Søk i denne bloggen

Laster inn...

torsdag 25. april 2013

Bok: "Adam og Eva"

Forfatter: Arto Paasilinna
Originaltittel: Aatami ja Eeva
Utgitt: 1993
Min utgåve: 2013
Oversetter: Ellen Holm Stenersen
Format: Lydbok, lest av Kyrre Haugen Bakke, 6t13min25sek
Forlag: Lydbokforlaget

Småbedriftseigaren Aatami Rymättylä er konkurstrua og drukner nesten i barnebidrag og inkassovarsler. Han har ikkje mindre enn syv barn med tre ulike kvinner, og innrømmer villig for seg sjølv at han er glad i kvinneleg nærhet. Som eit hell i uhell blir det hydrogeneksplosjon på verkstedet til Aatami, og med prototypen på eit nytt batteri i lomma blir han satt i kasjotten for eit par dager. Her får han endeleg tid til å jobbe med det nye batteriet, og har konklusjonen klar: Løysinga på heile verdas energikrise!

Ved hjelp av den fordrukne, men dyktige juristen Eva Kontupohja innkasserer Aatami både juridiske råd og kapital. Batteribedrifta Adam og Eva blir grunnlagt, seminarer verda over blir besøkt, miljøverne jubler og bedrifter står i kø for det ferdige produktet. Men oljelanda er ikkje redde for å sende sine beste menn for å hindre at oppfinninga aldri blir produsert.

Adam og Eva er min ellevte Paasilinna-roman, men det er langt frå den beste. Kyrre Haugen Bakke gjer ein strålande jobb som oppleser, noko han har gjort tre gonger tidlegare med Paasilinnas bøker, men romanen har for mange karakterer, for mykje som føregår og det blir for usannsynleg. Ein fattig finsk oppfinner blir rikere enn Krøsus på grunn av eit lite batteri, finansierer planene til Gud og hvermann, og på toppen av det heile: Ein italiensk leigemordar som endar på sjukehuset i Finland for forfrosningsskader! Det heile er så fantastisk at eg vurderte fleire gonger å kutte den halvvegs. Av dei siste eg har høyrt kjem Kollektivt selvmord og En lykkelig mann høgare opp på lista enn denne.

XOXO

6 kommentarer:

  1. Hehe.. jeg må flire her jeg sitter. Slike surrealistiske bøker bare elsker jeg. Innimellom, that is. Paasilinna må porsjoneres ut, jeg skal lese Kollektivt Selvmord som neste bok ut. Men det blir om en stund. Italiensk leiemorder på sykehus i Finland med frostskader? HA HA, gleder meg allerede!!! :o)

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg er enig i at dei treng å porsjoneras ut, derfor er det greit at det kjem ut ei bok på norsk i året;-)

      Slett
  2. Har Harens År på lyd- nå, men den går tregt. Er vel noe med den posrsjoenringen..Han har vel godt av en pause. Har Adam og Eva på iPoden også..

    SvarSlett
    Svar
    1. Paasilinna må nytes i små doser. "Harens år" står på 1001 lista (om du følgjer den) så då får du kryss når du blir ferdig:-)

      Slett
  3. WOW, ellevte! JEg har lest noen av Paasilinna, men skal lese mer. Han er så fin! :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg har lest/høyrt alle som er gitt ut på norsk:-) Blanda kjensler, men som regel er det så finurlig at eg må få med meg alle;-)

      Slett