Søk i denne bloggen

lørdag 31. januar 2026

Månadslesing #128 | Januar i bøker

Januar var: Snøen gjorde sin entré, og plutselig fekk me snø-aktiviteter i fleire dagar. Det er ikkje kvardagskost for jærske barn og vaksne, så det førte til gangsperr i nokon dagar. Snøen forsvant, og for gåande så fungerer det utmerka med bare vegar og kaldt vér.

I januar har eg lest:

* Karl Ove Knausgård: Min kamp 2 (lyd frå Nextory)
* Thomas Hardy: The Trumpet-Major (lyd frå Nextory)
* Charles Darwin: It was snowing butterflies (PLBC #67) (papir frå hylla) OTS
* Brothers Grimm: The Robber Bridegroom (PLBC #68) (papir frå hylla) OTS
* Catullus: I Hate and I Love (PLBC #69) (papir frå hylla) OTS
* Édouard Louis: Farvel til Eddy Bellegueule (digitalt frå Bookbites)
* Daniel Kehlmann: Filmskaperen (digitalt frå Bookbites)
* Toni Morrison: Elskede (digitalt frå Bookbites) 1001
* Charles Dickens: Bleak House (papir frå hylla) 1001
* Ocean Vuong: På jorda er vi glimtvis vakre (digitalt frå Bookbites)
* Arne Garborg: Forteljingar (digitalt frå Bookbites)
* Karl Ove Knausgård: Min kamp 3 (digitalt frå Bookbites)
* Karl Ove Knausgård: Min kamp 4 (digitalt frå Bookbites)
* Camilla Läckberg: Sørgekonen (Fjällbacka #12) (digitalt frå Bookbites)

I januar fullførte eg ikkje og fortsetjer med:

* Charles Dickens: The Letters of Charles Dickens - volume 1 1833-1856 (digitalt med kindle)
* Thomas Hardy: A Laodicean (lyd frå Nextory)
* Tara Richardson: Jane Austen for Every Day of the Year (papir frå hylla) OTS
* Cora Sandel: Alberte og Jakob (papir frå hylla) 1001 (samlesing med Sølvberget podcast)

I januar har eg kjøpt:

* Tove Ditlevsen: Childhood, Youth, Dependency
* Gwen Giret og Claire Saim: Visual Encyklopedia - Jane Austen
* Henrik Ibsen: Catilina
* Henrik Ibsen: De unges forbund
* Henrik Ibsen: Fru Inger til Østeraat
* Henrik Ibsen: Gildet på Solhaug
* Henrik Ibsen: Hærmændene på Helgeland
* Henrik Ibsen: Kejser og Galilæer I - Cæsars frafald
* Henrik Ibsen: Kejser og Galilæer II - Kejser Julian
* Henrik Ibsen: Olaf Liljekrans
* Henrik Ibsen: Samfundets støtter
* Tara Richardson: Jane Austen for Every Day of the Year

I februar skal eg: Ingenting planlagt.

XOXO

søndag 25. januar 2026

3 x Thomas Hardy

Thomas Hardy (1840-1928) var ein britisk forfatter som debuterte med sin første roman i 1871, og er mest kjent for romaner som Tess of the D'Urbervilles, Jude the Obscure and The Mayor of Casterbridge. Han identifiserte seg imidlertid som poet og skreiv romaner i hovudsak for penger.

The Hand of Ethelberta
er Thomas Hardys femte roman, og handler om eventyrlystne Ethelberta Petherwin som finner opp eit alias og relanserer seg sjølv som samfunnspoet. Samfunnet rundt ho er mannsdominert, men Ethelberta snur det til sin eigen vinning og har snart fire ulike beilere. Ethelberta veksler elegant mellom sine to identiteter, men vil ho velge ein av beilerne? Og skal ho ta han med mest penger eller han ho verkeleg elsker? Thomas Hardy har i denne romanen tatt inspirasjon frå populære romanser og til med hans kones dagbok speler ei rolle i romanen om ei kvinne som har tatt skjebnen i eigne hender.

