Forfatter: J.K. Rowling (f. 1965)
Utgitt: 2016
Format: Innbundet
Forlag: Little, Brown
Mål/utfordring: Blått omslag i Heddas bokhylleutfordring
Den britiske forfatteren J.K. Rowling er godt kjent for sine romaner om Harry Potter, og i fjor kom teaterstykket Harry Potter and the Cursed Child. Etter Harry Potter-serien har Rowling skrevet vaksenromanen The Casual Vacancy og held på med ein krimserie under pseudonymet Robert Galbraith.
Fantastic Beasts and Where to Find Them er ei skulebok som Harry Potter og vennene hans har på Hogwarts School of Witchcraft and Wizardry. Forfatteren Newt Scamander er godt kjent i skolemiljøet, og i den originale boka har Headmaster Dumbledore skreve forordet. Den originale skuleboka er ein oversikt over ulike vesen trollmenn og hekser kan møte på, og ein introduksjon i faget Magizoology. Det lyser skulebok over den! Det som er morsomt med den utgåva eg har er kommentarane Harry og Ron Weasley (og ein sjeldan gong Hermione) har skrevet fleire stader i boka. Eit døme er ved overskrifta Werewolf har dei fortsatt med "aren't all bad" som refererer til Harrys fars venn og Harrys lærer Remus Lupin.
Så fant nokon på at det skulle lages film om Newt Scamander og hans Fantastic Beasts. J.K. Rowling debuterte som manusforfatter, og det er ikkje så galt. Eg har liten erfaring med å lese manus, og eg trur eg får meir utav boka når eg har sett filmen, men saman med Harry Potter-bøkene så høyrer denne heime i bokhylla. Det morsomme er at den dagen eg var på bokhandelen og kjøpte den så var eg den første den dagen som kjøpte akkurat den boka. Ein av dei ansatte hadde laga ein quiz om Harry Potter-universet som eg straks svarte på og eit par dager seinare fekk eg melding om at eg hadde vunnet konkurransen. Straks ned på bokhandelen og mottok nemnte skulebok. Festlige greier og litt utanom det vanlege! I filmen er det Eddie Redmayne som speler Newt Scamander og det er ein skodespelar eg liker. The Original Screenplay er nok for spesielt interesserte, men det var vel verdt mi tid. Anbefales!
XOXO
Søk i denne bloggen
Viser innlegg med etiketten J.K. Rowling. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten J.K. Rowling. Vis alle innlegg
mandag 30. januar 2017
torsdag 3. oktober 2013
Bok: "The Cuckoo's Calling" (Cormoran Strike #1)
Forfatter: Robert Galbraith (pseudonym), J.K. Rowling
Utgitt: 2013
Format: Lydbok, lest av Robert Glenister, 15t53min
Forlag: Sphere
Eg noterte meg i sommar at ein ny kriminalroman dukka opp på Goodreads, men det var ikkje før det kom fram i media at det var den kjente forfatteren J.K. Rowling som stod bak pseudonymet Robert Galbraith. Rowling er mest kjent for Harry Potter-serien, men har og skrevet The Casual Vacancy. The Cuckoo's Calling er hennar første kriminalroman. I Noreg er det Cappelen Damm som har fått rettigheter, og den norske oversettelsen skal ifølge Knut Gørvell vera klar i januar/februar.
Privatdetektiven Cormoran Strike er ein tidlegare krigsveteran som mista eit bein i Afghanistan. Han har idag protese, men det er ikkje alltid at han og protesen er einige. Strike har akkurat flytta ut frå huset han og forloveden delte, og bur nå på kontoret. Så skjer ting på rekke og rad. Vikarbyrået sender ham den 25-årige sekretæren Robin Ellacott, og John Bristow kjem til kontoret for å gi han eit oppdrag. For tre månader sidan døydde hans halvsøster, Lula Landry, etter eit fall frå tredje etasje. Bristow nekter å godta politiets teori om at Lula begjekk sjølvmord, og vil at Strike skal etterforske dødsfallet. Strike, som har gjeldsproblemer, tar saken på grunnlag av at Bristow har penger. Strike går i gang med etterforskninga, først for å overbevise Bristow om at Lula begjekk sjølvmord, men etterkvart innser Cormoran og Robin at det faktisk skjedde ein forbrytelse den natta Lula døydde.
Kriminaldebuten til Rowling er god, og minner om Agatha Christie. Den er roleg og avbalansert, men er krydra med velfungerande actionscener. Forholdet mellom Strike og Robin er morsomt å høyre om, då Robin i utgangspunktet ikkje kan fordra mannen. Eg har høyrt den på lydbok frå Audible, og det er ein roman som passer fint til opplesing. Robert Glenister har eg ingen anelse om kven er, men stemmen hans fungerer godt til denne romanen. Eg er glad for at romanen er lest, og Rowling har allereie planer om ein oppfølger til neste år. Anbefales!
Silje håper romanen blir plukka opp av BBC.
Mari gir godkjent til J.K. Rowlings krimdebut.

