Søk i denne bloggen

Viser innlegg med etiketten Agatha Christie. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Agatha Christie. Vis alle innlegg

fredag 22. juli 2016

Bok: "Invitasjon til mord" (JM #5)

Forfatter: Agatha Christie (1890-1976)
Originaltittel: A Murder is Announced, oversatt av Jan Christensen
Utgitt: 1950
Min utgåve: 2012
Format: Heftet frå bokhylla, 175 sider
Forlag: Aschehoug

Den britiske forfatteren Agatha Christie skreiv rundt 80 kriminalromaner og noveller, og mesteparten hadde Hercule Poirot eller Jane Marple som detektiv. Fleire av romanane er filmatisert, men ved å lese eller høyre dei får ein meir kjøtt på beina.

Ein tidleg morgon i småbyen Chipping Cleghorn er det fleire avislesere som setter frukosten i halsen då det i avisa står "Invitasjon til mord." Åstedet skal vera Little Paddocks, heimen til Letitia Blacklock. Miss Blacklock tar det heile med knusande ro, og då dei fleste vennene dukker opp med den tru at det er ein "mordleik" blir det eit bra selskap - i begynnelsen. Då klokka nærmer seg 18.30 står alle og glor på peisklokka, men leiken blir fort forvandla til eit faktisk mord.

I dagane som kjem prøver politiet med Miss Marple i spissen å løyse mordet som skjedde i miss Blacklocks hus. Det er dog ikkje bare mord som liggjer under overflata i småbyen. Gamle løyndomar, slektskap og muligheten for mykje penger i form av arv kjem sakte, men sikkert opp i overflata.

Invitasjon til mord er ei av mine favoritter frå Agatha Christie. Den er spennande, mystisk og typisk Christie med sin småby full av løyndomar. Filmatiseringa med Geraldine McEwan er god, men karakterane er ikkje som i boka. Likevel er den vel verd timane. Anbefales!

XOXO

tirsdag 12. juli 2016

Bok: "The Moving Finger" (JM #4)

Forfatter: Agatha Christie (1890-1976)
Utgitt: 1942
Min utgåve: 2002
Format: Heftet, 299 sider
Forlag: HarperCollins

Den britiske forfatteren Agatha Christie er velkjent for sine romaner om Hercule Poirot og Jane Marple, og har faktisk skrevet nærmare 80 krim-romaner og -noveller. Eg har sett dei fleste Marple-filmatiseringane som er utgitt, men det er interessant å få litt meir kjøtt på dei få beina ei filmatisering gir.

I The Moving Finger har me kome til den lille byen Lymstock der ein såra krigspilot, Jerry Burton, og hans søster, Joanna, har flytta til for ei lita stund. Jerry har fått beskjed frå legen sin om å ta livet med ro ei stund, og fredelege Lymstock ser ut til å vera det rette. Lite veit søskenparet at det stemmer ikkje! Kort tid etter deira ankomst begynner det å florere mystiske brev i enkelte personers postkasser. Brevene er ikkje av den hyggelege sorten, og til og med Joanna får eit brev der det blant anna står at ho og Jerry ikkje er søsken, men ektefeller. Det er reint oppspinn, og dei fleste tenkjer ikkje så mykje over innhaldet i brevene. Det endrer seg drastisk då ei av brevmottakerne tar sitt eige liv. Konklusjonen frå politiet er klar, men miss Marple er ikkje samd i avgjerda. Det tar ikkje lang tid før alle mistenker alle, og heksejakta er i gang. Som alltid veit miss Marple meir enn godt er, og klarer som regel å løyse mysteriet før alle andre.

The Moving Finger er ei av dei betre Marple-romanane, og eg liker veldig godt filmatiseringa og. Det er Jerry Burton som er forteljaren i historien, og då miss Marple ikkje kjem inn i historien før etter nærmare 200 sider er det litt vanskeleg for meg å forstå kvifor det er ein Marple-roman. Uansett så er det ein drivande god historie, og veldig spennande. Om du liker lydbøker og Storytel så er det to utgåver hjå dei, eg har sjølvsagt valgt min favoritt, Richard E. Grant. Anbefales!

XOXO

onsdag 6. juli 2016

Bok: "The Thirteen Problems" (JM #2)

Forfatter: Agatha Christie (1890-1976)
Utgitt: 1932
Min utgåve: 2002
Format: Heftet frå bokhylla, 315 sider
Forlag: HarperCollins

Den britiske forfattaren Agatha Christie er velkjent for sine romanar og noveller om detektiven Hercule Poirot og småbyboeren Miss Jane Marple.

I The Thirteen Problems kjem me inn i Miss Marples stove der fleire personer er samla. Miss Marples nevø, Raymond West, har tatt plass i den store bestefarsstolen, og studerer dei andre gjestene. The Tuesday Night Club er samla, og vanlegvis prøver dei andre gjestene å sette Miss Marple fast med historier om nylege lovbrot. I kveld derimot er det uløyste saker som er diskusjonen og kvar gjest kjem med ein historie. Alle gjestene er i villrede om sakene, men Miss Marple har løysinga, og overraskelsene står i kø for The Tuesday Night Club. Dei første seks historiane er fortalt i Miss Marples stove, dei seks neste i eit middagsselskap hjå Sir Henry Clithering, og den siste tilbake i Miss Marples stove.

The Thirteen Problems er ei festlig novellesamling med mange spennande og intrikate historier, heilt i Agatha Christie-ånd. Det er aldri keisamt, og Christie setter meg fast gong etter gong. Eg har inntrykk av at dette ikkje er av dei mest kjente Christie-bøkene, men den er like fullt lesbar. Raymond West er ein karakter som interesserer meg sjølv om han kun er med i eit par bøker, men i filmatiseringa av Nemesis blir han spelt av ein av mine favoritter, Richard E. Grant. Han har lest inn fleire Marple-bøker, og eg velger som regel han når eg kan. Herleg britisk stemme (og så morsom i dokumentarserien Hotellenes hemmeligheter som har gått på TV). Anbefales!

