Søk i denne bloggen

mandag 28. februar 2011

Februar - oppteljing

Eg har lest 7 bøker i februar månad. Ei av dei var lydbok, og etter den har eg ikkje høyrt fleire lydbøker. Eg kjente at eg trenge ein pause frå lydbøker, og det har vore herlig. Eg er fornøyd med denne lesemånaden, for eg har lest mange gode bøker.

- Klassiker: The Tenant of Wildfell Hall vart avslutta, og eg er godt fornøyd med det. Det var ei lang bok, men eg trur det hadde gått tregere hadde eg ikkje visst korleis det gjekk til slutt. Eg er litt sånn, liker ikkje så godt overraskelser:-P Nå har eg lest dei 3 viktigaste bøkene til Brontë-søstrene, og alle 3 er flotte opplevelser på kvar sin måte.

- Serie: Alyson Noëls første bok i The Immortals-serien gjekk relativt kjapt, men eg slit med å finne inspirasjon til å begynne på neste bok. Etter alle vampyrbøkene der handlinga stort sett handler om det same, var det befriande med ei bok der det ikkje var vampyrar som jakta på blod eller drakk syntetisk blod.

- Serie 2: Philip Pullmans siste bok i His Dark Materials-serien kan eg med handa på hjartet sei at eg høyrte kun for at det var slutten på ein serie. Eg fant aldri feelingen på denne serien, men hadde alle likt dei same bøkene hadde det vore kjedelig å vera bokblogger.

- Jo Nesbø er ein av mine favoritter, og den femte boka om Harry Hole, Marekors, skuffer ikkje. Det er ei av dei beste - så langt - om Harry Hole, og neste bok står klar i hylla.

- Kirkegårdsboken var ein interessant leseopplevelse og ei annleis fantasy-bok. Forfatter Neil Gaiman klare å halda lesarane på pinebenken, og han klare kunststykket å halda på spenninga til siste kamp er over. Må nok sjekke ut meir av denne forfatteren.

- G. G. Musso hadde eg aldri høyrt om, før eg leste ein omtale av boka Etterpå på ein bokblogg. Eg klarte ikkje å legga frå meg historien om Nathan del Amico som møter ein lege som kan sjå kven som skal over til dødsriket. Spennande historie, slutten var sår då det går opp for Nathan at han sjølv skal hjelpe nokon over til dødsriket. Les den!

- Kate Morton er ein forfatter som har fått mykje cred. Då eg skreiv i 'It's Monday! What are you reading?' sist veke at eg hadde lest Den glemte hagen fekk eg rekordmange kommentarer. Enten så var det at dei hadde lest den, eller at dei ville. Morton er i ferd med å bli ein yndlingsforfatter, og eg glede meg til den neste boka hennar, En svunnen tid, kjem på norsk i mai.

Novelleutfordringa: Eg har ikkje lest nokon noveller i februar, men Irène Némirovskys novellesamling ligg og ventar på meg.

- I februar månad har eg lest bøker av forfattere frå USA (Alyson Noël), Frankrike (G. G. Musso), Storbritannia (Philip Pullman, Anne Brontë, Neil Gaiman), Noreg (Jo Nesbø) og Australia (Kate Morton).

- Forrige månads mål: Krim, klassiker og Alyson Noël var måla, og eg bestod alle. Kunne godt lest meir krim, men tar det opp igjen til påske.

- Mål for neste månad: Eg har skreve fantasy som eit delmål, og planlegger å lese Alyson Noëls The Immortals-serie, og Rick Riordans fjerde bok om Percy Jackson, Percy Jackson og slaget om labyrinten. Eit anna mål er å lese Thomas Manns Huset Buddenbrook som skal anmeldes som lesesirkelbok 3. april.

XOXO

PS. Bildet er frå Bookshelfporn, og passer godt sidan det har vore Mammutsalg. DS.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar