Søk i denne bloggen

Viser innlegg med etiketten Nora Roberts. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Nora Roberts. Vis alle innlegg

søndag 10. februar 2019

Bøker: "Bride Quartet" av Nora Roberts

Den amerikanske forfatteren Nora Roberts (f. 1950) har vore ein bestselgande forfattar i mange år, og eg har lese ein heil bøker ført i pennen av Roberts. For meg er ho best kjent som forfatter av trilogier, og då er det gjerne søsken som ender opp i romantikkens teikn. Ofte er bøkene ispedd gammal mystikk, og gjerne frå Irland. I mange år trudde eg faktisk Roberts var frå Irland. Dei fleste bøkene eg har lest av Nora Roberts er av den romantiske sorten, og dette er mine guilty pleasures. Når leselysten er på synkande grunn, synker eg ned i sofaen med ein eller fleire av disse bøkene og koser meg skikkelig. Bride Quartet har eg høyrt på lydbok for nokre år sidan, og det var veldig kjekt med eit gjensyn. Eg liker spesielt godt første boka, og eg trur du vil skjønne kvifor.


Bride Quartet består av bøkene Vision in White, Bed of Roses, Savor the Moment og Happy Ever After. Første gong eg las bøkene syns eg dei var superromantiske og heile det klisset, og det var først nå eg la merke til det opplagte i historiene. Opposites attract er det noko som heiter, og i disse bøkene er det akkurat det som er greia. Eg garanterer ikkje at det ikkje vil vera spoilers i dette innlegget, så viss du tenker å lese dei utan å vite kven som får kvarandre burde du stoppe nå! 

Parker Brown, of the Connecticut Browns, og hennar storebror, Delaney, mista begge foreldrene i eit flykrasj for nokre år sidan. Ikkje lenge etter starta Parker bryllups- og eventbyrået Vows med sine tre bestevenninner, Mackenzie Elliott, Emmaline Grant og Laurel McBane. Del flytta ut av huset, Laurel flytta inn, og Mackenzie og Emmaline fekk kvar sitt ombygde hus og arbeidsplass på eigedomen. Dei fire bøkene går over eitt år, og i løpet av det året får alle jentene kvar sin mann, og starter sine eigne bryllupsførebuingar.

I første bok, Vision in White, er det fotografen Mackenzie som er i fokus. Ho har ei trøblete fortid med skilte foreldre og ei mor som trur ho kan gjere som ho vil. Kvar gong mora gjer som ho vil går Mackenzie i kjelleren. Heilt til dagen ho møter Carter Maguire. Han er litteraturprofessor, siterer To Kill a Mockingbird (kor kan eg finna ein slik?), er klossete som få og vinner Mackenzies brukne hjerte. Men sjølvsagt ikkje utan ein viss form for misforståelser og Mackenzies redsel for ekteskapet. Gjennom fire bøker er det det to eg liker best! I andre bok, Bed of Roses, er det blomsterdekoratøren Emmaline Grant som er i fokus. Ho bur i det ombygde badehuset med leilighet oppe og arbeidsstad nede. Emmaline er av den romantiske sorten med sine forelska foreldre og blomster i alle kriker og kroker. Arkitekten Jack Cooke er ein kamerat av Delaney og gjorde dei fleste endringane på eigedomen då eventbyrået starta. Han har skilte foreldre, liker å ha ting på sin måte og er nok litt som Mackenzie. Klarer Emma å snu hodet på Jack og få den lukkelege slutten foreldrene hennar ennå lever i? I tredje bok, Savor the Moment, er det bakeren og dessertmakeren Laurel McBane som er i fokus. Hennar fortid består av ein far som snylta på skatten og stakk av frå heile opplegget, og Laurel er vant med å kjempe for kvar krone. Då Parker og Delaneys foreldre døde avlyste Laurel planen om Paris og vart igjen hjå søskenparet. Laurel har vore forelska i Delaney sidan for alltid omtrent, men det blir ikkje lett når den rike og velståande advokaten Delaney Brown går ut med Laurel McBane. Det har alle ei meining om, men igjen seirer kjærleiken. I fjerde bok, Happy Ever After, er det Parker Brown som er i fokus. Ho styrer det meste av detaljer rundt bryllupene og er på telefonen 24/7. Tidlegare i bøkene har me blitt kjent med bilmekanikeren Malcolm Kavanaugh som er ein kamerat av Delaney. Han er tidlegare stuntmann, har såre barndomshistorier og er akkurat det Parker trenger i livet.

Er du framleis med? Som du sikkert har skjønt ligger disse historiene ganske tett på meg, og eg leste ferdig fjerde boka i ettermiddag. For å fange opp igjen oppsites attract er dette fire kvinner som kvar møter ein mann som er totalt ulik seg sjølv: Fotografen og professoren, blomsterdekoratøren og arkitekten, dessertmakeren og advokaten, og planleggeren og bilmekanikeren. Eg legger ikkje skjul på at det er det romantiske som trigger meg i disse bøkene, og når eg tenker meg om så er det akkurat det eg ser etter i andre bøker og. Mine favorittbøker av den eldre sorten er Jane Eyre, Persuasion, Our Mutual Friend, Sense and Sensibility og sikkert fleire eg ikkje husker akkurat nå. Ser du eit mønster her? Trenger du noko lett og ledig, begynn med Vision in White så ses me i andre enden.

| Utgitt: 2009-2010 | Format: Kindle, ca 350 sider pr bok | Forlag: Berkley Books | 

XOXO

tirsdag 29. mai 2012

Samleomtale #3

3 bøker som er gode på kvar sin måte, men som ikkje nødvendigvis treng sin eigen omtale.



Tittel: The Last Boyfriend (Inn Boonsboro Trilogy #2)
Forfatter: Nora Roberts
Utgitt: 2012
Format: Kindle
Forlag: Penguin
Diverse: #3 kjem ut i november

Baksidetekst: Owen is the organizer of the Montgomery clan, running the family's construction business with an iron fist - and an even less flexible spreadsheet. And though his brothers bust on his compulsive list-making, the Inn BoonsBoro is about to open right on schedule. The only thing Owen didn't plan for was Avery McTavish. Avery's popular pizza place is right across the street from the inn, giving her a first-hand look at its amazing renovation - and a newfound appreciation for Owen. Since he was her first boyfriend when they were kids, Owen has never been far from Avery's thoughts. But the attraction she's feeling for him now is far from innocent. As Avery and Owen cautiously take their relationship to another level, the opening of the inn gives the whole town of Boonsboro a reason to celebrate. But Owen's hard work has only begun. Getting Avery to let down her guard is going to take longer than he expected - and so will getting her to realize that her first boyfriend is going to be her last...

Tittel: Good Christian Bitches
Forfatter: Kim Gatlin
Utgitt: 2012
Format: Kindle
Forlag: Hyperion
Diverse: Boka bak tv-serien med samme namn

Baksidetekst: Amanda Vaughn needs some heaven-sent help. She’s divorced her cheating husband and fled, along with her two teenagers, back to her hometown, Hillside Park, a Dallas suburb so upper-class that the question isn’t where to bank, but whose family owns the bank. Amanda is thrilled to be back in Texas—after twelve years in Southern California, she’s ready to leave behind her shallow, Godless life and return to the welcoming Christian world where she grow up. Or at least that’s the plan . . . But when she arrives, she’s met with some Texas-sized trouble. Her old friends, neighbors, and fellow church members treat Amanda like a long-lost friend . . . until her back is turned. Then the claws come out. Amanda finds herself trapped in a world of salacious rumors, secret affairs, and Bible-study sessions gone terribly wrong. And what’s even more puzzling is that a secret admirer is sending Amanda lavish gifts. Why, she wonders, would anyone send a Mercedes when a simple dinner invitation would do? Packed with schemes, drama, and a Southern setting more fun than a barbecue at Southfork, Good Christian Bitches has humor, sass, and an unforgettable cast of characters.

