Søk i denne bloggen

mandag 10. desember 2012

Bok: "Søstre i gode og onde dager" (Jenter i jeans #5)

Forfatter: Ann Brashares
Originaltittel: Sisterhood Everlasting
Utgitt: 2011
Min utgave: 2012
Oversetter: Cecilie Winger, MNO
Format: Innbundet
Forlag: Cappelen Damm

Ann Brashares har hatt stor suksess med Jenter i jeans-serien. Tibby, Lena, Carmen og Bridget er fire venninner som har haldt saman i tjukt og tynt sidan mødrene gjekk på same svangerskapstrening, og dei vart fødd med få dagers mellomrom. I første bok var det første gong jentene skulle vera frå kvarandre heile sommaren, og for å halde kontakten kjøpte dei ei dongeribukse som merkeleg nok passa til alle, og sendte den mellom seg. Dette skjedde i dei to neste bøkene og, heilt til til lillesøstera til Lena tok buksa med seg til Hellas i sjalusi og mista den. Til slutt innsåg Tibby, Lena, Carmen og Bridget at det var kanskje til det beste for alle.

Då Cappelen Damm annonserte bokbloggturneen for hausten vart eg straks interessert då ei femte bok om jeansjentene var med. Til min store lykke fekk eg vera med på den siste boka for hausten.

I Søstre i gode og onde dager er det 10 år sidan me forlot jentene i Hellas. I løpet av perioden har alle oppnådd det dei ville i privatlivet; Carmen er skuespiller, Lena er kunstner, Tibby lager film og Bridget hjelper dei heimlause. Dei har alle private kjærleiksforhold, og skulle vore ingenting anna enn lukkelege. Begravd langt inne i alle fire er det noko som mangler: Nærheten til venninnene og styrken dei hadde saman. Då invitasjonen frå Tibby kjem om å møtas igjen i Hellas kunne det ikkje vore på eit betre tidspunkt. Lena, Carmen og Bridget reiser frå USA til Hellas, medan Tibby reiser frå Australia og skal vera i Hellas dagen før dei andre. Då amerikafarerne kommer til flyplassen i Hellas er det ingen Tibby som møter dei, og bekymringer oppstår.

Kvifor reiste Tibby og Brian så plutselig til Australia? Og kvifor er Tibby så dårleg på kommunikasjon til venninnene sine? Er dei tre andre verkeleg lukkelege i sine liv, eller er det andre ting utanom venninnene som mangler?

Eg har ikkje så lyst til å sei meir enn dette for å unngå spoilere i omtalen. Boka er eit verdig punktum i historien om jeansjentene, og sjølv om det er ei god stund sidan eg leste dei forrige bøkene så henger ting igjen. Boka er lettlest, flyter godt i språket og eg likte den godt. Som sagt er denne boka med i bokbloggturneen, og i morgon er det Lena som skriver sin omtale av boka.

XOXO

9 kommentarer:

  1. Jeg har ikke lest om denne, men hørt om på den på ett par bokblogger. Høres spennende ut:)

    SvarSlett
  2. jeg har ikke lest denne, skulle det stå. Skrev litt fort he he:P

    SvarSlett
  3. Ah! Takk for tips Elida! Jeg har lest de forrige, så jeg må jo ha med meg denne :o) Notert!

    SvarSlett
    Svar
    1. Bare hyggelig, Marianne! Du må jo for all del ikkje gå tom i skal-lese-bunken;-)

      Slett
  4. Jeg har lest den som en av Bokbloggturneens skrivere. Legger den inn i dag. Fint med flere inntrykk!

    SvarSlett
  5. Heh, ja det var det ja. Eg har skrive e-post til forlaget og sagt at eg dessverre ikkje rekk å vere med denne omgangen. Boka er ulese og blir det nok ei god stund til. Kjekt å høyre at ho er god da. Eg har ikkje lese nokon i denne serien.

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg fulgte bare lista eg fekk hjå Cappelen:-) Ein kan ikkje rekke alt, men ho er fin ein ettermiddag du har til overs:-)

      Slett
  6. Jeg elsket både bøkene og filmene, og har virkelig lyst til å lese denne siste!

    SvarSlett