GODT LESERIKT NYTTÅR!
Eg har lest fleire poster om litteraturmål, og skreiv sjølv ner nokon i går kveld. Viss eg har kopiert nokon andre sine, så er det kun for at eg syns det passte til meg og, så ta det som eit kompliment:)
Mine litteraturmål for 2011 er som følger:
- Lese fleire klassikere. Eg vil helst lese dei eg har i dvd-hylla, som Charles Dickens, Thomas Hardy, Elizabeth Gaskell, George Eliot og Jane Austen. Sistnemnte er ikkje framand for meg i bokform, men ønsker å lese dei om igjen.
- Lese fleire krimbøker. For eit par år sidan var krim omtrent det einaste eg leste, men så vart eg lei. Nå ønsker eg å finna krimgleden igjen, og har satt opp Agatha Christie på forfatterlista.
- Lese ferdig fantasyseriane. Eg begynte så smått på Rick Riordans Percy Jackson og Philip Pullmans His Dark Materials.
- Lese meir om vampyrer. P.C. Cast har fått merksemd på bloggene, og eg er interessert i Rachel Caine, Richelle Mead og resten av serien til L.J. Smith.
- Lese andre språk. Eg leser norsk og engelsk, men det er jo fullt mogleg å lese bøker på eksempelvis svensk og dansk (om det er mogleg å finne på biblioteket).
- Lese bøker i mi eiga bokhylle. Fanen 'Off the Shelf' er allereie oppretta, og eg kjem til å oppdatere den etter kvart.
- Lese bøker frå fleire land. Reise-i-litteratur-innlegget var ein vekker, og fekk meg til å innsjå at det er fleire hull i min forfatterverden.
- Skrive betre bokanmeldingar. Eg begynte så smått å skrive info om bøkene, men så datt det vekk igjen.
- Kommentere blogginnlegg. Eg er innom omtrent 10 blogger kvar einaste dag, men legger sjelden igjen kommentar.
- Fortsetje med å blogge om bøkene eg les, og spre leseglede!
I byrjinga av desember var eg innom mange blogger med litteraturmål, og her kjem eit lite knippe av det eg har funne så langt:
Underhold meg, Bokorm, Julies bokbabbel, Bokelskerinnen, Stines notater, Migrating Coconuts, Lesehesten frå Sørlandet.
XOXO
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar