit tomrom og at me leser djupare og betre enn andre anmeldere. Liker liker!
Kl. 16 satt me i kinosal 6 og høyrte forfatterne Ruth Lillegraven, Anders Bortne og Birger Emanuelsen i samtale med språkekspert Helene Uri om eit i utgangspunktet litt tørt tema. Saken er at alle tre forfatterne har vore taleskrivere for politikere, men det som ein skulle tru vart keisamt vart i stedet ein energiboost. Dei tre i samtale med Uri var morsomme, underhaldande, dei haldt på publikum og såg ut til å hygge seg i kvarandres selskap.
Kl. 18 var det tid for Kielland-foredraget og forfatter Johan Harstad hadde fått i oppgåve å snakke om Hvorfor er litteratur viktig? Det vart ein god time med morsomme poeng, mykje latter og ein forfatter i sitt ess. Note to self: Lese Harstad!
Kl. 1930 var me på plass på Bøker og Børst i Fargegata der Ida Hegazi Høyer las eit utdrag frå si nye bok (som ikkje har kome ut) Ene | Barnet medan Agnes Ravatn las frå Dei sju dørene. Begge var gode til å lese for forsamling! Etterpå kom fleire utenbys bokbloggere og bordet vårt vart fullt. Meget god førstedag!

Laurdag 21. september

Laurdag opprant med sol frå klar himmel (meget ulikt uvêret me hadde i fjor) og Marianne hadde lovt oss eit besøk i bruktbokhandelen Løvås bruktbu. Her må alle bokelskere innom, og eg må garantert innom fleire gonger. Ca kl 13 møttes bokbloggerne til diskusjon og quiz. Gode diskusjoner og litt vanskelig quiz i det beste selskapet. Etterpå vart det sein lunsj på Ostehuset.
Kl. 16 var fleire på plass på Sølvberget igjen for å høyre om Menn som ingen trenger. Marta Breen hadde med seg Niels Christian Geelmuyden, Josefin Olevik og Linn Strømsborg på scenen. Dei snakka om korleis forplantningsmønsteret og familiestrukturen har endra seg drastisk dei siste tiåra.
Kl. 17 hamna me i kjellaren under Kroppsdel-panel der hendene og fingrene var i fokus. Forfatter Janne Stigen Drangsholt hadde fått med seg biolog Åsmund H. Eikenes og forfatterne Gunstein Bakke og Monica Isakstuen. Det mest komiske i denne posten var då Eikenes sa at utanom tommelen så har ikkje dei andre åtte fingrene muskler. Plutselig begynte heile panelet og fleire i salen å bevege på handa og fingrene. Veldig festlig!
Innom på hotellet for eit kjapt klesskift! Hotellet blir ikkje mykje brukt, men så deilig å ha det tilgjengelig.
Kl. 19 var me i kjellaren igjen der Marta Breen samtalte med forfatterne Dorthe Nors og Nina Lykke om mørk humor. Ein morsom time med to uhøytidelige forfattere som skriver skarpt om kvinner midt i livet, som gjerne blir usynliggjort i samfunnet (fritt sitert frå Kapittel-programmet).
Kvelden vart avslutta på Olivia på torget med eit glass vin, pasta i store mengder og gode samtaler. Vitamininnsprøytning deluxe!

Søndag 22. september

Festivalen har litt program på søndager og, men hodet er slitent. Frokosten varte i timevis i godt selskap, tvangslesing (vart ikkje lest så mykje) vart avtalt og gjennomført på Starbucks Domkirkeplassen (veldig gode stoler og kaffi) og heimreisen gjekk knirkefritt. Deilig å kome nesten til døra på eiga hand (utan å måtte ringe mor som eg gjorde i fjor). System overload i hodet derfor måtte dette innlegget vente til i dag. På Instagram (@elidaleser) er det ein story frå Kapittel-19 med bilete frå dei postane eg var på :-)

Takk for ein god festival i finvêret, Kapittel. Håper me ses til neste år!

XOXO

PS. Silje har laga ein YouTube-video med stemningsbilete og film frå Stavanger. Verdt å sjå!

mandag 16. september 2019

Kapittel 19 og bokbloggtreff


Om to dager er det tid for Kapittel-festival i Stavanger og eg skal i år som i fjor ligge på hotell i byen og treffe bokbloggere. Innimellom skravling er det visse programposter eg har lyst å få med meg og eg har fått fri heile fredagen så så snart eg er oppe og hopper på fredag så busser eg inn til byen.

