Søk i denne bloggen

Laster inn...

fredag 27. juni 2014

Bok: "Den skjønne linje"

Forfatter: Alan Hollinghurst (f. 1954)
Originaltittel: The Line of Beauty
Utgitt: 2004
Min utgåve: 2012
Oversetter: Kari og Kjell Risvik
Format: Heftet, 450 sider
Forlag: Cappelen Damm
Mål/utfordringar: 1001 bøker, Booker-prisen, Nye forfattere, Off the shelf

Eg innrømmer det først som sist: Eg har ikkje lest ferdig boka! Eg kom til side 200 og noko, og klarte ikkje meir. Kvifor eg då vel å skrive om den er fordi det er ikkje ei dårleg bok, den interesserer meg ikkje, og eg kjeder meg når eg les.


I Den skjønne linje treffer me Nick Guest som kjem til Notting Hill for å passe huset til ein Oxford-kamerat. Kameraten har reist på ferie, foreldra til kameraten er på ferie og saman med søstera til kameraten skal han passe huset. Nick, som kjem frå ein middelklassefamilie ser godene ved ein høgare rang, og då vertskapet kjem heim får han bli på ubestemt tid. Det er midten av 80-åra, og Margaret Thatcher er statsminister i England. Nick utforsker kva livet har å by på som medlem av overklassen og ein romanse med ein mann krydrer tilværelsen. Om vertskapet, Gerald og Rachel Fedden, er klar over legninga hans gjer dei sitt beste for ikkje å snakke om det. Boka utforsker temaer som hykleri, homoseksualitet, galskap og makt, og med AIDS som ein truande faktor i bokas siste sider.


Forfatteren Alan Hollinghurst mottok Booker-prisen 2004 for denne moderne klassikeren (som det står på forsida av mi bok), og om eg ikkje liker boka så er det vel fortent. Hollinghurst er ikkje redd for å skrive om temaer som dei eg har nemnt. Eg fant boka kjedeleg, tungt skrevet og med ein hovudperson som er meir opptatt av det ytre i både mennesker og kunst, enn av hvilke kvaliteter dei har. Boka er godt skrevet, og Hollinghurst kan tydeleg sitt fag. Er den anbefalt? Viss du ynskjer å lese om Thatchers England, be my guest!

XOXO

PS: Har du lyst på boka, legg igjen ein kommentar og den er din!

2 kommentarer:

  1. Uff da :-) Men det er greit å få vite at bøker er kjedelige og tungt skrevet. Da slipper man å prøve selv :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg hadde igrunnen store forhåpninger til denne, men dengang ei. Eg har ei bok til av Hollinghurst liggande, men den kan enten vente veldig lenge eller så tar eg den om ikkje så lenge. Det må jo vera ein årsak til at Hollinghurst er så populær.

      Slett