Søk i denne bloggen

mandag 23. juli 2012

Veke 29

Idag var det tilbake til "all work and no play" og sommerferien min er offisielt over for i år. Etter 4 veker er eg ganske forsynt med fri, men det høyres ganske deprimerende ut å ikkje ha utsikter til ferie før til jul. Likevel trivs eg godt på jobb, og så fort som dagene går så blir det fort jul.

Idag har eg og fått den nye turnusen for hausten, og med min flaks så har eg fått tidligvakt 14. september. Oslo, here I come! Bokbloggtreffet nærmer seg, og det kan bli spennande! Nokon som skal?

Elles så har det sneke seg inn nokon nye bøker denne veka og, skulle jo tru at det snart tok slutt. Nå er det slutt for ei stund, for eg må jo faktisk lese dei og. Eg har og nådd målet om 52 bøker, HIPP HIPP HURRA! Det skjedde 17. juli (omtrent ein månad seinare enn ifjor), så nå gjenstår det å sjå kor mange eg klarer til slutt. Eg har fundert på om eg skal høyne målet, men har funne ut at er målet nådd, så er det nådd. Ferdig med det!

Håper du får ei fin veke!

Leste bøker (16.-22. juli):
- Tamara McKinley: Drømmenes land
- Donna Tartt: Den hemmelige historien (1001-bok)

Kjøpte bøker (16.-22. juli):
- Agatha Christie: Den nemeiske løve
- Agatha Christie: Mord i prestegården
- Agatha Christie: Mord på Orientekspressen

XOXO

3 kommentarer:

  1. Eg begynte akkurat å kjøpe Agatha Christie-serien!
    Har de seks første i pocket, digger covrene! Eg kjøper de kronologisk, så er ei stund til eg kjem til 'Mord på Orientekspressen', ein av Christie-favorittane mine! :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg har kjøpt dei laust og fast etterkvart som eg fant dei i butikken, og om du har dei same som eg, så er coverne flotte:-)

      Slett
  2. Agatha sine bøker er bare herlige:)))
    Kos deg med de:))

    SvarSlett