Søk i denne bloggen

søndag 3. juli 2011

Bok: "Borgermesteren"

Forfatter: Thomas Hardy
Originaltittel: The Mayor of Casterbridge
Oversetter: Liv Malling
Utgitt: 1886, 2007
Format: Lydbok, lest av Bente Børsum, 11t35min
Forlag: Cappelen Damm
Frå: Ordflyt

Baksidetekst: Dette er historien om en suksessfull mann som ikke kan rømme fra fortiden. Michael Henchard har i tyve år holdt på en dyster hemmelighet: i fyllerus på et landsbymarked solgte han sin kone Susan til en sjømann. Nå er Henchard en respektert borgermester i byen Casterbridge, og plutselig er kona tilbake i byen.

For ei vekes tid sidan leste eg ein omtale av Jane Austens Stolthet og fordom som Julie hadde lagt ut. Det var imidlertid ikkje sjølve omtalen som interesserte meg til slutt, men det faktum at Julie hadde funne lydboka på Ordflyt. Ordflyt er eit program du laster ned på same måte som Wimp og Spotify, og er Norges største satsing på digitale lydbøker. Det forekommer ingen økomomisk forpliktelse knytta til utprøving og eg lasta ner. Ordflyt er ein betalingstjeneste på fleire lydbøker, men dei har og mange gratis ydbøker som du kan høyre der og då. Eg har ikkje sett på alle lydbøkene ennå, men det kjem etterkvart. Så mykje tid som eg bruker på pc-en innimellom så er det greit med lydbøker.


Når eg låner lydbøker på biblioteket er det ofte hakk i dei, og det syns eg er skikkelig irriterande. I Borgermesteren som eg høyrte ferdig idag var det ingen skurringer, og det var ein drøm. Bente Børsum var og ein god oppleser. Eg har sett ein filmatisering av denne boka (produsert i 2003) og det gjorde ingenting at boka kom etterpå. Skal definitivt bruke Ordflyt meir, og ny bok er allereie påbegynt.

Andre som har omtalt den er Julie.

XOXO

PS. Ei 1001-bok slik utan å planlegge det er fint:-)

7 kommentarer:

  1. Ordflyt er eit veldig kjekt konsept. Eg har ikkje heilt fallt for lydbokkonseptet endå, etter eit par rundar med svært dårlege opplesarar. Eg merkar eg er veldig kresen der. Men nå kan eg jo utforske lydbokuniverset litt meir, utan å måtte kjøpe eller låne bøkene heile tida, og det tenker eg kan vere fint.

    SvarSlett
  2. Jeg har også sett litt på ordflyt og synes det virker som et bra konsept. Jeg gleder meg til de får apper til telefonene.

    Vi låner også en del lydbøker på biblioteket og det med hakk er irriterende...

    Takk for tipset om Hardy. Det er en forfatter jeg tenker ejg skal lese noe av.

    SvarSlett
  3. Bai: Eg er ikkje så veldig glad i lydbøker, men det hjelper viss bøkene er tunge og komme igjennom:-)
    Karin: Eg kjøper av prinsipp ikkje lydbøker fordi eg høyrer dei så sjelden meir enn ein gong. Thomas Hardy er ein fin forfatter, "Under the Greenwood Tree" er ei bok du absolutt bør lese.

    SvarSlett
  4. Jeg så filmen på nyåret, etter anbefaling av deg /the greenwood tree altså/ og jeg likte den veldig godt:-) Tror derimot jeg vil starte med en annen bok av han, siden jeg har filmen litt i minne.

    SvarSlett
  5. Det kan godt hende tunge bøker er betre som lydbøker. Eg blir ofte frustrert over at opplesaren les i eit anna tempo enn det eg ville vald sjølv. Eller at opplesaren tar pausar på feil plass eller noko slikt. Men nå har eg riktignok bare vore gjennom to lydbøker i mitt liv, det kan jo hende eg har vore uheldig med opplesarane også.

    SvarSlett
  6. Nokon gonger har eg funne irriterande opplesere, og spesielt med Arto Paasilinna-bøkene så skulle eg ønske dei hadde same oppleser til alle bøkene. Eg har og begynt med ei bok som lydbok og avslutta den som bok, i det siste har det vore tifellet med Jo Nesbøs "Panserhjerte" og Kathryn Stocketts "Barnepiken".

    SvarSlett