Søk i denne bloggen

tirsdag 31. mai 2011

Mai - oppteljing

Eg har lest 7 bøker i mai månad. 2 av dei var lydbøker. Eg er ikkje fornøgd med denne lesemånaden, men humøret har ikkje vore der, og bøkene eg har lest og leser nå er tunge å komme gjennom på ein måte.

Lesesirkelbok: Første bok ut i Lines biblioteks lesesirkel var Marguerite Duras’ Elskeren. Eg likte den ikkje noko særlig, men det var i grunnen ikkje for historien, men for måten boka var bygd opp. Min kronologiske hjerne passa ikkje med den boka.

Serielesing: Åsa Larssons Spilt blod, Jo Nesbøs Snømannen og Alyson Noëls Blue Moon er seriebøker for meg. Åsa Larsson skriver mykje blodigere og meir thrilleraktig enn Jo Nesbø, men dei er spennande. Jo Nesbø er min favorittkrimforfatter, og Harry Hole er den kulaste politimannen for øyeblikket. Snømannen var ei eksepsjonelt god bok, og det var ikkje før på siste CD at snømannen vart avslørt. Ulidelig spennande! Blue Moon var ei god bok, men eg sit heile tida om spørsmålet om kvifor eg les dei. Eg er litt usikker på om eg liker bøkene om Ever og Damen. Andre som har lest dei, og kva syns dykk i så tilfelle?

Den andre boka av Jo Nesbø som vart lest i mai var Hodejegerne, og den falt ikkje i smak i det heile. Jo Nesbø bør halda seg til Harry Hole.

Påskekrimmen fulgte meg inn i mai, og Hercule Poirot løyste mordgåte på flyet. Denne var spennande til siste slutt, og sjølv om Poirot ikkje fulgte heilt med på flyturen, klarte han likevel å nøste opp lause tråder og løyse gåta.

Breakfast at Tiffany’s er ein søt film, men boka passa meg ikkje i det heile. Det er ei relativt kort bok, men herlighet så lang tid det tok å lese den. Eg sat heile tida og venta på scener i filmen, men eg syns aldri dei kom. Kanskje andre Truman Capote-bøker passer betre.

Den andre lesesirkelboka skal eg ikkje seia så mykje om, for den har eg ikkje blogga om ennå. Nadine Gordimers Bevareren har eg allereie skreve omtalen om, men enn så lenge får du vente til 26. juni for å få mi meining.

I mai månad har eg lest bøker av forfattere frå Frankrike (Marguerite Duras), Storbritannia (Agatha Christie), Sverige (Åsa Larsson), USA (Alyson Noël, Truman Capote), Noreg (Jo Nesbø) og Sør-Afrika (Nadine Gordimer).

Mål for mai: Av 7 bøker har eg lest 4 frå mi eiga bokhylle, og det er greitt nok. Don Quijote ligg framleis framme og blir lest i.

Mål for juni: Eg vil fortsatt prøve meg med mange Off-the-Shelf-bøker, men eg innser at eg er veldig glad i nye bøker frå biblioteket. Don Quijote skal framleis vera med, og skal prøve å få lest Alyson Noël-bøkene i juni. Eg held nå på med tredje bok.

XOXO

2 kommentarer:

  1. Du har vore flinkare enn meg. Eg har bare lese 5-6 bøker i mai...

    Besøk bokbloggen min: http://bokverdami.blogspot.com/

    SvarSlett
  2. Jeg er helt enig med deg, Jo Nesbø bør holde seg til Harry Hole!! Og 9.juni er han på plass igjen!! :-)

    Ha en fin kveld :-)

    SvarSlett