Forfatter: Donal Ryan
Utgitt: 2012
Format: Ebok, 160 sider
Forlag: Doubleday Ireland
Mål/utfordringar: Ebookchallenge
Donal Ryan var ein av fire debutanter på Bookers longlist i juli. Dessverre kom ikkje The Spinning Heart videre til shortlist, men eg syns debutromanen er såpass god at denne forfatteren vil eg fylgje videre. Allereie neste månad er forfatteren klar med sin andre roman, The Thing About December.
The Spinning Heart tar for seg Irlands økonomiske krise etter finanskrisa. I ein liten irsk by veks det fram farlege spenningar, og personer blir slitt mellom å vera den dei ynskjer og den dei eigentleg er. Gjennom 21 forteljarstemmer skriver Donal Ryan ei autentisk forteljing om Bobby som utover i romanen er både mistenkt, beundra, begjært og rista på hovudet over. På sine knappe 160 sider er romanen lada med mord, kidnapping, svindel, svik - og ein fin dose humor.
Irland har fascinert meg i årevis med deira språk, tradisjoner, forfattere og vakre landskap. Det siste året har eg funne nye irske forfattere, og Donal Ryan seiler opp som ein ny favoritt. Eg likte veldig godt The Spinning Heart, og hadde eg fått bestemme hadde denne vesle perla av ein roman fått bli med på shortlist. Romanen er interessant, og den fortel om eit øyeblikksbilete i dagens Irland. Eg har ikkje dei beste erfaringane med ein slik forteljarstruktur, men i denne romanen fungerer det. Neste gong eg les den (for det vil bli ein neste gong) skal eg ta meg tid til å skrive ned ulike ting om dei forskjellige forteljarstemmene. På den måten vil eg få ein betre forståing av kven dei er. Anbefales!
Linn er over middels interessert i Europas økonomiske situasjon, og syns romanen fortjener ein pluss i margen for aktualitet.
XOXO
Som deg så er jeg blitt utrolig glad i irsk samtidslitteratur. Skrivestilen er så vakker.
SvarSlettJeg har Spinning Heart og har lest litt i den. Nå ble jeg enda mer motivert til å lese resten :-) Tusen takk!
Bare hyggeleg!
SlettJeg har ikke lest noe irsk samtidslitteratur, tror jeg? Men denne fikk jeg lyst til å lese. Må bare få unna litt norsk ny litteratur først ;-)
SvarSlettGod søndag!
Nå har eg lest irsk litteratur, så nå blir det norsk:-)
SlettGod søndag!