| Forfatter: Thomas Hardy | Utgitt: 1876 | Min utgåve: Lydbok, lest av Simon Evers, 13t40min | Forlag: Anncona Media |

The Return of the Native
er Thomas Hardys sjette roman, og handler om Eustacia Vye som drøymer om kjærleik og muligheten det gir for utflytting. Nå er Clym Yeobright på veg heim frå Paris og Eustacia ser sitt snitt til å kapre ham. Ekteskapet blir derimot ikkje lukkeleg då Clym har eigne draumar, og dei samsvarer sjelden med Eustacias eigne. Thomas Hardy illustrerer i denne romanen korleis romantiske illusjonar ikkje bare påverker eit ekteskap, men og personer rundt, og muligheten for å påverke eigen skjebne.

| Forfatter: Thomas Hardy | Utgitt: 1878 | Min utgåve: Lydbok, lest av Patrick Tull, 16t26min | Forlag: Recorded Books |

The Trumpet-Major
er Thomas Hardys syvende roman, og hans einaste historiske roman. I den oppdikta byen Wessex venter dei på den moglege invasjonen av Napoleons flåte, og Anne Garland vurderer sine tre beilere. Deira skjebner blir infiltrert av den moglege invasjonen, då to av beilerne er henholdsvis soldat og sjømann. Romanen er ein av Thomas Hardys mest uvanlege og skal vera ein fascinerande historie om kjærleik.

| Forfatter: Thomas Hardy | Utgitt: 1880 | Min utgåve: Lydbok, lest av Michael Ward, 11t18min | Forlag: Independently Published |

Det går sakte framover med Thomas Hardy, men det er ikkje av det beste eg har lest frå denne tidsperioden. Eg trur dei beste romanane kjem mot slutten av Hardys skriveliv, så eg fortsetjer med planen.

Eg er med i ei Discord-gruppe leda av youtuberen Jen the Librarian, og skal lese Thomas Hardys romaner i publisert rekkefylgje dei neste 14 månadane. Eg gler meg då eg tidlegare kun har lest to av romanane hans tidlegare (Under the Greenwood Tree og The Mayor of Casterbridge).

XOXO

torsdag 8. januar 2026

3 x Penguin Little Black Classics | Darwin, Grimm og Catullus


#67 It Was Snowing Butterflies er ein samling tekster frå den britiske naturalisten Charles Darwin. Tekstene handler i all hovudsak om observasjoner gjort medan Darwin som 22-åring var med som forsker på skipet Beagle på 1830-talet. Den er underhaldande, men det haldt med utdraget for min del.

#68 The Robber Bridegroom er 7 eventyr signert dei tyske brørne Jacob og William Grimm. Fleire av dei er kjent som Bymusikantene fra Bremen, Snøhvit og Røverbrudgommen, medan andre var ukjente. Eventyr er alltid kjekt om dei er norske eller utanlandske. 

#69 I Hate and I Love er dikt frå den romerske poeten Catullus. Dikta har i hovudsak overlevd på grunn av dei seksuelle temaene, og det beviser jo at det temaet har eksistert i tusenvis av år. 


XOXO

| Forfattere: Charles Darwin, Brothers Grimm og Catullus | Utgitt: 1839, 1812, 84-54 BC | Format: Hefta, ca 50 sider | Forlag: Penguin Classics |

onsdag 31. desember 2025

Månadslesing #127 | Desember i bøker

Desember var: Ein månad fritt for alt som er burde-burde, og fylt med adventskalender, julegåver, forventningar og godt vér.