XOXO

søndag 19. juni 2016

Bok: "Mord i prestegården" (JM #1)

Forfatter: Agatha Christie (1890-1976)
Originaltittel: Murder at the Vicarage, oversatt av Liv Malling
Utgitt: 1930
Min utgåve: 2012
Format: Hefta, 201 sider
Forlag: Aschehoug

Den britiske forfatteren Agatha Christie er velkjent for sine krimromaner om Hercule Poirot og Miss Jane Marple. Eg har lest fleire bøker om begge heltane, og sett ørten filmatiseringar. Å lese bøkene etter å ha sett den filmatisert er spennande for det gir meir kjøtt på beina, og er ein mulighet til å sjå kva som eventuelt har blitt kutta eller endra på i forhold til historiens originalitet.

I St. Mary Mead bur det fleire nysgjerrige eldre damer, det bur ein sogneprest og hans unge kone, og oberst Protheroe med familie. Obersten er ikkje godt likt i landsbyen, og då han blir funnet drept på sogneprestens kontor er det ikkje mindre enn sju mistenkte i saken. Politiet med kriminalbetjent Slack i spissen kjem ingen veg, men miss Marple veit råd. Den dama lar seg ikkje stoppe så lett!

Eg syns Agatha Christies krimromaner såpass handlingsbasert at eg lar det vere med dette innblikket i historien. Mord i prestegården er den første romanen om Jane Marple, men det blir nemnt at miss Marple har hatt nesen sin i saker tidlegare i St. Mary Mead. Det er ein interessant samling av karakterer i romanen, frå sognepresten og obersten til deira familier og andre landsbybeboere. Det som er ekstra interessant med denne romanen er at det er sognepresten som fortel, og det er han alle går til når dei har opplysningar i saken. Miss Marple er omtrent som ein morsom bifigur som til slutt har løysinga. Eg blir sjelden skuffa av ein Christie-roman, og denne er intet unntak. Eg har sett filmatiseringa med Geraldine McEwan, og er glad for at det er ei god stund sidan for då kunne eg lettare leve meg inn i handlinga og gjette meg fram til kven mordaren var. Anbefales!

XOXO

søndag 27. mars 2016

Back to the Classics #4: "Den nemeiske løve" (Poirot #26)

Forfatter: Agatha Christie (1890-1976)
Originaltittel: The Labours of Hercules, oversatt av Kitty Havers
Utgitt: 1947
Min utgåve: 2012
Format: Eiga bok, heftet, 255 sider
Forlag: Aschehoug

Den britiske forfatteren Agatha Christie er mest kjent for sine historier om Hercule Poirot og Jane Marple. Begge detektiver har gått sin seiersgang som påskekrim i årevis, men Christie skreiv ikkje bare romaner om sine helter. Den nemeiske løve er ei samling noveller og passa perfekt i Back to the Classics-kategorien A Volume of Classic Short Stories.

I innledninga har Hercule Poirot besøk av ein gammel venn, doktor Burton, og dei diskuterer etter kvart namn. Doktoren meiner at Poirots mor og Sherlock Holmes' mor burde ha satt seg ned og diskutert kva dei meinte med å kalle sine barn Hercule og Achille Poirot, og Sherlock og Mycroft Holmes. Poirot ser ikkje noko morsomt med denne imaginære samtalen:
- Mener de med dette å si at mitt fysiske ytre ikke har noe til felles med sagnhelten Herkules? Doktor Burton lot blikket gli over Poirots pertentlige lille skikkelse. Fra de skinnende blanke lakkskoene via de stripete, velpressede buksene og den korrekte svarte jakken og tversoversløyfen - opp til det eggeformede hodet og den enorme, svarte mustasjen. - Nei, skal jeg være ærlig, Poirot, så har det ikke det.
Poirot sier adjø til sin venn etter ei stund, og dermed forsvinner han ut av denne boka. Doktor Burton har ingen rolle i boka utenom at han nå har satt Poirot på ein idé. Han har nemleg tenkt å pensjonere seg, men nå vil han først utføre tolv bedrifter lik dei sagnhelten Herkules utførte, og dermed overføre klassiske greske legender til vår tids mysterier. Som sagt så gjort!
Kjelde: Pinterest
Å finne tolv mysterier som likner på Herkules' tolv bedrifter er ikkje alltid enkelt, men med god hjelp av sekretæren, Miss Lemon, tenaren George og til tider inspektør Japp ved Scotland Yard lykkes det Poirot å utføre tolv bedrifter. Det involverer ein del reising (som oftast med tog), eit par skumle typer, møter med eit utall mennesker og ein del narkotika. Det er ikkje alle bedriftene som er like spennende, men som regel har eg ikkje peiling på kven forbrytaren er før Poirot avslører det. Akkurat det vitner om god fantasi frå Agatha Christies side, og er hovedårsaken til at dama blir lest den dag i dag. Anbefales!

XOXO

torsdag 24. mars 2016

Bok: "And Then There Were None"

Forfatter: Agatha Christie (1890-1976)
Utgitt: 1939
Min utgåve: 2007
Format: Eiga bok, heftet, 317 sider
Forlag: Harper

Den britiske forfatteren Agatha Christie er mest kjent for historiene om Hercule Poirot og Jane Marple. And Then There Were None, som originalt heiter Ten Little Niggers, er ein av dei mest kjente utan Poirot og Marple. I morgon og lørdag kjem det ei nyinnspeling av historien på TV2 og i den forbindelse har eg lest boka.

Ti personar har fått kvar sitt brev om å møtes på Soldier Island. Personane er av kvart kjønn, ulike i både veremåte, yrke og korleis dei kjenner brevskrivaren. Soldier Island har vore eit hett tema i mediene den siste tida på grunn av ny eigar, og alle mottakerne har lyst til å sjå øya. Då dei kjem fram til havna venter ein tenar, men eigaren er ikkje å sjå. Det blir opplyst at eigaren er forsinka, men vil kome så fort som mogleg. Alle personane er godt fornøgde med romma sine, og legger merke til at det er ei barneregle innramma på kvart rom:


Middagen blir servert, og rett etterpå medan dei venter på kaffen bryter det ut ein stemme i rommet. Stemmen namngjer alle ti personer, og det viser seg at alle har ein stygg hemmelighet. Ti personer i rommet og alle har vore innblanda i eit mord! Det tar ikkje lang tid før den første av ti er død. I løpet av kort tid skylder alle på kvarandre, og i mens hyler stormen ute. Ingen kjem av øya i første øyeblikk, og dei er overlatt til kvarandre. Kven er mordaren, og vil nokon overleve?

