Søk i denne bloggen

onsdag 5. desember 2012

Mitt litterære 2013

Utan mål kan ein ikkje mislukkas, men utan mål kan ein heller ikkje lukkas. 2013 nærmer seg med stormskritt, og nye litterære mål for året er i anmarsj på fleire blogger. Etter nokre år med slike mål byrjer ein å bli dreven i gamet, men like fullt kjem tvilen snikande. Passer desse måla for meg? Kjem eg til å angre straks eg publiserer? Kva vil andre bloggere syns om mine mål? Samtidig kjem den eine tanken snikande, den gode tanken. Den tanken som seier at eg bestemmer. Eg bestemmer kva eg vil fokusere på i året som kjem!

Neste års litteraturmål er som følger:

1. 52 bøker
Superleser eller ikkje, eg vil ha tid til å nyte bøkene istaden for å sluke dei. Derfor er målet ei bok i veka.

2. Off the Shelf
Eg liker å tru at eg kjøper lite bøker, men bokhyllene har minst 50 uleste, om ikkje meir. Alt ulest er lov i dette målet.

3. Forfattermål: Agatha Christie (2011-2013)
Eg samler på Christie-bøker, og det er dei nydeleg pocketbøkene til Aschehoug som får flytte inn i bokhylla. I 2010 vart forfatteren 120 år, og det er eit godt skussmål for å lese bøkene. Dei siste to åra har eg lest 17 stk, men eg har sikkert like mange uleste i bokhylla.

4. Forfattermål: Charles Dickens (2012-2013)
To Dickens-bøker det siste året, men fortsetter med liv og lyst.

5. Sakprosa
Eg begynte friskt i januar med Tor Bomann Larsens bøker om kongefamilien, fekk ein overdose og tok det ikkje opp igjen. Resten av serien skal leses i 2013.

6. 1001 bøker
Lista er redigert, og publisert, og eg ser fram til mange timer med kjente og ukjente forfattere.

7. Nobelprisvinnere
Det må vera ein årsak til at ein forfatter får Nobelprisen i litteratur, og eg vil begynna med dei eldste bøkene.

8. Riverton og Glassnøkkelen
Eg ønsker å finna tilbake til krimelskeren i meg sjølv, og begynner med dei eldste bøkene. Bokelskerinnen har og dette som mål, og dette har alle utsikter til å bli spennande.

9. Andre bloggeres meininger
Alle lesere og bloggere har ikkje dei same følelsane om ei bok, og eg må slutta å ha dårlig samittighet for at eg ikkje har lest den/dei bøkene som "alle andre" har lest, og heller kosa meg med dei bøkene eg faktisk leser, og gode bokomtaler.

10. Fortsetje og blogge om bøkene eg les, og spre leseglede!

Fleire av måla kan brukas saman, og eg ser fram til mange gilde lesetimar. Har du skrevet litteraturmål?

8 kommentarer:

  1. Hold på den gode tanken, det er du som bestemmer!
    Og uten mål har det lett for å bli for lite struktur og kanskje ingen lesing av det en har tenkt. Selv har jeg som mål å henge med på 1001 lesesirkelen, og om tiden strekker til lese andre bøker innimellom :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er akkurat slik eg og tenker. Eg må ha nokre mål slik at lesinga ikkje går heilt over styr eller blir skippa heilt:-)

      Slett
  2. Husk alltid: A girl is allowed to change her mind! Det blir helt meningsløst å tenke at man forplikter seg til lesemålene sine mer enn man ønsker. Det har ingen andre noe med, og dessuten er vi like ille hele gjengen;-) Så det så.

    Jøss, det Nobelprismålet var spenstig! Nå ble jeg veldig nysgjerrig, for jeg har inntrykk av at det var mye rart som vant de første årene. En interessant utfordring. Jeg vurderte å lage en liknende selv, bare at jeg ville begynne i motsatt ende med de nyeste vinnerne. Men jeg har litt for få av bøkene i hyllen til at jeg orker det i 2013. Da skal jeg heller lese fra bokhyllene mine og holde meg der. Jeg gleder meg allerede.

    Veldig hyggelig at så mange har som mål å være med på noen av lesesirkelbøkene neste år! Jeg håper du vil være med på noen du også, Elida?

    SvarSlett
    Svar
    1. Heilt sant, Line, det er ingen skam å snu!

      Angåande Nobelprismålet mitt så har eg haldt på litt i midten og slutten (ligger som ei eiga fane på toppen), men ikkje i byrrjinga. Kan bli spennande å byrje med dei eldste når du seier at det var mykje rart som vant;-) Utførlige omtaler av rare bøker er på veg i tilfelle:-D

      Sjølvsagt skal eg vera med på lesesirkelbøker. Eg har allereie prøvd meg på den første, men trur den blir skippa, men etter det er eg klar, og Krig og fred står til og med i bokhylla mi:-)

      Slett
  3. Syns du har satt deg noen fine mål :) Og du har så rett.. Det er opp til deg sjølv bare :)
    Men er kjenner meg igjen du skriver.. Man kommer inn på den tanken likevel..

    Mine lesemål kommer nok snart. Håper eg :P
    Har ikkje så mye PC tid for tida.. Men i løpet av desember xD

    Kos deg masse..
    Lykke til med lesemålene :)

    SvarSlett
  4. Så morsomt at du har sett opp nobelprisvinnarar som mål. For eit par år sidan, var eg med på ei svensk utfordring, kor vi las ein nobelprisvinnar i månaden, frå toppen av lista. Eg ramla av lasset og heile utfordringa stagnerte. Men eg har leika litt med tanken på å ta opp tråden igjen, for min eigen del. Kan hende det er rom for litt samlesing, her og?

    SvarSlett
  5. Gode og interessante mål! Eg les mange lydbøker, og då er utvalet mindre enn elles. Må innrømme at eg synest Nobelprisvinnarar var ein særs god idé, og at eg kjem til å stele den.

    SvarSlett