Forfatter: J.K. Rowling
Utgitt: 2005
Format: Lydbok, lest av Stephen Fry, ca 21t
Forlag: Bloomsbury
Frå: Biblioteket
Baksidetekst: Why is Professor Dumbledore coming to visit Harry at the Dursley's house in Privet Drive? And what will happen when he meets Uncle Vernon and Aunt Petunia? What is it that cannot wait until Harry returns to Hogwarts in a few weeks' time for the start of his sixth year?
For meg så er denne sjette boka i serien ei ventebok, me venter på handlinga i 7'eren. Venter på dei spennande og til tider kjedelige øyeblikka i den neste boka. Men samtidig som det er ei ventebok, så skjer det ein del i Halvblodsprinsen som er verdt å ta med seg. Me får møte ein lærar som eg aldri har likt, ein lærar som "luker" ut elever som har berømte familiemedlemmer. Harry får tak i ei eliksirbok som gjer at han blir den flinkaste eleven i klassen, men samtidig så lurer me fælt på kven denne Halvblodsprinsen er. Historien til Severus Snape kjem meir fram i lyset, og eg kan ikkje la vera å like denne læraren som ingen andre eigentleg liker. På slutten blir endelig Harry og Ginny romantiske, og forholdet mellom Ron og Hermione blir verre, men til slutt betre. Gleder meg stort til å få tak på neste bok!
XOXO
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar