Søk i denne bloggen

torsdag 18. april 2013

Bok: "David Copperfield"

Forfatter: Charles Dickens
Utgitt: 1850
Format: Ebok, 1098 sider
Forlag: Penguin Classics
Mål/utfordringer: 1001 bøker, Charles Dickens-forfattermål, Ebookchallenge

Og vips, så har eg lest to Dickens-bøker i 2013! Eg syns det er bra, og kanskje klarer eg å putte inn ei til, men det må vera ei av dei korte (om han har nokon av dei!).

David Copperfield er ei av historiane eg har eit veldig godt forhold til, men i dette tilfellet kjenner eg på den feilen eg har gjort ved å sjå ei filmatisering først. Historien er grei nok, den er den same, men likevel er det alltid noko som ikkje stemmer når bøker blir filmatisert.

David blir fødd etter hans fars død, og ei tid før han blir fødd får hans mor, Clara, og hushaldersken, Peggotty, besøk av tanta til Davids far, Betsey Trotwood. Ho insisterer på å vera på besøk til fødselen er over, og bestemmer likegodt at sjølvsagt blir det ei jente og ho skal kallas opp etter ho sjølv. Då Clara føder ein gut blir tante Betsey så fornærma at ho reiser. David veks opp med så mykje kjærleik som eit lite barn kan ønske seg, men lukka skal ikkje vare. Clara Copperfield har vore aleine sidan Davids far døydde, men når David er sju år gifter Clara seg på nytt med Edward Murdstone. Han er ein kald og hjertelaus mann som saman med søstra si, Jane, tar over huset og skolegangen til unge David. Etter fleire episoder med trass frå David som kulminerer i at David biter Murdstone blir han sendt på internatskole. Internatskolen er ikkje eit blivendes sted, men David får venner i James Steerforth og Tommy Traddles. Då David kjem heim på ferie har han fått ein lillebror. Etter ferien blir David sendt tilbake til skolen, men kort tid etter får han brev frå Peggotty om at mora og lillebroren har gått bort. Etter hans mors død blir David tatt ut av skulen, og må jobbe i ein fabrikk i London som Murdstone er deleigar i. David liker ikkje denne jobben, og rømmer frå London i håp om å finne tante Betsey.
Då David tropper opp ved tante Betseys dør kan ho ikkje tru sine eige auge, men då ho får høyre Davids historie går ho med på å oppdra David. Etterkvart som David veks opp går han på skulen, og flytter inn til Mr Wickfield og dottera hans, Agnes. Dei blir gode venner og fortrolige med kvarandre. Mennesker går inn og ut av livet til David Copperfield, og lause tråder nøstes opp i tråd med omgivnadene. Copperfield erfarer både sorg og glede, men er alltid tro mot dei han er mest glad i.
David Copperfield er ein nydeleg og sår historie. Den skildrer ein gut som fekk alle odds mot seg i møtet med stefaren, men vaks opp til å bli eit godt og rettferdig menneske sjølv med personer rundt seg som ikkje alltid var like gode. Han opplever å miste mennesker han er glad i, medan andre kjem inn i livet hans på ein måte han ikkje trudde var mogleg. Den har blitt filma ei rekke gonger, men eg mest kjent med BBCs filmatisering frå 1999. Her møter med den foreløpig ukjente Daniel Radcliffe i rolla som unge David, og andre skodespelarar som er godt kjent frå andre BBC-produksjonar (som Alun Armstrong). Feilen eg ofte gjer ved å sjå filmen først er at eg sitter og venter på hendingar eg er kjent med istaden for å nyte det eg les framføre meg. Neste Dickens-bok må bli ei eg ikkje er så godt kjent med. Har du forslag?
David Copperfield anbefales, men ta deg god tid. Halve opplevinga er nytelsen av språket!
XOXO

7 kommentarer:

  1. Jeg hørte halve denne på lydbok, men ga opp. Det kan være lydboken delvis og at kanskje at jeg ikke klarte å nyte opplevelsen. Mulig jeg hører resten etterhvert, men min første Dickens-opplevelse var ikke den beste så langt dessverre. Har lyst til å se BBC-filmatiseringen hvis jeg noengang blir ferdig med boken;-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg syns å huske at eg og begynte med denne som lydbok i Ordflyt, men til tider så synkroniserte den seg ikkje mellom enhetane (iPhone og PC). Det var egentlig veldig synd, for det var ein god opplesing.

      Etter mitt syn er Copperfield tyngre enn andre Dickens-bøker. Eg vil derfor foreslå "Our Mutual Friend" for ein første gongs Dickens-leser. Den er nyleg utgitt på norsk i forbindelse med 200-årsjubileet, og er ei herleg bok. Eg har skreve om den her: http://serieavhengig.blogspot.no/2012/04/bok-our-mutual-friend.html

      Ha ein fin dag, Silje!

      Slett
  2. To Dickens-bøker, ja visst er det bra! Jeg skulle gjerne lest flere bøker av Dickens og har blant annet Bleak House og Three Ghost Stories på leselisten. Nå har jeg også David Copperfield :)

    SvarSlett
  3. Takk! Bleak House er bra, den har eg lest:-) Ein anelse tung, men romantisk som få:-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ah, romantisk...ja da spørs det om den ikke må prioriteres fremover på listen!

      Slett
    2. Og viss du vil ha meir romantisk Dickens så anbefaler eg "Our Mutual Friend" (Vår felles venn). Meget bra Dickens!

      Slett
    3. Alltid fint å lese litt romantikk så den er lagt til på listen - takk for tips :)

      Slett