Akkurat slik ein påskekrim skal vere, og det beviser at klassisk krim er vel så bra, om ikkje betre, enn den moderne krimmen som blir publisert i disse dager. Agatha Christie burde finnas i alle bokhyller for makan til fantasi skal ein leite lenge etter. Anbefales!

XOXO

søndag 13. desember 2015

Bok: "The Grand Tour. Letters and photographs from the British Empire Expedition"

Forfatter: Agatha Christie (1890-1976) og Matthew Prichard (editor)
Utgitt: 2012, men skrevet under reisen i 1922
Min utgåve: 2013
Format: Heftet, 376 sider
Forlag: HarperCollins
Mål/utfordringar: Off the shelf, Back to the Classics

Den britiske forfatteren Agatha Christie er velkjent som forfatter av eit titals kriminalromaner om Miss Marple og Hercule Poirot, og adaptasjonane har gått sin seiersgong på norsk TV meir enn ein gong. I fleire av bøkene om Poirot er han ein heilt anna stad enn i Storbritannia, men det som var ukjent for meg var at Agatha Christie har og reist ein del i sitt liv. Hadde eg ikkje vore på Tanum ein dag i september i fjor hadde eg ikkje visst at denne boka fantes.

The Grand Tour handler om ein 10 månaders reise gjennom Sør-Afrika, Australia, New Zealand, Hawaii og Canada i 1922. Gjennom brev til si mor fortel Agatha Christie om eit liv på reise, og bileta utfylle teksten på ein god måte. I forkant av reisen hadde Christie publisert tre romaner, ho var lukkeleg gift med ei lita dotter, Rosalind (mor til Prichard), men det var som om noko mangla i livet. Ein kamerat av Christies mann Archie, Major Belcher, kom til middag ein dag og fortalte om ekspedisjonen han skulle ut som eit ledd i ei utstilling som skulle opne i 1924. Belcher lurte på om Archie Christie var interessert i å vera med. Det endte med at ekteparet Christie vart med Belcher og nokre andre på ekspedisjonen. Brevene heim til mora fortel om utflukter og surfing, om sjøsyke og solbrenthet, glamour og litt mindre glamour, og om livet generelt på ein båt i 10 månader.

Eg innrømmer først som sist at det er ikkje det mest spennande eg har lest i mitt liv, men det var interessant nok. Matthew Prichard har gjort ein grundig jobb med å samanfatte brevene, og har enkelte plasser brukt utdrag frå Christies eigen sjølvbiografi (publisert 1977). Det må ha vore ein opplevelse å vera på tur så lenge, men aldri om eg hadde forlatt ei lita dotter for å reise på tur i 10 månader. Kva som helst kunne ha skjedd både med dei sjølv og med dei heime! Reiseskildringer er ikkje det eg les til dagleg, men for Agatha Christie kan eg overleve det meste.

XOXO

mandag 6. april 2015

Bok: "Mordet på Orientekspressen" (HP #10)

Forfatter: Agatha Christie (1890-1976)
Originaltittel: Murder on the Orient Express
Utgitt: 1934
Min utgåve: 2012
Oversetter: Ola Halvor Seeberg Nygård
Format: Heftet, 173 sider
Forlag: Aschehoug
Mål/utfordringar: Off the shelf

Eg jobber meg gjennom Agatha Christie, og Mord på Orientekspressen er ei av Christies mest klassiske Poirot-mysterier. Det blir ikkje meir lukka-rom-mysterium enn at alle involverte er stuck på eit tog i snøfonnene.

Hercule Poirot er på veg heim frå eit oppdrag i Syria. I siste sekund bestemmer han seg for å reise direkte til England, og får ein kupé på Orientekspressen. Det er midt på vinteren, men merkeleg nok er toget fullt av ulike mennesker. Det er ikkje mange andre stader på den tida enn på eit tog at det er fullt av ulike aldersgrupper og nasjonaliteter. Toget beveger seg langsomt gjennom kontinentet, og Poirot studerer ivrig dei andre passasjerene.

Så skjer det! Toget køyrer seg fast i snøfonnene, eit mord blir oppdaga, og Hercule Poirot tar i bruk spisevognen som forhørsrom. Poirot er ein utmerka forhøyrar, og hans hjelpere er fleire gonger milevis bak hans antakelser. Heile saken koker ned til eit mord som vart begått i Amerika, og som verdensavisene var snare med å få ut. Etterkvart viser det seg at offeret reiste under falskt namn, og dei andre passasjerene har heller ikkje heilt reint mjøl i posen.

Som sagt er Mord på Orientekspressen eit typisk Christie-mysterium, og det er og eit av dei mest intrikate. Det er 12 mistenkte på toget, og eg hadde ikkje den ringeste anelse om kven som stod bak mordet før siste side. Hercule Poirot må bruke alle sine små grå for å løyse mysteriet, og det klarer han med stil. Glamourbibliotekaren skreiv om denne i fjor påske, og eg siterer: Det er helt underlig å lese om en eksotisk togreise med passasjerer som stiger på i Bagdad og i Syria - i vår tid forbinder man jo de stedene kun med tragedier og krig. Anbefales!

XOXO

fredag 3. april 2015

Bokhyllelesing 2015: "Den mystiske plumpudding" (HP #33) (#3)

Forfatter: Agatha Christie (1890-1976)
Originaltittel: The Adventure of the Xmas Pudding
Utgitt: 1960
Min utgåve: 2012
Format: Heftet, 192 sider
Forlag: Aschehoug
Mål/utfordringar: Off the shelf

I skrivande stund har eg 14 uleste Agatha Christie-bøker i bokhylla fordi eg er ein sucker for fine omslag. Lite ante eg då eg valde Den mystiske plumpudding i bokhyllelesingas tredje runde at det var smack rett inn i påskekrimmen. Hercule Poirot og Miss Marple har dermed sneket seg inn i påskeveka nok ein gong. Kriteriet for tredje runde var ein europeisk novelle- eller diktsamling frå 1900-talet, og då var Agatha Christie sjølvskreven.

