Søk i denne bloggen

Viser innlegg med etiketten Heinemann. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Heinemann. Vis alle innlegg

lørdag 23. januar 2016

Back to the Classics #2: "The Time Machine"

Forfatter: H.G. Wells (1866-1946)
Utgitt: 1895
Min utgåve: 1949
Format: Lånt innbundet papir, 118 sider
Forlag: Heinemann Educational Books

Den britiske forfatteren Herbert George Wells blir ofte kalt science fictions far med romaner som The Time Machine, The War of the Worlds og The Invisible Man. Han stod på nominasjonslista til Nobels litteraturpris fire gonger, og skreiv og mykje sakprosa. Romanen er lest i kategorien An Adventure Classic i BTTCC.

I victoriatidens Richmond har ein engelsk forsker invitert til middagsselskap. Under middagen underhalder forskeren gjestene med historien om ein mann som går under namnet the Time Traveller. Ei veke seinare er the Time Traveller middagsgjest hjå den same forskaren og blir sjølv forteljaren. The Time Traveller kan reise både fram og tilbake i tid med tidsmaskinen sin, og fortel ivrig om sine oppdagingar på godt og vondt.

Science fiction er absolutt ikkje min kopp med te, og eg kjem aldri til å lese sjangeren som underhaldning, til det har eg krimlitteratur. H.G. Wells presenterer ei spennande handling i sin kortroman, men dessverre syns eg ikkje han klarer å få det interessant nok for meg som ikkje har erfaring med sci-fi. Hovudpersonen framstår som einsidig, og romanen blir for kort til at handlinga får utvikle seg ordentleg. Mot slutten las eg kun for å bli ferdig, og The Time Machine kjem ikkje til å liggje lenge i hjernebarken.

XOXO