Søk i denne bloggen

fredag 28. februar 2014

Februarstatistikk

Februar er den kortaste månaden i året, men likevel har denne månaden vart i evigheter for min del. Eg har fått lest ein del, men typisk nok lite av det som var målet. Når eg først har satt meg noko i hodet, så nytter det ikkje å rikke.

Bøkene eg har vore borti

Lesesirkelbøker og haugen av 1001 bøker på nattbordet har blitt skjøvet lenger og lenger ned på prioriteringslista då eg oppdaga ein trilogi av Nora Roberts. Nydeleg og magisk historie, og medan eg høyrer krøller eg tærne og hviner av lukke for eg vil så gjerne at det skal gå bra med karakterene. Snakk om innlevelse frå denne lyttaren! Som alltid er det ganske variert på lista, og sjølv med 20 timer med lydbok så får eg lest litt utanom.

* Jhumpa Lahiri: The Lowland (ferdiglest)
* Lisa Aisato: Fugl (ferdiglest)
* Sigrid Undset: Jenny (ferdiglest)
* Donal Ryan: The Thing About December (ferdiglest)
* Lucinda Riley: Midnattsrosen (ferdiglest)
* Jørgen Brekke: Menneskets natur (Odd Singsaker #3) (ferdiglest)
* Nora Roberts: Key of Light (Key Trilogy #1) (ferdighøyrt)
* Kenneth Grahame: The Wind in the Willows (ferdiglest)
* Nora Roberts: Key of Knowledge (Key Trilogy #2) (ferdighøyrt)
* Nora Roberts: Key of Valor (Key Trilogy #3) (påbegynt)

Ein shopoholikers bekjennelser

Ingen kjøpte bøker! Eg har haldt meg vekke frå Mammutsalet (men vil jo at andre skal handle mine favoritter), og har i grunnen vore lite i bokhandlere generelt denne månaden. VISA-kortet jubler!

Status lesemål

* 2 off the shelf (3 totalt)
* 1/10 krimbøker (2/10 totalt)
* 4 nye forfattere

Ønsker for mars

Fleire off the shelf! På onsdag flyr eg til Oslo på krimfestivalen, og har eit lite håp om lite bøker med meg heim søndag ettermiddag. Håp er gratis!

XOXO

2 kommentarer:

  1. Hvor flink du har vært som ikke har kjøpt en eneste bok denne måneden! Jeg var flink helt frem til midten av feb, men det ble bare 3 bøker til slutt så helt ille ble det ikke. The Lowland har jeg på listen min over bøker jeg ønsker meg, den kommer ut på norsk i neste måned. Skulle ønske jeg hadde anledning til å reise på krimfestivalen, det får bli til en annen gang. Nora Roberts har jeg ikke lest, må sjekke ut.

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg er heilt overraska sjølv over ingen kjøpte bøker! Eg har lyst til å lese The Lowland på ny i april (i forbindelse med samlesingen til Clementine) bare for å sjå om det var formatet som øydela litt for opplevinga.

      Eg gler meg til krimfestivalen. Det var i grunnen eit innfall eg fekk også gjekk eg til sjefen og lurte på ferie så fekk eg når eg ville så då kan eg ikkje la sjansen gå frå meg;-)

      Om du finner ut at du vil lese Nora Roberts så skal eg finna nokre titlar du kan begynne med. Ho er kjent for trilogier (som er det eg held på med nå), men har og fleire fine enkeltståande titlar:-)

      Slett