Den mystiske plumpudding består av fire Hercule Poirot-noveller, og ei Miss Marple-novelle. Novellene er på mellom 24 og 56 sider, og er alle finurleg skrevet. I første novelle, Den mystiske plumpudding, blir Hercule Poirot invitert til å feire ein god gammaldags engelsk jul på landet under påskot av å oppklare tjuveriet av ein rubin. Det er ikkje alle familiemedlemmane som er overbegeistra for den belgiske detektivens nærvær, men sjølv utanfor Poirots komfortable leilighet virker dei små grå perfekt. Denne passer godt som julelesning!

I andre novelle, Den spanske kistens gåte, leser Hercule Poirot i avisa om eit mordoffer som vart funnen i ei spansk kiste. Poirot er allereie hyra inn på ein sak, men den spanske kista blir ein besettelse. Han besøker ein bekjent av seg som huser enkja etter offeret og besøker deretter dei andre involverte. Atter ein gong virker dei små grå, medan mine små grå er totalt fråverande til siste side.

I tredje novelle, Den underlegne, som er den lengste, får Hercule Poirot besøk av ei ung selskapsdame. Lily Margrave kan fortelje at hennar arbeidsgivers mann er blitt myrda på sitt heimekontor. Poirot reiser til den myrdedes heim og finner avdødes hustru, bror og sekretær. Poirot installerer seg i huset først for eit par dagar, så får han tjenaren sin, George, til å pakke for nye fjorten dagar. Nok ein gong er Poirot på sporet av noko, men det er ikkje alle som er fornøgd med det. Eit typisk lukka rom-mysterium der alle mistenkte er i huset eller omkring. Spennande!

I fjerde novelle, Drømmen, møter Hercule Poirot opp til eit avtalt møte hjå millionæren Benedict Farley i Northway House. Som identifikasjon må han vise fram brevet han fekk i posten. I huset får Poirot servert ein draum som Farley har hatt fleire netter på rad. I draumen begår Farley sjølvmord med ein revolver han har i ei skrivebordsskuffe. Han har konsultert fleire leger, men ingen har gitt ei forklaring som Farley er fornøgd med. Poirot ber om å få sjå kontoret og revolveren, men det blir ikkje aktuelt. Då Poirot går er han utan løysing på mysteriet. Ei veke seinare blir Poirot oppringt av ein lege som ber han kome til Northway House der Farley har begått sjølvmord. Detektiven konkluderer raskt at det er snakk om mord og finner den skuldige. Fiffig skrevet!

I femte og siste novelle, Greenshaws dårskap, tar Jane Marples nevø, Raymond West, med seg ein forlegger til eit merkeleg bygd hus. Forleggeren, Horace Bindler, er fascinert av eksentriske ting og bygninger. I huset som på folkemunne blir kalt Greenshaws dårskap møter dei to mennene den einaste gjenlevande Greenshaw, og blir bedt om å bevitne signeringa av hennar testamente. Seinare fortel dei historia til Wests kone, hans niese, Lou Oxley, og miss Marple. Niesa får jobb som sekretær for miss Greenshaw, men bare dagar seinare blir miss Greenshaw myrda. Politiet er utan spor, men miss Marple har som alltid eitt ess i ermet, og har kjapt ei løysing.

Agatha Christie har alltid ei fiffig historie på lur, og som alltid klarer eg aldri å finne utav løysinga før den er avslørt. Av disse fem likte eg best Den underlegne på grunn av det lukka rommet. Alle novellene er filmatisert, men legg merke til at dei kan vera kreativt endra. Lenkene går til IMDb: The Theft of the Royal Ruby, The Mystery of the Spanish Chest, The Underdog, The Dream og Greenshaw's Folly. Anbefales!

XOXO

tirsdag 4. desember 2012

Bok: "4.50 fra Paddington" (JM #8)

Forfatter: Agatha Christie (1890-1976)
Originaltittel: 4.50 from Paddington
Utgitt: 1957
Min utgåve: 2012
Oversetter: Helge Simonsen
Format: Paperback
Forlag: Aschehoug
Frå: Mi bokhylle (30. bok i 'Off the Shelf')

4.50 frå Paddington er ein av mine personlige Marple-favoritter, og det før eg leste boka! Sjølv om eg er veldig glad i filmatiseringa med Geraldine McEwan i rolla som Jane Marple, skuffer ikkje boka.

Fru Elspeth McGillicuddy sitter på toget frå Paddington til miss Jane Marple. Då to tog sniglekøyrer ved sida av kvarandre blir fru McGillicuddy vitne til eit mord på motgåande tog. Då ho kjem fram til stoppestedet sitt melder ho inn mordet for politiet, men det er få som trur på henne. Saman med miss Marple finner dei ut ved hjelp av kart kvar liket kan ha blitt av. 4.50 frå Paddington handler og om familien Crackenthorpe som plutselig får eit lik i fanget, eller rettere sagt på eigedommen. Ingen kan forklare kven det er, men alle i familien er under mistanke. Lucy Eyelesbarrow blir spurt av Jane Marple om å ta imot hushalderskejobben på Rutherford Hall. Miss Marple vil nemlig ha ein finger med i spelet, og sjølvsagt får ho sagt sitt. Lucy får eit godt forhold til samtlege Crackenthorpe-medlemmar, og alle har kvar sin historie å fortelje.

Då Emma kjem med eit mystisk brev blir liket plutselig til eit familiemedlem, men var det så enkelt? Miss Marple har som regel eit par ekstra ess i ermet, og saman med inspektør Craddock blir mysteriet løyst. Hadde ikkje eg visst kven mordaren var, hadde eg aldri gjetta det, og då er det kjekt å lesa krimgåter.

Som eg har skreve har eg sett filmatiseringa frå 2004, og ITV har gjort endringer, men eg liker begge deler like godt. Til slutt har eg ein liten oversetterglipp frå side 65: "Florence laget alltid de delikateste kaker til teen, sa frøken Marple." Her har det gått litt fort i svingane for Helge Simonsen.

XOXO

PS. Eg har trukke vinneren av Anna Karenina, og Beathes bokhylle er den heldige vinneren. Send meg adressen din er du grei til elidasta(a)gmail.com. På søndag er det ny trekning, og då er det ei flott barnebok som er premien. DS.

torsdag 29. november 2012

Bok: "Doktoren mister en pasient" (HP #4)

Forfatter: Agatha Christie (1890-1976)
Originaltittel: The Murder of Roger Ackroyd
Utgitt: 1926
Min utgåve: 2011
Oversetter: R.A. Arentz
Format: Paperback
Forlag: Aschehoug
Frå: Mi bokhylle (29. bok i 'Off the Shelf')

Doktoren mister en pasient er Agatha Christies fjerde bok om Hercule Poirot, og den einaste Christie-boka som figurerer på Boxalls 1001-liste. Eg kunne meget godt hatt fleire Christie-bøker på denne lista, men det er ikkje eg som bestemmer.

Handlingen starter idet doktor James Sheppard kjem heim frå kontoret ein sein ettermiddag. Ein av pasientane hans har nyleg døydd, og hans allvitande søster, Caroline, veit alt om det før doktoren har gått inn døra. Doktor Sheppard er ikkje så begeistra for Carolines hang til allviten, men blir nysgjerrig då ho fortel om den nye naboen. Den lille, rare mannen med de svarte mustasjene. Neste dag blir Sheppard invitert til middag hos Roger Ackroyd. Ackroyd bur på godset Fernly Park utanfor landsbyen King's Abbot, og utanom han sjølv bur hans svigerinne og hennar dotter i huset. Sheppard nyter ein betre middag med selskapet, og etterpå blir han bedt om å kome inn på Ackroyds kontor til ein privat samtale. Godseigaren instruerer sine tjenere om ingen forstyrrelser, og då Sheppard forlater han ein times tid seinare er alt tilsynelatende i orden. Kort tid etter Sheppards hjemkomst ringer telefonen med nyheten om Roger Ackroyds mord!


Doktoren mister en pasient har alle elementene i ein Christie-roman: Mord, den pertentlige detektiven aka Hercule Poirot (eller den matglade snushanen aka Miss Marple), overraskelsesmomenta og det faktum at detektiven veit kven morderen er fleire kapittel før lesaren. Dessverre klarer ikkje Christie å halda på meg side opp og side ned i denne historien. Det er for mange menneskeskjebner som skal ha sitt, det er kjedelig og langtrukkent, og det lyser gjennom historien at alt Poirot vil ha er ro og fred.

Innimellom lange og tunge 1001 bøker er det herlig med eit lite avbrekk, og eit 1001 kryss er ikkje å forakte.

XOXO

torsdag 19. april 2012

Bok: "Mord som medisin" (JM #9)

Forfatter: Agatha Christie (1890-1976)
Originaltittel: The Mirror Cracked from Side to Side
Utgitt: 1962
Min utgåve: 2011
Oversetter: Axel S. Seeberg
Format: Heftet
Forlag: Aschehoug
Frå: Mi bokhylle (17. bok i 'Off the Shelf')

Baksidetekst: På sitt praktfulle gods utenfor landsbyen St. Mary Mead holder den feirede filmstjernen Martina Gregg et større coctailselskap. Midt under festen synker en av gjestene sammen - død. I avdødes coctailglass finnes spor etter gift, og selskapet blir snart klar over at en skruppelløs morder er sammen med dem. Men hvem? Miss Marple får bruk for all sin kløkt og intuisjon for å avsløre morderen.

Eg har ikkje lest Agatha Christie-bøkene i kronologisk rekkefølge, men ved tilfeldigheter så var det Liket i biblioteket eg leste før denne. Flaks rett og slett, fordi denne boka foregår og i St. Mary Mead, og godset som det er snakk om er fru Bantrys. Eller, ho har solgt det etter at obersten døydde, til filmstjerna Martina Gregg.

Miss Marple kjenner på det å bli gammal. Etter doktorens ordre har ho ei selskapsdame buande hjå seg, men frøken Knight går Miss Marple på nervene. Ho er gresselig opptatt av at Miss Marple ikkje skal overanstrenge seg; hushjelpen (som Miss Marple liker godt) er visst ikkje god nok, og det eine med det andre. Eg likte ho heller ikkje. Fru Bantry har som sagt solgt godset og flytta inn i eit lite hus, og ho har akkurat kome heim etter ei lengre reise rundt til barn og barnebarn. Ho blir invitert i coctailselskap til Martina Gregg, og syns det er uhyre spennande og litt sørgelig med alle modifikasjonane på godset. Men så skjer det: Ein gjest i selskapet synker saman etter ein drink!

Miss Marple får så klart greie på dette, og kjenner at livet er ikkje så verst å leve likevel. Det viser seg at den avdøde har truffet Martina Gregg ved ein tidlegare anledning, og at det førte til miss Greggs store tap i livet.

I St. Mary Mead skjer det store forandringer, og det var ein av årsakene til at boka vart interessant. Miss Marple er ikkje sikker på om ho liker alle forandringane, men eg får inntrykk av at ho til slutt velger å akseptere dei. Boka var spennande på ein stillferdig måte, og eg likte den.

Eg er usikker på om eg har sett ITVs filmatisering, men den fylgjer visst boka ganske spesifikt. Det vart lagt ein film i 1980 basert på denne boka, og ITV har lånt elementer frå filmen.

XOXO

fredag 13. april 2012

Bok: "Liket i biblioteket" (JM #3)

Forfatter: Agatha Christie (1890-1976)
Originaltittel: The Body in the Library
Utgitt. 1942
Min utgåve: 2011
Oversetter: Axel S. Seeberg
Format: Heftet
Forlag: Aschehoug
Frå: Mi bokhylle (16. bok i 'Off the Shelf')

Baksidetekst: En morgen oppdages liket av en ukjent ung kvinne i aktverdige oberst Bantrys bibliotek. Sladderen går, og fru Bantry forstår at familiens ære er i fare. Hun tilkaller sin gode venninne Miss Marple som begynner å snuse. Hvem er den døde? Hvem la liket der? Fra St. Mary Mead følger Miss Marple sporet til et mondent badehotell - og finner til slutt løsningen.