Tittel: All Night Long
Forfatter: Jayne Ann Krentz
Utgitt: 2005
Format: Kindle
Forlag: Jove

Baksidetekst: Shy, studious Irene Stenson and wild, privileged Pamela Webb had been the best of friends for one short high school summer. Their friendship ended the night Pamela dropped Irene off at home - and Irene walked in to discover her parents' bodies on the kitchen floor. It was ruled a murder-suicide, and Irene fled Dunsley, determined to wipe out every memory attached to her northern California hometown. But now she has been summoned back. Pamela's e-mail had been short and cryptic. More alarming, it included the code word they had used as teenagers, suggesting an urgency and secrecy that puzzled Irene. What could be important enough to make her former friend get in touch after all these years? She won't find out - at least not from Pamela, who lies dead in the luxurious home of her father, a U.S. senator, pill and liquor bottles beside her. The shock has barely subsided before the rumors begin to swirl. Irene had planned to get out of this place as quickly as possible. But her reporter's instinct - and her own hunger to know the truth - compel her to extend her stay at the local lodge. Even more compelling is the man who runs the place - a hazel-eyed ex-Marine whO's as used to giving orders as Irene is to ignoring them. Luke Danner can see the terrified young girl hidden beneath Irene Stenson's black-clad, confident exterior - and he is intent on protecting her. But he is also driven by passions of his own, and together they will risk far more than local gossip to sort out what happened to Pamela Webb, and what really happened on that long-ago summer night.

Denne omtalen er allereie for lang for sitt eige beste, men uansett!

The Last Boyfriend fortsetter der The Next Always slutta. Vertshuset blir ferdig, stor innvielsesfest og gjestene strøymer til. Owen Montgomery er broren i midten, som i lang tid har hatt eit ekstra auge til Avery McTavish. Avery har blitt brent før, ikkje av ein mann, men av mora som plutselig stakk frå dottera og mannen. Kan Owen lege det brente hjertet? Litt søtsuppe er det jo, men det er lov. Eg koser meg med denne boka, og mitt romantiske hjerte fryder seg over beskjeder frå spøkelser, bryllaup, og graviditetstester. Gleder meg til neste og siste bok i trilogien. Allereie forhåndsbestilt!

Ein søndagsettermiddag etter at eg hadde sett reklamen for Good Christian Bitches bestemte eg meg for at eg måtte sjå første episode. Heilt grei den, men oppdaga då at serien er basert på ei bok. Den vart lasta ner til Kindle fortløpande. Det første eg la merke til er at den er annleis enn serien. Karakterene er ikkje dei same (såvidt eg fekk med meg) og dei er blitt eldre eller yngre alt ettersom, men etter kun første episode så skal eg ikkje sei meir. Heilt grei bok, og eigentleg humoristisk på ein litt ond måte. Amanda Vaughn får litt å stri med, men ho takler det på ein fantastisk måte.

All Night Long har eg lest før, for nokon år sidan som føljetong i eit ukeblad. Eg fant boka tilfeldig på Bokklubbens huskeliste, og lasta den ner til Kindle. Boka er i Nora Roberts gate, men medan eg har lest nesten bare romantiske Roberts-bøker, så var Krentz'-boka skummel. Romantikken er der, usikkerheten og skjelettene i skapet, men den hadde heile tida ein ekkel atmosfære. Eg huska minimalt av den, og er glad for det, men atmosfæren huska eg. Absolutt bra bok!

XOXO

onsdag 4. april 2012

Samleomtale #1

Disse 4 bøkene har blitt lest i mars/april, og som eit litteraturmål skreiv eg at ikkje alle bøkene får eit eige innlegg. Sidan eg ikkje har så altfor mykje å sei om disse bøkene så får dei eit felles innlegg.

