Søk i denne bloggen

lørdag 26. juli 2014

Bøker: "Med bind for øynene" og "Lily Dahls fortryllelse"


Forfatter: Siri Hustvedt (f. 1955)
Originaltitler: The Blindfold og The Enchantment of Lily Dahl
Utgitt: 1992 og 1996
Mine utgåver: 2012
Oversettere: Mona Lyche Ramberg (MBFØ) og Bodil Engen (LDF)
Format: Heftet, 191 sider (MBFØ) og 260 sider (LDF)
Forlag: Aschehoug
Mål/utfordringar: Off the shelf

Silje annonserte tidlegare i sommar eit Hustvedt-prosjekt, og eg som akkurat hadde kjøpt to bøker av nemnte forfatter kjøpte straks fleire bøker. Eg har tidlegare lest ei essaysamling av Siri Hustvedt, og det frista til fleire Hustvedt-bøker.

Debutromanen til Siri Hustvedt, Med bind for øynene, handler om Iris Vegan. Ho er ein fattig student i New York som tar diverse jobber for å overleve. I løpet av romanen treffer ho fleire personer; personer som både interesserer og skremmer ho. Romanen er ein samling av fire episoder som ikkje er i kronologisk rekkefølge. Det er ein interessant roman som allereie viser hvilket potensiale Siri Hustvedt hadde som forfatter på 90-talet. Med bind for øynene drar deg til seg, og fortel ein historie som er mørk, litt grotesk og intens, men du sitter absolutt ikkje fattig tilbake.

Siri Hustvedts andre roman kom fire år seinare. Lily Dahls fortryllelse handler om 19-årige Lily Dahl som bor og jobber i småbyen Webster i Minnesota. Livet til Lily konsentrerer seg om kaféen ho jobber i, og det som foregår i og rundt den. Lily har ein skodespelardraum, og naboen,  Mabel, hjelper ho å lese rolla som Hermia i "En midtsommernattsdrøm." Kaféen har mange forskjellige gjester, nokon meir mystisk enn andre, og Lily blir dratt inn i eit rykte om eit lik som skal likne på ho sjølv. Ifølge baksideteksten kan romanen leses som ein kjærleiksroman, ein psykologisk spenningsroman og ein utviklingsroman. Med andre ord har romanen fleire lag, og det gjer den veldig spennande. Eg likte denne betre enn den første, men så har eg aldri hatt noko sans for ukronologiske romaner.

Meget bra bøker begge to, og det blir ikkje det siste frå Siri Hustvedt. No er den siste nominert til Booker-prisen, og det kan verke som om det er ei lita Hustvedt-bølge over vårt langstrakte land. Det fortener den flinke forfatteren.

Andre anmeldelser av bøkene:
- Rose-Marie har skrevet om Med bind for øynene.
- Silje har skrevet om begge bøkene. Anbefaler og dei andre innlegga hennar om Hustvedt-prosjektet.

Viss andre har skrevet har disse romanene, legg gjerne igjen ein kommentar med link.

XOXO

3 kommentarer:

  1. Hurra for Hustvedt :-) Jeg er glad for at du har blitt med på prosjektet, og jeg ser frem til å lese hva du synes om The Blazing World.

    SvarSlett
  2. Jeg har lest "Sommeren uten menn" og den likte jeg så jeg kunne absolutt tenke meg å lese flere av bøkene hennes, har notert meg disse. Takk for tips!

    SvarSlett