I forhold til mi første Marple-bok, Den forsvunne domprost, så likte eg denne betre. Handlinga er så finslipt og utspekulert at då Miss Marple annonserer at ho har funne morderen så hadde eg absolutt ikkje begrep om kven det kunne vera. Eg mistenkte alle i kvar sin periode! I denne boka er Miss Marple heime i sin eigen by, St. Mary Mead, og blir oppringt tidlig ein morgon av si venninne, oberstfrue Bantry. Hushjelpen har akkurat funnet eit lik i biblioteket! Mistankene mot oberst Bantry er mange, og familien Bantrys rykte er på gyngande grunn. Miss Marple begynner å spore opp eventuelle relasjoner til liket, og finner til slutt ut at liket vart plassert i biblioteket for å lede oppmerksomheten vekk frå morderen. Men kva med det andre liket som blir funnet? Korleis heng det saman med det første?

Meget spennande historie med utmerkede overraskelser! Ein unik funksjon i denne boka er at den har minst like mange detektiver som mistenkte. Jane Marple er hoveddetektiv og den som løyser mysteriet, men ein har og tre politifolk, ein pensjonert amatørdetektiv, og sist, men ikkje minst, unge Peter Carmody. Sistnevnte er og ein ivrig leser av detektivfortellinger:

Det kan du stole på. Liker du detektivfortellinger? Det gjør jeg. Jeg leser alle sammen, og har navnetrekkene til Dorothy Sayers og Agatha Christie og Dickson Carr og H.C. Bailey.
Herlig type!

Som vanleg har eg sett filmatiseringa med Geraldine McEwan som Jane Marple. ITV har tatt seg friheter med identiteten til morderen og visse karakterer. Såvidt eg husker så liker eg denne filmatiseringa, og spesielt det faktum at Joanna Lumley (som er betre kjent frå Absolutely Fabulous) speler ein så seriøs karakter som oberstfrue Bantry.

XOXO

lørdag 7. april 2012

Bok: "Den forsvunne domprost" (JM #11)

Forfatter: Agatha Christie (1890-1976)
Originaltittel: At Bertram's Hotel
Utgitt: 1965
Min utgåve: 2011
Oversetter: Gunnar Thommessen
Format: Heftet
Forlag: Aschehoug
Frå: Mi bokhylle (15. bok i 'Off the Shelf')

Baksidetekst: Miss Marple er på ferie i London og bor i det fornemme og meget veldrevne Bertrams Hotell. Men den perfekte overflaten er kanskje litt for perfekt, og Miss Marple har en merkelig følelse av uro - noe er galt. Da domprost Pennyfather på uforklarlig vis forsvinner fra hotellet, blir hennes anelser bekreftet.

I denne omgang så er dette mi første Miss Marple-bok. Det er ingen dårlig første-bok sidan Miss Marple tar ein tur ned memory lane, og besøker hotellet ho budde på som jente. Hotellet er kjent for sin atmosfære, og blir hyppig besøkt av eldre mennesker som søker etter ro og fred. Miss Marple er ingen skrøpelig gammel dame, og tar heller bussen fremfor drosje, sjølv om hotellet gjerne praier drosje. Fleire menneske bur på hotellet i denne perioden, og med større problemer enn Miss Marple, og dei er nærare beslekta enn kva ein først ville trudd. Då domprost Pennyfather forsvinner i nattens mulm og mørke, og Miss Marple overhøyrer ein ytterst privat samtale (og ho innrømmer gjerne at ho lytta!) er spelet igang, og Miss Marple tilbyr sine tjenester som amatørdetektiv då det lokale politiet entrer hotellet. Politiet er ganske overraska over Miss Marples skarpe hjerne, men dei blir ganske oppgitt og då ho sit inne med verdifulle opplysninger. Men som alltid gir vår kjære detektiv svar på tiltale:
- Han forlot rommet sitt i frakk og gikk ned trappen klokken tre om natten? - Ja, sa frøken Marple og la til: - Jeg synes det var rart - på den tid av døgnet. Bestefar så på henne noen øyeblikk, så sa han: - Hvorfor har De ikke fortalt dette før, frøken Marple? - Ingen har spurt meg, svarte Jane Marple enkelt.


Smart dame! Etter mitt syn er det ikkje den beste Christie-boka eg har lest. Nokon gonger er det vanskelig å komme innpå handlinga og karakterene, og eg er redd dette er tilfellet med denne boka.

Eg har sett ei filmatisering, gjort av ITV frå 2007, men ifølge Wikipedia er det gjort endringer både med handling, karakterer og atmosfære. Det er ei stund sidan eg har sett den, men må nok sjå den nå etter å ha lest boka.

Når det meste er sagt, så er det ei grei bok. Agatha Christie er ikkje kjent for sine bloddryppande krimbøker, og i vårt samfunn kan det vera greit med ein motpol. God underhaldning!

XOXO

tirsdag 21. februar 2012

Bok: "Den tredje piken" (HP #35)

Forfatter: Agatha Christie (1890-1976)
Originaltittel: The Third Girl
Utgitt: 1966
Min utgåve: 2011
Oversetter: Gunnar Thommessen
Format: Heftet
Forlag: Aschehoug
Frå: Mi bokhylle (9. bok i 'Off the Shelf')

Baksidetekst: Norma Restarick oppsøker Hercule Poirot for å fortelle om mord hun skulle ha begått - men ombestemmer seg. Hun synes han er for gammel. En slik utfordring kan ikke Poirot la gå upåaktet hen, selv om han må ut i "The Swinging London" for å oppklare et høyst usedvanlig kriminalmysterium.

Det begynner å bli slutt på uleste Agatha Christie-bøker i bokhylla, og panikken stiger. Heldigvis er det fleire som ikkje har blitt gitt ut i "mitt format og omslagsbilde" og eg har ennå ikkje lest Marple-bøkene. Eg kan tenka meg at seinare kan Agatha Christie bli comfy-bøker, som eg skreiv litt om tidlegare.

