Søk i denne bloggen

mandag 22. august 2011

Haustlektyre

Eg har tenkt på dette ei stund; sidan det fins sommarlektyre så må det vel vera noko som heiter haustlektyre og? Sjølv om kveldane og morgonane er forholdsvis lyse, så er det ikkje til å stikke under ein stol at hausten har kome. August skal og vera ein sommarmånad, men det føles ikkje slik når gradestokken viser under 10 grader og eg kjem omtrent hutrande til jobb.

Ciuva skreiv eit innlegg om Goodreads-utfordringa igår, og faktum er at ho har kome på fote med den i ein jyselige fart. Eg er alltid 5-6 bøker etter utfordringa, men så kjem eg på det at eg har til einkvar tid 5-6 bøker liggande som er påbegynt;-) Eg har satt som mål å lese 150 bøker i år, men skal få til det.

Men så var det haustlektyre! Om sommaren har me så god tid og kan lese mykje (eg klarte 25 bøker i min feriemånad, men august er det litt verre med). Men kva med neste månad og månaden etter? I mi bok er det ingenting som er meir koselig enn å krype opp i godstolen/sofaen/senga med teppe, pute, dyne gjerne, tekoppen og ei bok. Mørket omsluttar deg utanfor, men stearinlysa skin inne. Å kunne drømma seg vekk frå mørke, hauststormar og forpliktelser og synka inn i ei verd som kanskje ikkje er betre enn din eigen, men som likevel kan gje deg ein følelse av at hausten er ikkje så galen.

Min haust håper eg blir variert og spennande, koselig og intim, ilag med forfattere som betyr noko for meg, eller med nye forfattara som kan kome til å bety noko etter første bok. Eg har mange prosjekt på gang: Lines lesesirkel, Terry Pratchett-bøker (viss eg kjem gjennom bok 1 og 2), Charlaine Harris' Sookie Stackhouse-serie, Kindle'n er full av mykje rart og elles alt anna eg finn på biblioteket eller i bokhandelen eller på bokblogger.

Håper din haust vert fin, og bokrik!

XOXO

2 kommentarer:

  1. Jeg skiller mellom sommer- og høstlektyre. Sommerbøker bør være lettleste og lett fordøyelige. På høsten liker jeg derimot mursteiner og gjerne klassikere. Boken jeg gleder meg aller mest til å lese i høst er klassikermursteinen "Greven av Monte Cristo".

    Håper din høst også blir bokrik og fin! :-)

    SvarSlett
  2. Eg og gleder meg til "Greven av Monte Christo" :-)

    SvarSlett