Eg er av dei som er veldig glad i kongelege, og veit veldig godt kven som er kven, og kan namngi samtlige monarker i Europa, med etterfølgere. Derfor kjenner eg på sorgen over at prinsesse Ragnhild er død. Samtidig er eg klar over at dødsfallet og begravelsen er ei privatsak for dei mange involverte. I denne saka er ikkje kong Harald konge. Han er ein lillebror som har mista ei av sine storesøstre. Prinsesse Ragnhild var ikkje bare kongsdatter og prinsesse av Noreg. Ho var hustru, mor, svigermor, farmor og mormor, søster, svigerinne, tante og ei kjær venninne.
Prinsesse Ragnhild var mystisk for det norske folk. Kort tid etter bryllaupet med Erling Lorentzen i 1953, reiste dei til Rio de Janeiro for å utforske forretningsmuligheter. Prinsesse Ragnhild har sjølv sagt at kontrakten mellom ho og Erling var for eitt år i Brasil, men kontrakten vart aldri fornya. Dei vart bare verande i Brasil. Der hadde dei sitt liv og virke, og dei tre ungane vaks opp i Rio de Janeiro.
Kilde: bokelskere.no |
XOXO
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar