Søk i denne bloggen

Laster inn...

torsdag 28. februar 2013

Februarstatistikk

Årets kortaste månad er øyeblikk historie, men dette året er eg sikker på at eg har blitt snytt for nokon dagar. Februar har gått ulovleg fort, og det er rett før eg må ut med stoppskilt. Januar var månaden for påbegynte bøker, og eg har faktisk greid å lese ferdig nokon av dei, medan andre har blitt satt fint tilbake i hylla til ein seinare anledning.

- Karin Fossum: Evas øye (Konrad Sejer #1) - lydbok (ferdighøyrt)
- Karin Fossum: Se deg ikke tilbake! (Konrad Sejer #2) - lydbok - Rivertonvinner (ferdighøyrt)
- Agnes Lovise Matre: Stryk meg over håret (ferdiglest)
- Åsa Larsson: Til din vrede går over (Rebecka Martinsson #4) - lydbok (ferdighøyrt)
- Charles Dickens: Bleak House (ferdiglest)
- Irene Nemirovsky: Storm i juni (ferdiglest)
- Charles Dickens: David Copperfield (påbegynt) - kindle
- Karin Fossum: Den som frykter ulven (Konrad Sejer #3) - lydbok (påbegynt)
- Gunnar Staalesen: Rygg i rand, to i spann (Dumbo og Maskefjes #1) - Rivertonvinner (påbegynt)

Skulle nesten tru at påsken har gjort eit snikhopp til februar. Målet mitt med å lese Riverton/Glassnøkkelvinnere var å finne tilbake til krimelskeren i meg. Akkurat nå ser eg at det kjem til å bli eit av dei lettaste måla dette året, og at krim funker veldig bra i lydbokform.

Ein shopoholikers bekjennelser

Dei siste åra har eg handla mykje på Mammutsalg. Eg har gått gjennom avisa med argusauge, og notert ner ein haug titler som eg etterpå har bestillt. I år har eg ikkje kjøpt noko på Mammutsalget. Ingenting! Nada! Eg er i sjokk sjølv! Likevel kan eg ikkje gå gjennom ein heil månad uten bokkjøp, men det er eit einsamt selskap den får gå i.

- Elizabeth Gaskell: North and South (Penguin)

Status lesemål

I februar har eg lest ein Rivertonvinner, ein Dickens-roman, to 1001 og 3 off the shelf.

Ønsker for mars

Påsken er ulovleg tidleg i år, så det blir krimbøker i mars. Eg skal gjera eit dypdykk i Agatha Christie-hylla, finna neste lesesirkelbok på biblioteket, og rigga meg til i dei stadig lysare kveldane med mord og skumle gjerninger.

XOXO

8 kommentarer:

  1. KArin Fossum var en favoritt av meg før. Holder på med henne nå ijen. Høre på Jeg kan se i mørket nå.. den går litt tregt.. Enig at krim funker bra på lydbok.:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg har nyleg oppdaga Fossum, men dei to første bøkene var vanskelige å legge frå seg:-)

      Slett
  2. Jeg fant 9 (for meg uleste) Agatha Christie bøker på 80% avslag hos Gardum idag! I tillegg 6 stk andre 1001-bøker til samme latterlige pris av ca. kr. 25,- Det er aller siste uka butikken har åpen, så om du har planer om en Stavanger-tur til helgen så kan du være veldig heldig! Tenkte på deg da jeg så alle Poirot og Miss Marple i bokstablene :o)

    Du har da fått ferdiglest og -hørt MASSE i februar! Både storm i juni og Dickens er jo en bragd i seg selv! Jeg har fått meg to Dickens-mursteiner som jeg har planer å lese. Engang. Men det blir ihvertfall ikke i mars. Da blir det krim, rai rai :o)

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg var på Gardum for to veker sidan, men eg er litt kresen når det gjelder bøker, og tok ikkje med meg noko:-O

      Slett
    2. Jøsses OG bevares! Nå er jeg på fornavn med ekspeditør/-trisene der inne, og de rygger litt når de ser meg. Beste kommentaren? "Har du forresten vurdert å kjøba heile boghandelen for videre drift?" HAHA! :D Årets! Kjøper du forresten kun innbundne bøker? Jeg har kun hamstret pocket, og kjenner lite til utvalget i den eksklusive varianten. Når det gjelder bøker er jeg mer på kvantitet enn kvalitet når det gjelder cover. Ellers hadde jeg gått konkurs for flere tiår siden ;o)

      Slett
    3. Neida, kjøper ein del pocket, men eg bruker biblioteket meir enn dei fleste;-)

      Begynn som bokhandler, Marianne. Det hadde vore ein super jobb:-)

      Slett
  3. Kos deg med krimmen :) hehe

    Sjølv veit eg ikkje heilt om det bli så mykje krim på meg i påska :p
    kom bare halvveis i boka jeg prøvde meg på forgje påske.. så spørrs om jeg bare ska prøve og lese den ferdig :P

    SvarSlett
    Svar
    1. Høyr krim på lydbok, det funker til de grader for meg:-)

      Slett