Den tredje piken bød derimot på utfordringer. Eg følte aldri eg kom heilt inn i historien etter braksuksessen med Johan Theorins Blodleie. Den berømte forfatteren Ariadne Oliver er Poirots kompanjong i denne boka, og eg kjenner at ho irriterer meg. På ein heilt anna måte enn Poirot stikker ho seg fram, og boka bød på mange tilfeldigheter. Miss Oliver stikker tilfeldig innom ein kafé der personen som leites etter sitter, og ein papirlapp som skal vise seg å innehalde viktig informasjon flyr tilfeldigvis ut av ein kommode. På langt nær den beste Poirot-boka eg har lest.

Den tredje piken er sjølvsagt filmatisert av britiske ITV, og eg er ganske sikker på at eg har sett den. Ifølge Wikipedia er det blitt tatt fleire friheter i filminga, blant anna at istedet for at historien foregår i 60-åra (som i boka) har filmen gjort det til 30-åra. Karakterer er flytta på, endra og i nokon tilfelle fjerna, og slike friheter irriterer meg. Skal ein først lage film av ei bok, så får ein følgje boka.

XOXO

lørdag 14. januar 2012

Bok: "Lunsj for Poirot" (HP #25)

Forfatter: Agatha Christie (1890-1976)
Originaltittel: The Hollow
Utgitt: 1946
Min utgåve: 2010
Oversetter: Jacob Brinchmann
Format: Heftet
Forlag: Aschehoug
Frå: Mi bokhylle (3. bok i 'Off the Shelf')

Baksidetekst: Hercule Poirot får en alt annet enn varm velkomst da han ankommer Lucy Angkatells herregård. En mann ligger døende ved svømmebassenget mens blodet drypper ut i vannet, og over ham står hans hustru med en rykende revolver. Først tror Poirot at det er arrangert et kriminaltablå, men han oppdager snart at det dreier seg om mord. Under den respektable fasaden ulmer familiehemmeligheter, og snart er alle mistenkt ...

Lunsj for Poirot var Agatha Christies første roman på fire år med Hercule Poirot i hovudrolla, og det er det lengste opphaldet i heile Poirot-serien. Christie har fleire gonger uttrykt misnøye med Poirot i denne boka, og meinte at boka vart øydelagt då Poirot entra scenen (frå Wikipedia).

Lucy Angkatell har invitert venner på helgebesøk. Gjestene har alle forbindelser til kvarandre, og dei møtes i The Hollow med både glede og mistro. Hercule Poirot, som er ein av dei nærmaste naboane, blir invitert til søndagslunsj og entrer scenen idet Gerda Christow står med pistolen i hånda over sin blødende mann, Dr. John Christow. Har Gerda gjort det av med sin mann, eller er det ein av dei andre? Boka har eit interessant plot, men mangler sjarmen og drivet framover. Det gjer at boka blir kjedelig, og eg likte den ikkje noko særleg. Mordmysteriet følte eg aldri vart oppklart, og karakterene virra rundt i kjedsomheten rundt likskue og begravelse. Poirots etterkvart kjente grand finale kom aldri, og boka vart avslutta med eit lettelsens sukk over at den endelig var slutt.

XOXO

fredag 6. januar 2012

Bok: "Solen var vitne" (HP #23)

Forfatter: Agatha Christie (1890-1976)
Originaltittel: Evil Under the Sun
Utgitt: 1941
Min utgåve: 2010
Oversetter: Anders Hagerup
Format: Heftet
Forlag: Aschehoug
Frå: Mi bokhylle (2. bok i 'Off the Shelf')

Baksidetekst: Hercule Poirot nyter en velfortjent ferie på et flott badehotell ved Devonkysten. Men så blir den glamorøse og vakre skuespilleren Arlena Stuart funnet kvalt på stranden. Etter som Poirot blir stadig mer involvert i drapsetterforskningen, oppdager han at nesten alle gjestene på hotellet har en eller annen forbindelse til Arlena. Men hvem av disse mistenkte, innbefattet hennes familie, hadde så sterke følelser overfor Arlena at vedkommende tok livet av henne?

Sjølv på ferie havner Hercule Poirot oppi eit drap. Denne gang skjer det med solen som vitne, og nokon utspekulerte mordere. Arlena Stuart er ikkje videre godt likt, og på hotellet er dei skjønt enige om at det må vera kvinner som har eit horn i sida til miss Stuart. Då ho blir funnen drept på stranda etter ein seiltur, og fleire mystiske ting blir funnet, deriblant ein matboks med mistenkelig innhald, er Poirot på pletten med sine "grey cells". Kven av gjestene på Jolly Roger Hotel har mest lyst til at Arlena Stuart skal forsvinne for godt?

Solen var vitne var ikkje så god som sist Poirot-bok, men den duger. Etterforskningen er litt kjedelig, men plottet er gjennomført, og eg klarte aldri å gjette morderen før Poirot avslørte det i sin "grand finale".

XOXO

mandag 2. januar 2012

Bok: "Stevnemøte med døden" (HP #19)

Forfatter: Agatha Christie (1890-1976)
Originaltittel: Appointment with Death
Utgitt: 1938
Min utgåve: 2010
Oversetter: Liv Malling
Format: Heftet
Forlag: Aschehoug
Frå: Mi bokhylle (1. bok i 'Off the Shelf')

Baksidetekst: Blant de røde klippene i Petra sitter fru Boynton som en grotesk, oppsvulmet Buddha - livløs. Et nesten usynlig stikk i håndleddet er det eneste sporet etter den dødelige sprøyten som har tatt livet av henne. Med bare 24 timer til å kunne løse mysteriet husker Hercule Poirot en tilfeldig bemerkning han overhørte i Jerusalem: "Men du må skjønner da vel at hun må drepes?" Og fru Boynton var virkelig det mest avskyelige kvinnemennesket han noensinne hadde truffet ...

