Søk i denne bloggen

Laster inn...

onsdag 2. oktober 2013

Booker-longlist: "Almost English"

Forfatter: Charlotte Mendelson
Utgitt: 2013
Format: Ebok, 391 sider
Forlag: Mantle
Mål/utfordringar: Ebookchallenge

Charlotte Mendelson er debutant i Booker-samanheng, men Almost English er hennar fjerde roman. Ho har tidlegare vore på Orange Prize for Fiction si shortlist, og Almost English er lest i forbindelse med Bookers longlist.

Sekstenårige Marina bur i ein liten leilighet i dagens London saman med si mor, Laura, og tre ungarske slektninger. Då faren til Marina gjekk frå mora såg mora ingen anna råd enn å flytte inn til si svigermor og hennar to systre. Marina er fødd i England, men slektningane er vokst opp i Ukraina, og dei lærte å rekna på russisk, snakker ungarsk og ser på seg sjølv som tsjekkere. Med andre ord er det ikkje lett å vera Marina. Lojaliteten er der for slektningane, men Marina er ikkje heilt sikker på kvifor.

I familien føler Marina seg utanfor, og bestemmer seg for å komme seg vekk. Løysinga blir kostskule, og privatskulen Combe Abbey skal bli fristedet. Dessverre blir det ikkje slik som Marina har tenkt seg, og ho føler ho er den utanlandske jenta som ikkje passer inn, som ikkje kan flørte med guttane på naboskulen og som ikkje heilt veit korleis ho skal eksistere. Mora, Laura, har sine eigne demoner og stri med, og ser ikkje at dottera sliter både heime og på skulen. Då Marina treffer faren til den kjente flørtepusen, Guy, trur ho at endeleg har ho funne den rette vegen i livet. Likevel blir det ikkje som Marina hadde tenkt, og igjen passer ho ikkje inn.

Romanen balanserer humor og sårbarhet, og dei pinlege scenane mellom Marina og slektningane er humoristiske. Laura og Marina har eit nokonlunde godt forhold, men problemet til Laura er at ho ikkje syns ho er god nok, verken som mor eller som menneske. Almost English er ein pageturner der du bare må vite korleis det går med Marinas kamp for sjølvstendighet, og Lauras tankevirksomhet etter at faren til Marina kjem inn i biletet igjen. Charlotte Mendelson har sjølv ukrainske aner, og har krydra romanen med ord og uttrykk frå eit anna språk. Romanen minner meg om kor herleg det er å ikkje vera tenåring, men det er verkeleg ikkje lett å vera vaksen heller. Eg likte den på grunnlag av sin aktualitet i forhold til identitetskrise og innvandring, men syns ikkje det gjer noko at den ikkje havna på shortlist.

Linn syns du skal lese romanen på grunn av påminning om tenåringsangst og ditt eige forhold til familien.

XOXO

2 kommentarer:

  1. Denne syntes jeg var skkurat slik du beskriver det Elida :) Det er noe universelt over den også. En bok jeg hadde null forventninger til men som gav meg en fin leseropplevelse. At den ikke havnet på shortlist synes jeg ikke er så rart, men en lesverdig bok synes jeg. Synes også du har skrevet godt om den,

    SvarSlett
    Svar
    1. Takker og bukker! Morsomt at me har samme oppfattelse, og eg er enig i at den er universell. Det fins nok fleire Marina-historier:-)

      Slett