Søk i denne bloggen

Laster inn...

tirsdag 16. juli 2013

Bok: "Mrs Dalloway"

Forfatter: Virginia Woolf
Utgitt: 1925
Denne utgåva: 1994
Format: Heftet, 128 sider
Forlag: Chancellor Press
Mål/utfordringer: 1001 bøker, Off the shelf

Virginia Woolfs andre bok på 1001-lista er kortere enn To the Lighthouse, men det betyr ikkje at Mrs Dalloway er enklere å lese. Den er nemleg ikkje inndelt i kapitler på den måten som er vanleg, og eg liker kapittelinndeling. Årsaken er nok at romanen går over kun ein dag.

Mrs Dalloway handler om Clarissa Dalloway som ein dag i juni går omkring i London og handler inn til eit selskap ho skal halde same kveld. Det er meget bra ver denne dagen, og Clarissa tenkjer tilbake på ungdomstida ho tilbrakte i Bourton, og på dei vala ho den gong tok. For ein stakket stund hadde ho valet mellom den trygge Richard Dalloway, og den meir lettsindige Peter Walsh, og hadde absolutt ikkje lov å velje Sally Seton. Då ho får besøk av Peter Walsh etter handleturen blir ikkje tankegangen lettare.

Ein mann som Peter Walsh observerer i parken er krigsveteranen Septimus Warren Smith. Han sliter med posttraumatisk stress og hallusinasjoner etter krigshandlingane, og han kjem til å spele ei rolle seinare i romanen.

Selskapet om kvelden går bra, og dei fleste karakterane Clarissa har truffet i løpet av romanen er invitert. Då det kjem nyheter om ei rystande hending Clarissa går for seg sjølv eit øyeblikk, og kjem til konklusjonen at hendinga skjedde for ein ville spare si eiga lykke.

Den manglande kapittelinndelinga kan eg leva med, for språket gjer opp for alt. Det er ikkje utan grunn at den fekk vera med på TIME Magazine si liste i 2005 over dei beste engelskspråklege romanane skreve sidan 1923. Språket er herleg malerisk, litt gammeldags, men med masse sjarm. Clarissa er ein karakter eg får sympati for, og det kan ikkje vera enkelt å tvila på sine val tredve år etter at ein har valt. Temaene er fleire, og det mest framtredande er homoseksualitet og Smiths sjukdom. God roman som fortjener sin plass på lista. Anbefales!

XOXO

4 kommentarer:

  1. Mrs Dalloway hentet jeg på biblioteket i dag og synes det er betryggende at du anbefaler den til tross for manglende kapittelinndeling - for etter å ha lest Til fyret fikk jeg lyst til å lese denne og jeg er klar over at den ikke er enklere å lese selv om den er kortere. Gleder meg til å ta fatt på den :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg liker denne Woolf-besettelsen eg har for tida:o) "Orlando" har eg i bokhylla, men så må eg på jakt etter fleire, anten i bokhandelen eller biblioteket. Får sjå om lommeboka får bestemme;-)

      Slett
  2. herlig, denne fikk jeg også lyst å lese.:)

    SvarSlett