I desember har eg lest:

* Therese G. Eide: Askeladdene og piken med svovelstikkene (papir frå hylla) OTS
* Thomas Hardy: The Return of the Native (lyd frå Nextory) 1001
* L. Frank Baum: The Life and Adventures of Santa Claus (papir frå hylla) OTS
* Agnes Ravatn: Doggerland (papir frå hylla) OTS
* Brit Bildøen: Moderat sikt (papir frå biblioteket)
* Ann Helen Kolås Ingebrigtsen: På ein skala frå éin til ti (papir frå hylla) OTS
* Clarice Lispector: Stjernens time (lyd frå Nextory) 1001
* J.R.R. Tolkien: The Two Towers (LOTR #2) (lyd frå Nextory)
* H.C. Andersen: Juleeventyr (papir frå hylla) OTS
* Lise Munk Thygesen: Tove Ditlevsen var min mormor (papir frå biblioteket)
* Banana Yoshimoto: Kitchen (lyd frå Nextory) 1001

I desember fullførte eg ikkje og fortsetjer med: 

* Charles Dickens: Bleak House (papir frå hylla)
* Charles Dickens: The Letters of Charles Dickens - volume 1 1833-1856 (digitalt med kindle)
* Thomas Hardy: The Trumpet-Major (lyd frå Nextory)
* J.R.R. Tolkien: The Return of the King (LOTR #3) (lyd frå Nextory)

I desember har eg kjøpt: Ingen bøker er kjøpt, men under juletreet låg det eit par.

* Annabelle Hirsch: Kvinneting - Historien i 100 gjenstander
* Arundhati Roy: Min havn og min storm

I januar skal eg: Starten av nytt leseår er alltid spennande for kva vil året bringe og kva prioriterer eg. Uansett blir det alltid bra. Noko av det første som er planlagt er klassikerlørdag og då er det jærbuen og nynorskmannen Arne Garborg det skal snakkes om. Det ser eg fram til!

XOXO

søndag 30. november 2025

Månadslesing #126 | November i bøker

November var: Det har vore relativt travelt i november og litt for mykje informasjon skal inn i ein allereie overarbeida hjerne. Eg har vore så heldig at eg har deltatt på kurs i regi av Fagforbundet i tillegg til vanlege jobb-dagar, smultringkoking, julegavekjøping og diverse.

I november har eg lest:

* Henrik og Katarina Lange: Ibsen på en time (papir frå biblioteket)
* Chimamanda Ngozi Adichie: Mammas nattskjerf (papir frå hylla) OTS
* Tore Renberg: Øie=viise, 1720 og andre dikt (papir frå biblioteket)
* Jon Fosse: Skodespelet (papir frå biblioteket)
* Kjersti Anfinnsen: Dødsverk (papir frå biblioteket)
* Giorgio Vasari: Leonardo da Vinci (PLBC #58) (papir frå hylla) OTS
* Oscar Wilde: Lord Arthur Savile's Crime (PLBC #59) (papir frå hylla) OTS
* Shen Fu: The Old Man of the Moon (PLBC #60) (papir frå hylla) OTS
* Aesop: The Dolphins, the Whales and the Gudgeon (PLBC #61) (papir frå hylla) OTS
* Matsuo Basho: Lips too chilled (PLBC #62) (papir frå hylla) OTS
* Emily Brontë: The Night is Darkening Round Me (PLBC #63) OTS
* J.R.R. Tolkien: The Fellowship of the Ring (LOTR #1) (lyd frå Nextory)
* Joseph Conrad: To-morrow (PLBC #64) (papir frå hylla) OTS
* Richard Hakluyt: The Voyage of Sir Francis Drake Around the Whole Globe (PLBC #65) (papir frå hylla) OTS
* Kate Chopin: A Pair of Silk Stockings (PLBC #66) OTS
* Åsa Larsson: Fedrenes misgjerninger (Rebecka Martinsson #6) (papir frå biblioteket)
* Jens O. Simensen, Dagfinn og Mona Enerly: For 20 år siden - Den beste firkløveren (papir frå biblioteket)

I november fullførte eg ikkje og fortsetjer med:

* Charles Dickens: Bleak House (papir frå hylla)
* Thomas Hardy: The Return of the Native (lyd frå Nextory)
* Charles Dickens: The Letters of Charles Dickens - volume 1 1833-1856 (digitalt med kindle)