Forfatter: Danielle Steel
Originaltittel: One Day at a Time
Utgitt: 2009
Min utgåve: 2009
Format: Innbundet
Forlag: Schibsted
Frå: Mi bokhylle (13. bok i 'Off the Shelf')




Forfatter: Karen Kingsbury
Utgitt: 2012
Format: Kindle
Forlag: Zondervan
Diverse: Siste bok i Bailey Flanigan-serien.








Forfatter: Sarah Blake
Originaltittel: The Postmistress
Utgitt: 2011 (på norsk i 2012)
Format: Manus mottatt desember-11
Forlag: Pantagruel







Forfatter: Nora Roberts
Utgitt: 2011
Format: Kindle
Forlag: Penguin
Diverse: Første bok i ein ny serie Inn at Boonsboro. Andre bok blir utgitt i mai.




Danielle Steel-boka følger same oppskrift som tidlegare: Gutt møter jente, dei forelsker seg, dei finner ut at dei er ikkje kompatible, slår opp, men finner tilbake til kvarandre til slutt. Ganske basic, men likevel har Danielle Steel millionvis med lesere over heile verda. Så kvifor les eg dei? Enkelt svar: Nokon dager trenger ein bøker der ein ikkje trenger å tenke, og lukkeleg slutt er nødvendig til tider. Ok tidtrøyte!

Karen Kingsbury har skrevet bøker i årevis. Eg oppdaga henne for to år sidan, og har lest samtlige bøker om Baxter-familien, og nå om Bailey Flanigan. Loving er siste bok i serien om Bailey (som forøvrig er løselig basert på Kingsburys eiga dotter) og eg har venta på denne boka sidan desember. Det som er genialt med Kindle er at du kan forhåndskjøpe upubliserte bøker, også får du ein mail den dagen boka blir levert til Kindle'n. Veldig greit. Eg hadde eit lite håp om ein anna brudgom for Bailey, så litt skuffa. Nå skal eg ha ein lang Kingsbury-pause (med mindre dama skriver videre om Baxter eller Flanigan) for eg er ganske lei av Kingsburys univers.

Sarah Blake har ein roman på samvittigheten frå før, men eg hadde aldri høyrt om ho før Hvis du får dette brevet dumpa ner i postkassen frå Pantagruel i desember. Då andre bokbloggere begynte å lese denne, fant eg ut at for å gjer meg opp ei meining så må eg faktisk lese boka. Som sagt, så gjort! Sanninga er at den kunne godt stått og godgjort seg litt lenger i bokhylla. Eg er ikkje overbegeistra. Historien var grei, men den skifta fokus så ofte at eg kom aldri innpå karakterene. Eg har ikkje behov for å kjøpe denne i ferdig form.

Nora Roberts er ei av mine yndlingsforfattere, og denne boka kunne absolutt fått ein eigen omtale. Sanninga er at eg planla det, men neste bok kjem ikkje ut før i mai og siste bok sannsynligvis på hausten ein gong. Når eg har lest alle 3 bøkene, så skal eg laga ein skikkelig omtale. Då eg leste boka som eg fant tilfeldig på Amazon, var eg litt sur på meg sjølv for eg hadde absolutt ikkje tid til 3 Nora Roberts-bøker der og då. Så oppdaga eg at neste bok ikkje har komt ut, og vart litt usikker på om eg var glad eller lei meg. Kom til slutt fram til at eg kan vera glad, og har nok ein gong forhåndsbestillt ei bok til Kindle'n. Nora Roberts følger som regel ei oppskrift ho og (som Danielle Steel), men eg syns Roberts er flinkare til å variere mellom handling, sted, rik/fattig, og diverse andre ting. Spennande og litt creepy bok (ei av hovudpersonane blir forfulgt), og siste del av boka vart lest midt på natta for eg kunne ikkje legge den frå meg. Bra bok, og gleder meg til fortsettelsen.