tirsdag 25. januar 2011
Bok: "Harry Potter and the Deathly Hallows" (Harry Potter #7)
Sjanger: Fantasy
Forfatter: J.K. Rowling
Utgitt: 2007
Format: Lydbok, lest av Stephen Fry, ca 20t
Forlag: Bloomsbury
Frå: Biblioteket
Den siste boka i Harry Potter-serien! Målet var eigentleg å høyre alle før eg såg den første delen av den siste filmen, men det målet gjekk rett vest. Etterpå vart målet å høyre ferdig før januar var over, og det har eg jo klart med ein hårsbredd! Harry Potter and the Deathly Hallows er ei spennande, mørk, utfordrande og fantastisk bok. Alle lause tråder blir tatt med i puslespelet, og karakterer som tidlegare har vore svake, som Neville Longbottom, ender opp med å bli eit av Harrys sterkaste kort. Medan Harry, Ron og Hermione har vore ute og leita etter horcruxes, har Neville, Ginny og Luna holdt fortet på Hogwarts:) Det vitner om solid lojalitet!!!
Baksidetekst: Harry is waiting in Privet Drive. The Order of the Phoenix is coming to escort him safely away without Voldemort and his supporters knowing - if they can. But what will Harry do then? How can he fulfil the momentous and seemingly impossible task that Professor Dumbledore has left him?
XOXO
søndag 9. januar 2011
Bok: "Harry Potter and the Half-Blood Prince" (Harry Potter #6)
Forfatter: J.K. RowlingUtgitt: 2005
Format: Lydbok, lest av Stephen Fry, ca 21t
Forlag: Bloomsbury
Frå: Biblioteket
Baksidetekst: Why is Professor Dumbledore coming to visit Harry at the Dursley's house in Privet Drive? And what will happen when he meets Uncle Vernon and Aunt Petunia? What is it that cannot wait until Harry returns to Hogwarts in a few weeks' time for the start of his sixth year?
For meg så er denne sjette boka i serien ei ventebok, me venter på handlinga i 7'eren. Venter på dei spennande og til tider kjedelige øyeblikka i den neste boka. Men samtidig som det er ei ventebok, så skjer det ein del i Halvblodsprinsen som er verdt å ta med seg. Me får møte ein lærar som eg aldri har likt, ein lærar som "luker" ut elever som har berømte familiemedlemmer. Harry får tak i ei eliksirbok som gjer at han blir den flinkaste eleven i klassen, men samtidig så lurer me fælt på kven denne Halvblodsprinsen er. Historien til Severus Snape kjem meir fram i lyset, og eg kan ikkje la vera å like denne læraren som ingen andre eigentleg liker. På slutten blir endelig Harry og Ginny romantiske, og forholdet mellom Ron og Hermione blir verre, men til slutt betre. Gleder meg stort til å få tak på neste bok!
XOXO
torsdag 30. desember 2010
Bok: "Harry Potter and the Order of the Phoenix" (Harry Potter #5)

Forfatter: J.K. Rowling
Utgitt: 2003
Format: Lydbok, lest av Stephen Fry
Forlag: Bloomsbury
Frå: Biblioteket
Baksidetekst: In Harry's fifth adventure, not even Privet Drive is safe from the dreaded Dementors. Our hero's in the dark - and in danger - once again. Who is watching him? Why are his friends strangely secretive? What is the Order of the Phoenix? One thing's for sure: Voldemort is out for revenge...
Dette er ei av dei sterkaste Harry Potter-bøkene etter mi oppfatning, og me får eit flott portrett av Sirius Black i denne boka. Det kan ikkje vera så enkelt å koma tilbake til eit hus som du ikkje liker, og attpåtil må du tilbringe store deler av tida di i det huset fordi du er ettersøkt. Harry får igjen eit ublidt møte med Lord Voldemort, men denne gongen har han tatt med seg venner. Neville Longbottom er ein av dei karakterene som fascinere meg aller mest, og i denne boka får me eit eksklusivt innblikk i livet hans.
søndag 12. desember 2010
Bok: "Harry Potter and the Goblet of Fire" (Harry Potter #4)
I skrivande stund høyre eg på den siste kassetten av 14. Med litt startproblemer og litt andre rariteter underveis har eg nå høyrt "Harry Potter and the Goblet of Fire" på kassett! Det har gått heilt greit med tanke på kvalitet, men innimellom har lyden forsvunne på ein måte, og det sette eg ikkje pris på + at ein av kassettane har eg ikkje høyrt fordi den nekta å fungere. HP 5 står på reserveringslista, og eg håper og trur at det er cd-form, men eg kjeme til å senda ein mail til biblioteket på Sola og informera dei om kva eg syns. Kor mange er det idag som framleis har kassettspelar heime? Eg har i mitt stereoanlegg (det er kjøpt for seks år sidan), men eg fekk det ikkje til å fungera (har aldri brukt kassettspelaren), men mor fekk ny cd-spelar for eit par år si, og der var det mp3-funksjon istaden for kassett:) Stephen Fry er framleis ein drøm å høyre på, så eg glede meg til dei resterande 3 bøkene:)
Baksidetekst: The summer holidays are dragging on and Harry Potter can't wait for the start of the school year. It is the fourth year at Hogwarts School of Witchcraft and Wizardry, and there are spells to be learnt, potions to be brewed and Divination lessons (sigh) to be attended. Harry is expecting these, however, other quite unexpected events are already on the march...

søndag 5. desember 2010
Bok: "Harry Potter and the Prisoner of Azkaban" (Harry Potter #3)
I motsetning til HP 2, er Harry Potter og fangen frå Azkaban betraktelig betre. Denne er ei mine favoritter i HP-verda, og filmen er og blant dei beste:) I denne boka treffer me Sirius Black, og Harry får vite meir om si eiga fortid, og kven som var ansvarleg for hans foreldres død. Gamle kamerater av faren til Harry kjem fram, til og med ein lærar på Hogwarts. Remus Lupin er ein av mine favorittkarakterer, og utviklinga hans er fascinerande, med tanke på at han er varulv. Nå har eg satt på HP 4, og den fekk eg utlevert av biblioteket i kassettform:-O Med eit par startproblemer (måtte og finne ein anna kassettspiller enn den eg har i stereoanlegget!) er eg klar for meir Harry Potter - enn så lenge. Kan aldri vite når eg gir opp kassettane, er ikkje akkurat vant med det:-P (Og forresten, eg leste på ein blogg at eit litteraturmål for 2011 var å høyre HP-bøkene på engelsk. Eg anbefaler det til alle, for Stephen Fry er herlig å høyre på:)
Baksidetekst: The terrifying Sirius Black is the only prisoner ever to have escaped Azkaban - and his aim is to hunt down Harry Potter. With Hogwarts under siege and the soul-sucking Dementors prowling its grounds, will Professor Lupin, the new Defence Against the Dark Arts teacher, be able to protect Harry?

torsdag 25. november 2010
Bok: "Harry Potter and the Chamber of Secrets" (Harry Potter #2)
Mi personlige meining er at den andre boka i Potter-serien er ein av dei svakaste. Det er ikkje noko fart i denne boka, og den er tung å komme gjennom. Gilderoy Lockhart er ein av dei raraste karakterene, fordi han trur jo han er så kjempekul også viser det seg at alt er pur løgn og bedrag. Ginny Weasley har endelig begynt på Hogwart's (noko ho har drømt om siden den eldste broren begynte), men det er ikkje så lett som ho trudde. Boka har sine øyeblikk, Moaning Myrtle (spøkelset på jentetoalettet) er spesiell, men får fort eit godt auge til Harry (noko som kjem igjen i seinare bøker). Nå er det over på favoritten min av Potter-bøkene!
Baksidetekst: Harry is becoming one of Hogwart's star pupils - but does his natural talent for magic mean that he is Salazar Slytherin's heir and destined to be the next great master of the Dark Arts? Harry worries that sinister events suggest that he may be. After all, he remembers the Sorting Hat's first instinct to put him in Slytherin...

søndag 31. oktober 2010
Bok: "Harry Potter and the Philosopher's Stone" (Harry Potter #1)
Forfatter: J.K. Rowling
Utgitt: 1997
Format: Lydbok, lest av Stephen Fry, 8t25min
Forlag: Bloomsbury
Eg huske framleis første gongen eg høyrte om Harry Potter. Søskenbarnet mitt introduserte meg for ei bok som eg bare måtte lesa! Det er framleis den første boka som er mest slitt i omslaget, men alle bøkene er lest fleire gonger. Første del av den sjuende boka kjem på kino i slutten av november, og eg glede meg stort. I den anledning bestemte eg meg for å høyra bøkene på engelsk. Eit kjapt søk på Jærbiblioteka, men oppdaga at nr 2 var ikkje å få tak i. Ein kjapp mail til Sola bibliotek, og nr 2 er på innkjøp og på mi reserveringsliste. Godt å vita at det fins nokon som utfører når eg befaler;) Historien om Harry Potter er velkjent, men det var absolutt jillt å høyra Stephen Fry sin britiske stemme. Han passe godt til å lesa Harry Potter. Julie har forøvrig og nettopp høyrt Harry Potter:)
XOXO
torsdag 22. juli 2010
Bok: "The Tales of Beedle the Bard"
"The Tales of Beedle the Bard" er eventyr for hekser og trollmenn. Som det står i introduksjonen: The Tales of Beedle the Bard is a collection of stories written for young wizards and witches. They have been popular bedtime reading for centuries, with the result that the Hopping Pot and the Fountain of Fair Fortune are as familiar to many of the students at Hogwarts as Cinderella and Sleeping Beauty are to Muggle (non-magical) children.
Viss eg ikkje huske heilt feil så fekk Harry, Ron eller Hermione desse eventyra etter Dumbledore's død, men Ron var den einaste som faktisk hadde høyrt eventyra (Hermione har non-magical foreldre, og Harry vaks opp hjå sin non-magical tante og onkel). Historien om dei tre brødrene står i Harry Potter og Dødstalismanene, men dei andre var det jillt å lesa. Likte godt The Hopping Pot:)
XOXO
Abonner på:
Innlegg (Atom)