I november har eg kjøpt:

* Anecdotes of the Cynics (PLBC #124)
* H.C. Andersen: Juleeventyr
* William Blake: Tyger, Tyger (PLBC #89)
* Anton Chekhov: A Nervous Breakdown (PLBC #111)
* Emily Dickinson: My life had stood a loaded gun (PLBC #114)
* Therese G. Eide: Askeladdene og piken med svovelstikkene
* George Goodwin (red.): Christmas Traditions. A celebration of festive lore
* Kakuzo Okakura: The Book of Tea (PLBC #112)
* John Polidori: The Vampyre (PLBC #128)
* W.B. Yeats: A terrible beauty is born (PLBC #98)

I desember skal eg: Minst mogleg og sikkert ein heil del! Men ein ting veit eg: På Instagram har eg planlagt adventskalender med nynorske romaner. Så viss du som leser dette ikkje fylgjer @elidaleser så må du sporenstreks gjera det.

XOXO

søndag 16. november 2025

3 x Penguin Little Black Classics | Conrad, Hakluyt og Chopin


#64 To-morrow er ei novelle frå polsk-britiske Joseph Conrad. Conrad er meir kjent som forfattaren bak Heart of Darkness, Lord Jim og The Secret Agent, men her får me altså ei novelle. Dette skal vera Conrads mest gripande historie, men for min del så har den ikkje tålt tidens tann.

#65 The Voyage of Sir Francis Drake Around the Whole Globe er to sakprosa-tekster frå geografen og forfattaren Richard Hakluyt. Tekstane handler om berømte ekspedisjoner som kartla verda på 1500-talet. Interessant, men keisamt.

#66 A Pair of Silk Stockings er ei samling tekster frå amerikanske Kate Chopin. Tekstane kjem frå slutten av 1800-talet og Chopin vart sett på som datidens mest utfordrande amerikanske skribenter. Tekstane er gode og anbefales.

 
XOXO

| Forfattere: Joseph Conrad, Richard Hakluyt og Kate Chopin | Utgitt: 1902, 1616, 1897 | Format: Hefta, ca 50 sider | Forlag: Penguin Classics |

fredag 14. november 2025

3 x Penguin Little Black Classics | Aesop, Basho og Brontë


#61 The Dolphins, the Whale and the Gudgeon er ein samling av Æsops fabler. Æsops fabler er kjent som moralske fortellinger med dyr i hovudrolla som har fått menneskelege eigenskaper. Kjente fabler er Løven og musa, Haren og skilpadden og Gutten som rope ulv, ulv. Opprinnelsen skal vera den frygiske slaven Æsop frå antikkens Hellas.

#62 Lips too chilled er haiku-dikt frå japanske Matsuo Basho som levde på midten av 1600-talet. Han var ein feira buddhist-poet og eg syns det er flott at diktene ennå er i trykk.

#63 The Night is Darkening Round Me er ei samling dikt frå britiske Emily Brontë. Ein skulle jo tru etter at eg nyleg har avslutta ein månad med viktorianske bøker så var eg lei, men dengang ei. Denne diktsamlinga er heilt i mi gate, og med kun ein publisert roman, Wuthering Heights, er det så bra at Emily Brontë skreiv fleire gode dikt.

Faith and Despondency (utdrag)
The Winter wind is loud and wild,
Come close to me, my darling child;
Forsake thy books, and mateless play;
And, while the night is gathering grey,
We'll talk its pensive hours away; -

25. (utdrag)
The night is darkening round me
The wild winds coldly blow
But a tyrant spell has bound me
And I cannot cannot go

The giant trees are bending
Their bare boughs weighed with snow
And the storm is fast descending
And yet I cannot go

Clouds beyond clouds above me
Wastes beyond wastes below
But nothing drear can move me
I will not cannot go



XOXO

| Forfattere: Aesop, Matsuo Basho og Emily Brontë | Utgitt: 561, 1702, 1846 | Format: Hefta, ca 50 sider | Forlag: Penguin Classics |