Søk i denne bloggen

Laster inn...

torsdag 15. april 2010

Bok: "Vintersolverv"

Nogen gonger plukker du med deg ei bok som du bruker år og dag på å lese, og kvar gong du tar den fram for å lese nogen sider, så angre du med det sama du blar opp til der du har komt. Andre gonger klare du omtrent ikkje å legga boka frå deg:) Rosamunde Pilchers "Vintersolverv" er ei slik bok! Begynnelsen var litt tung, men resten gjekk som i ein røyk.

"Vintersolverv" handler om Elfrida Phipps som, etter mange års omflakkende liv, har slått seg ner i ein liten landsby i Hampshire. Her treffer ho mange koselige mennesker som ho blir raskt venner med, og me får vera med henne når ho besøker ein fetter i Cornwall. Etter at ho kjem tilbake til den vesle landsbyen sin har det skjedd ein plutselig tragedie, og Elfrida flykter. Eit kråkeslott av eit hus i Skottland blir ein fin tilfluktsplass. Etterkvart blir huset raskt ein heim for ein underlig samling mennesker, med julen like om hjørnet. Det blir ein annleis og magisk jul, som ingen av karakterene ville ha opplevd utan dei andre i huset.

Boka var rett og slett nydelig! Eg hadde store vansker med å legge ho frå meg eit par gonger, fordi det betydde at eg måtte forlate den herlige stemningen i boka. I forhold til andre bøker er "Vintersolverv" oppdelt i kapitler der namnet på den karakteren kapitlet handler om er kapittelnamnet. Det var veldig interessant, fordi du slepp den hoppinga frå karakter til karakter. Og eg syns det var storarta!

XOXO

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar