Søk i denne bloggen

torsdag 30. juni 2011

Juni - oppteljing

Eg har lest 13 bøker i juni månad. Eg er godt fornøgd med denne lesemånaden, for bøkene har stort sett vore gode og varierte.

Lesesirkelbok: Den andre boka i Lines biblioteks lesesirkel var Raymond Chandlers Den lange søvnen. Den var annleis enn krimbøker skrevet i dag, men eg har blitt inspirert til å lese den om igjen, då på engelsk.

Eg har lest to Nesbø-bøker i juni. Panserhjerte var ulidelig spennande, men den nyaste om Harry Hole, Gjenferd, var ein skuffelse.

Klassikere: Thomas Mann håper eg blir ein gjenganger utover sommaren og hausten, då eg har kjøpt eit par av hans bøker. Døden i Venedig er lest, saman med Elizabeth C. Gaskells Cranford og Mr. Harrison's Confessions. Alle tre var gode bøker, og er ein del av klassikermålet for året.

Serielesing: Ei av Charlaine Harris' bøker om Sookie og vampyrane er lest, og det er som alltid god underholdning.

3 veldig gode bøker er lest i juni, og det er Tom Egelands Fedrenes løgner, Kathryn Stocketts Barnepiken, og Kate Mortons The Distant Hours. På kvar sin måte var dei page-turnere, og eg anbefale alle å lese desse tre.

Mindre gode bøker denne månaden var Anders de La Mottes [geim], Cecelia Aherns Om du kunne se meg nå, og Karen Kingsburys Som flyvende løvetannfrø.

I mai månad har eg lest bøker av forfattere frå Irland (Cecelia Ahern), Noreg (Tom Egeland, Jo Nesbø), Storbritannia (Elizabeth C. Gaskell), Sverige (Anders de La Motte), Tyskland (Thomas Mann), USA (Raymond Chandler, Charlaine Harris, Karen Kingsbury, Kathryn Stockett), Australia (Kate Morton).

Mål for juni: Slaget om Off-the-Shelf-bøkene er delvis tapt: 3 stk i juni. Don Quijote er framleis med, men Alyson Noël har flytta inn i bokhylla igjen, halvveis uti tredje bok.

Mål for juli: Eg har sommerferie heile juli, og det skal bli herlig. Eg har skreve ei liste over sommarlektyre, Kindle'n er god å lese på, og 1001 bøker venter, men stort sett skal eg lese det eg har mest lyst til, akkurat når eg vil!

XOXO

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar