Utgitt: 2016
Format: Ebok, 160 sider
Forlag: Salt
Den britiske forfatteren Wyl Menmuir har med sin debutroman The Many landa ein plass på Bookerprisens longlist for 2016. Utanom sitt gryande forfatterskap har han familie i Cornwall, og jobber som litteraturkonsulent og frilansredaktør.
I The Many finner me oss i ein nedslitt fiskerlandsby. Timothy Bucchanan flytter inn i eit forlatt hus med utsikt over landsbyen og havet, der han skal førebu huset innan kjærasten Lauren kjem etter. Ved første øyekast ser det ut som ein pittoresk landsby, men under overflata er mykje gøymt. Fiskerne sitter helst på puben og drikker, og snakker om tidlegare fangst, og dei få gongene dei tar ut båtane kjem dei tilbake med liten eller ingen fangst. Ethan er den andre hovudpersonen, og han sørger over tapet av mannen som eigte huset til Timothy, Perran. Kva skjedde eigentleg med Perran, og kven var han? Det er spørsmål Timothy stiller Ethan og dei andre fiskerne, men ingen vil svare ham ordentleg. Gjennom tilbakeblikk får me vite at Timothy og Lauren har vore i landsbyen på ferie tidlegare, og flyttinga skal vera eit nytt kapittel i livet deira. Etter fleire samanstøt med lokalbefolkninga er det klart at Timothy er alt anna enn velkommen i landsbyen.
The Many er kort, og det var grunnen til at den vart lest først då longlist kom ut onsdag. Lite visste eg at den romma så mykje. Romanen har eit anslag av gotisk i seg, med sine mystiske karakterer og forlatte eigedomar. Den utfolder seg som ein vond draum, og er drivande samtidig som du eigentleg ikkje vil lese vidare. Tittelen forstår eg meg ikkje på, og eg er usikker på om eg forstår romanen i tillegg.Eg undrer meg over om The Many er sterk nok til å gå vidare til shortlist, men uansett utfall har Wyl Menmuir fått ein brakstart på sitt forfatterskap.
XOXO
The Guardians artikkel om romanen som vart skreven i ein VW campingbil.
