Søk i denne bloggen

Viser innlegg med etiketten Ariana Harwicz. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Ariana Harwicz. Vis alle innlegg

søndag 18. mars 2018

Bok: "Die, My Love"

Forfatter: Ariana Harwicz (f. 1977)
Originaltittel: Matate, amor, oversatt av Sarah Moses og Carolina Orloff
Utgitt: 2012
Min utgåve: 2018
Format: Ebok, 147 sider
Forlag: Charco Press

Den argentinske forfatteren Ariana Harwicz er ein debutant i både bokverda og Booker-prisen. Ho har studert manusskriving, drama og litteratur ved ulike universitet, og har skrevet for teateret i Buenos Aires. Die, My Love er lest i forbindelse med nominasjonen til Man Booker Internationl Prize.

Die, My Love tar opp eit tema som ikkje er direkte tabu, men det  blir snakka lite om. Temaet er fødselsdepresjon, og kvinna i historien lider av dette. Saman med ektemannen og den vesle sonen bur dei på landsbygda i Frankrike, noko ektemannen ville. Dagane går seint, og kvinna veksler mellom å forbanne seg sjølv og barnet, og forbanne staden ho bur på. Mellom linjene kjem det fram at det er nok fleire ting kvinna sliter med, og hennar moralske kompass er langt ute på viddene. Til tider forsøker ho å oppføre seg slik ektemannen og familien ønsker, men ender som regel opp med å skjemme ut både seg sjølv og familien.

Romanen er rå og brutal, er svært forstyrrende, og virker til å vere meir enn sine knappe 150 sider. Tematikken i boka gjer at den tar mykje lenger tid å lese enn om det var ein "normal" kortroman. Harwicz har valgt å ikkje namngi karakterene og det gjer at eg får eit avstandsforhold til karakterene. Eg er til vanleg meget kronologisk av meg, og når Harwicz bytter forteljarperspektiv og hvilken tid det er vipper det meg av pinnen. Slike bøker liker eg igrunnen ikkje, og hadde det ikkje vore for nominasjonen sin hadde eg lagt den vekk utan å ha lest den ferdig.

Kandidat til kortlista? Den er såpass spesiell at det er godt mogleg, men eg avventer og ser kva anna eg finner på langlista.

Andre som har lest den: Beathe og Marianne.

XOXO