XOXO

tirsdag 28. februar 2012

Bok: "Tre søstre - en trilogi"



Forfatter: Nora Roberts
Originaltitler: Born in Fire, Born in Ice, Born in Shame
Utgitt: 1994 og 1995
Mine utgåver: 2002
Oversettere: Jan Schei og M. Østby
Format: Paperback
Forlag: Bladkompaniet
Frå: Mi bokhylle (10., 11. og 12. bok i 'Off the Shelf')

Baksidetekst: En liten landsby på den irske vestkysten - og tre unge kvinner som prøver å løse fortidens gåte og skape seg en ny fremtid.

Sjølvsagt er baksideteksten lenger enn som så, men her snakker me om tre bøker, og baksideteksten ville tatt halve innlegget. Tre søstre-trilogien handler om Margaret Mary Concannon, Brianna Concannon og Shannon Bodine i Clare County, Irland.

På kvar sin måte er dei sterke kvinner som er fornøgd med livet dei har skapt seg, men når sjansen byr seg for meir, griper dei den. Om ikkje med nebb og klør, så med list og ikkje så reint lite forbannelser.

Rogan Sweeney feier inn i Margararet Marys glasshytte i første bok, og blir umiddelbart hevet ut. Han biter seg imidlertid fast lenge nok til at Margaret Mary innser at ho kan ikkje leve utan ham. Grayson Thane derimot tar ein anna vending i andre bok då han bestiller rom på Briannas vertshus for å skrive den neste spenningsromanen sin. Grayson har aldri følt virkelig kjærlighet, og Brianna får han til å innse at kjærlighet er det meste magiske i verden. Shannon Bodine derimot kjem til Irland for å møte sine ukjente søstre i tredje bok, og naboen, Murphy Muldoon, blir umiddelbart betatt. Ho på si side syns han er ein dust, men blir kjapt og brutalt vendt vekk frå den ideen.

På kvar sitt vis møter dei kjærlighet, stritter imot, men innser at livet er ikkje den same utan den andre ved siden av. Midt oppi det hele treffer me landsbyborgere, Margaret Mary og Briannas mor, Maeve Concannon, og selskapsdamen hennar, Lottie Sullivan. Søstrenes far, Thomas Concannon, lurer og i skyggene, og blir ikkje så reint lite nemnt i bøkene.

Absolutt god tidtrøyte, og tre av mine comfy books!

XOXO

tirsdag 2. mars 2010

Bok: "Carolina Moon"

"When that guy was growing up he didn't wish you'd come back every time he got the long end of the wishing bone. Or blew out his candles on his birthday cake. Or saw the first star in the sky. And that's too bad for him, because he never got to see all of his wishes come true better than he ever hoped. Just let your walls down, Tory. I'm letting mine down." Oliver Hudson to Claire Forlani in "Carolina Moon" (2007)

Victoria 'Tory' Bodeen kjem tilbake til Progress, North Carolina etter nesten 20 år vekke frå byen ho tilbrakte sine første leveår. Etter at venninna Hope vart brutalt voldtatt og myrda tok faren med seg Tory og mora og reiste avgårde. Nå er Tory på vei tilbake. Til spøkelsene og foreldra som bur ikkje så altfor langt vekke frå Progress, for å opne butikk. Enkelte er nok meir glad for dette enn andre, men korleis er det med mordaren? Tory "ser" meir enn andre, og merker at det er noko gale, men har ho tid til å stoppe det? Har Cade dei same kjenslene for Tory som tidlegare?

Det er ikkje lett å få med alle detaljer når ein skal lage film av ei bok på 400 sider. Samtidig trur eg filmskaparar tar seg visse friheter for dei sitata eg er mest glad i når eg ser filmen, er ikkje med i boka, og fullt av folk som er med i boka er heilt kutta ut i filmen. Men! Historien er den same, og den er like bra anten du les boka eller ser filmen.

"Well, I'm going too. To the ends of the earth if that's where you're headed." Oliver Hudson to Claire Forlani in "Carolina Moon" (2007)
XOXO