Temaet i år er Kropp og det kan bli interessant!

Fredag har eg lyst til å få med meg Agnes Ravatn kl 14, og Språkets makt kl 16. Lørdag er det klassikerlørdag kl 12 og elles er eg open for det meste. Eg er egentlig ikkje glad i å kikke på festivalprogram på nett så eg håper eg finner fleire interessante ting når eg får has på papirutgåva.

Uansett så gler eg meg til å treffe dei bloggerne/instagrammerne/youtuberne og nesten heile Snaplioteket som kjem til Stavanger til helga. Eg er quizmaster dette året og har muligens laga ein litt vanskelig quiz, men det er spørsmål eg kunne svart på så eg håper dei som skal svare er like smarte som meg. I fjor var det eit hekkans vêr den helga Kapittel var så det kan umogleg bli verre enn det var då. Gummistøvler gidder eg ikkje dette året så vêret får bare halde seg nokonlunde greit.

Heile programmet frå onsdag til søndag finner du HER!

XOXO

søndag 16. september 2018

Kapittel 2018 og bokbloggertreff


Litteraturfestivalen Kapittel har blitt arrangert i Stavanger sidan 1995. I år er datoene 19.-23. september og eg skal inn til byen etter jobb fredag. Temaet i år er Samhald, og eg ser fram til å bevege meg rundt i ein by eg kjenner veldig godt (sjølv om Oslo og er meget kjent etter nokre år fram og tilbake).

Bokbloggertreffet går av stabelen lørdag, men innimellom skal eg nok få med meg nokon programposter. Fredag ettermiddag kjem det an på når eg kjem inn til byen (er ferdig på jobb kl. 15), men 16.30 skal Jan Inge Sørbø halde foredrag om Nynorsk litteraturhistorie og det hadde vore interessant å fått med seg.

Lørdag renner opp med frokost på hotellet, og det viktigaste denne dagen er sjølvsagt bokbloggertreffet. Eg snakka med sjefen i bokhandelen min (ja, den er veldig min og sjefen veit kva eg snakker om) her ein dag og fortalte om første treffet der me alle sneik oss inn som redde mus i lokalet for ingen visste eigentleg korleis me såg ut, medan året etter var det meir klemming og løssluppen stemning. Nå er det omtrent vennetreff og det gleder meg. Bokbloggertreffet har fått låne lokaler på Sølvberget lørdag ettermiddag og då har me god anledning til å få med oss nokre poster. Eg ser med interesse på Lars Lillo-Stenbergs post om Nini, men det krasjer og med klassikarlaurdag. Gertrude Stein sitt hovudverk The Autobiography of Alice B. Toklas er ute i ny norsk språkdrakt og eg las den tidlegare i år.

Kl. 16 er det tid for utdelinga av Bokbloggerprisen, og sidan me står i programmet håper me sjølvsagt på fleire interesserte. Olaug Nilssen og Zeshan Shakar er nominerte i klassen Årets roman, og me deler og ut pris i klassen Åpen klasse. Velkommen til alle!

Søndag er heimreisedag, men for meg som for første gong ikkje skal rekke eit fly har eg dagen til disposisjon så lenge eg gidder. Eg har allerede avtalt med mor om henting når det passer meg for toget frå Stavanger går bare så langt, og buss har ingen høyrt om på søndager i distrikts-Noreg :-/ Bokbloggere finner sikkert på noko sprell på søndager og :-)

Det som eg ikkje får med meg er programposten Kva er ein klassiker? onsdag,men med jobb dagen etter og dårlig kollektivtrafikk så seier det stopp. Torsdag skal Tor Bomann-Larsen holda foredrag med utgangspunkt i hans Haakon og Maud-biografiserie, men eg får nøye meg med å lese ferdig serien også har eg faktisk høyrt han under nå nedlagte Oslo Bokfestival eit anna år.

Eg gler meg både til Kapittel og til å treffe andre bokbloggere, men mest av alt til å bare ta med meg kofferten på jobb fredag morgon og suse rett inn til byen uten å tenke på fly og Gardermoen for ein gongs skuld :-)

Heile programmet finner du HER!

XOXO