Fru Boynton har tre stebarn, Lennox, Raymond og Carol; ei dotter, Ginevra; og ei svigerdotter, Nadine (gift med Lennox). Dette selskapet er på reise og har ankommet Jerusalem. Her har og Lady Westholme, Miss Pierce, Sarah King, Jeffrey Cope og vår eminente detektiv, Hercule Poirot, lagt sin feriereise til. Poirot overhøyrer ein samtale og ein setning biter han seg merke i: "Men du skjønner vel at hun må drepes?" Han er fast bestemt på å kjenne igjen stemmen om det skulle bli nødvendig. Eit par dagar seinare er heile selskapet på veg til Petra, og ender opp i same leir.

Fru Boynton er ein tyrann, og barna forakter henne. Den einaste som er villig til å bryte ut er svigerdottera, men ho vil ikkje forlate mannen sin. Sarah King har kome innpå både Raymond og Carol ved ulike anledninger, men som alle andre er ho og blitt skremt av fru Boynton. Carol fortel til Sarah at stemora har vore fengselsvokter i si tid, og ho styrer familien og pengane med jernhånd. Dei har aldri vore utanlands før, har ikkje lært seg noko yrke og har ingen mulighet til å legga seg opp penger sjølv og dra sin veg.

Ein dag får barna plutselig lov til å gå tur aleine, då det er svært varmt, og fru Boynton foretrekker å sitte i sola aleine. Dei stusser på kvifor, men som alltid har Poirot svar på det i sine slutninger. Då barna kjem tilbake går dei kvar til sitt etter eit par ord med mora, men då middagen blir annonsert er fru Boynton død. Alle fire barna har motiv, men har dei mot til å gjera det av med henne?

Stevnemøte med døden er skrevet på bakgrunn av forfatterens reiser til Midt-Austen med ektemannen, arkeologen Sir Max Mallowan. Den vart gitt ut i 1938, og er godt likt kritikkmessig. Eg har sett filmatiseringa, men stussa over om eg blanda saman to bøker. Det viser seg at det har eg ikkje gjort, for det er gjort diverse endringer med karakterer, handling og mordmotiv i filmatiseringa. Boka er drivande skrevet, og eg syns Hercule Poirot gjer ein god figur i denne. Det handler ikkje mykje om han, og Boynton-familien får vera i rampelyset. Boka inneheld og ein epilog, og den likte eg godt, for fleire gonger så blir bøker avslutta og ein sit og lurar på om det gjekk greit med karakterene til slutt. Bra bok!

XOXO

lørdag 31. desember 2011

Bok: "Stylesmysteriet" (HP #1)

Forfatter: Agatha Christie (1890-1976)
Originaltittel: The Mysterious Affair at Styles
Utgitt: 1920
Min utgåve: 2011
Oversetter: Wollert Keilhau og Axel S. Seeberg
Format: Heftet
Forlag: Aschehoug
Frå: Mi bokhylle (42. bok i 'Off the Shelf')

Baksidetekst: Den rike gamle fru Inglethorp har giftet seg med en 20 år yngre lykkejeger. Da hun blir funnet myrdet - drept av en dose stryknin - er det ham mistanken i første rekke rettes mot. Men så dukker Hercule Poirot opp, og saken viser seg å være vanskeligere enn som så.

Stylesmysteriet er Agatha Christies første publiserte roman om Hercule Poirot. Likevel går historien om Poirot lenger bak, for Arthur Hastings har kjent ham siden før krigen, og inspektør Japp har truffet ham ved ein tidlegare anledning. Me befinner oss i krigens England, nærmere bestemt Essex, og Hastings har ankommet Styles Court. Hastings kjenner arvingen til Styles Court, John Cavendish og blir invitert til godset som gjest. Her bur og Johns hustru, Mary, hans bror, Lawrence, hans stemor, Emily Inglethorp, og fru Inglethorps nye mann, Alfred. Evelyn Howard er fru Inglethorps selskapsdame og Cynthia Murdoch niesen til fru Inglethorp.

Ved ein tilfeldighet treffer Hastings Hercule Poirot i den nærmeste landsbyen, Styles St. Mary og det viser seg at Poirot og andre belgiere har eit godt forhold til fru Inglethorp sidan ho har gitt dei vern mot krigens herjinger. Kort tid etter Hastings' ankomst til godset sparker fru Inglethorp Evelyn, utan at nokon veit kva årsaken er. Ei god veke seinare blir fru Inglethorp funnen i krampetrekninger og døyr minutter seinare.

Sjølv om fru Inglethorp opprinnelig var stemora til John og Lawrence ser dei på ho som si mor, fordi deira eiga mor døydde då dei var små. Brødrene er ikkje så samkjørte, men dei er til dels einige om at mora har blitt drept. Men av kven? Poirot blir hanka inn for å løyse saka, men det går tregt. Den store detektiven klarer ikkje å finne det siste leddet. Plutselig er det fleire som blir arrestert, men har ein av dei gjort det, eller går morderen fri?

Agatha Christie var ein meistar i å finna på handling som setter lesaren på pinebenken, og lar karakterene ha hemmeligheter for kvarandre, sjølv på eit lite sted som eit gods. Mistankene er mange, skyld har dei fleste, men til slutt går det opp eit lys for den briljante detektiven.

XOXO

lørdag 20. august 2011

Bok: "Snikende død" (HP #8)

Forfatter: Agatha Christie (1890-1976)
Originaltittel: Peril at End House
Først utgitt: 1932
Denne utgåve: 2010
Oversetter: Leo Strøm
Forlag: Aschehoug
Format: Heftet
Frå: Mi bokhylle (27. bok i 'Off the Shelf')

Baksidetekst: Hercule Poirot har tatt en velfortjent ferie i Cornwall. Der forskrekkes han over vakre Nick Buckleys fortelling om sine nær døden-opplevelser: Først sviktet bremsene i en skummel hårnålssving. Deretter dundret en kampestein i bakken millimeter fra henne der hun går tur i det bratte kystlandskapet. Til sist ble hun nesten knust av et oljemaleri som falt ned på sengen mens hun sov. Når Poirot så oppdager et kulehull i hatten hennes, bestemmer han seg for at Nick trenger hjelp. Klarer han å finne morderen før han treffer mål?

Denne er ei av dei betre eg har lest, og historien er spennande. Eg har sett sikkert alle filmatiseringane med David Suchet som Poirot, og er du ikkje interessert i å lese bøkene så anbefaler eg sterkt David Suchet.

XOXO