Søk i denne bloggen

Laster inn...

onsdag 23. juli 2014

Man Booker Prize 2014 - nr. 2

Longlist vart annonsert i dag då eg satt på flyplassen i Trondheim, og det var ei liste som er annleis enn den eg såg føre meg. Det er svært få forfattere som eg har eit forhold til, men då er det desto meir spennande.

Her er lista (med forlag og nasjonalitet):

* Joshua Ferris: To Rise Again at a Decent Hour (Viking) USA
Forfatter av to tidlegare romaner, The We Came to the End og The Unnamed.

* Richard Flanagan: The Narrow Road to the Deep North (Chatto & Windus) AUSTRALIA
Forfatter av fem tidlegare romaner.

* Karen Joy Fowler: We Are All Completely Beside Ourselves (Serpent's Tail) USA
Forfatter av tre novellesamlinger og seks romaner, blant anna The Jane Austen Book Club.

* Siri Hustvedt: The Blazing World (Sceptre) USA
Forfatter av fem tidlegare romaner og to novellesamlinger.

* Howard Jacobson: J (Jonathan Cape) STORBRITANNIA
Forfatter av fleire tidlegare romaner. I 2002 var Who's Sorry Now? på MBP longlist, i 2006 var Kalooki Nights på MBP longlist, og i 2010 mottok Jacobson MBP for The Finkler Question.

* Paul Kingsnorth: The Wake (Unbound) STORBRITANNIA
Forfatter av sakprosa og dikt. The Wake er hans første roman.

* David Mitchell: The Bone Clocks (Sceptre) STORBRITANNIA
Forfatter av fleire romaner. I 2001 var number9dreams nominert til MBP shortlist, i 2004 var Cloud Atlas nominert til MBP shortlist, i 2006 var Black Swan Green på MBP longlist, og 2010 var The Thousand Autumns of Jacob de Zoet på MBP longlist.

* Neel Mukherjee: The Lives of Others (Chatto & Windus) STORBRITANNIA
Forfatter av ein tidlegare roman, A Life Apart.

* David Nicholls: Us (Hodder & Stoughton) STORBRITANNIA
Forfatter av fleire tidlegare romaner, blant anna One Day som er filmatisert med Anne Hathaway og Jim Sturgess.

* Joseph O'Neill: The Dog (Fourth Estate) IRLAND
Forfatter av eit par tidlegare romaner. I 2008 var Netherland på MBP longlist.

* Richard Powers: Orfeo (Atlantic Books)  USA
Forfatter av fleire tidlegare romaner.

* Ali Smith: How to be Both (Hamish Hamilton) SKOTTLAND
Forfatter av fleire tidlegare romaner. I 2001 var Hotel World på MBP shortlist, og i 2005 var The Accidental på MBP shortlist.

* Niall Williams: History of the Rain (Bloomsbury) IRLAND
Forfatter av fleire tidlegare romaner.

Foto: MBP's facebookside
Så kva har me lært av denne lista? Amerikanerne har for fyrste gong gjort sitt inntog etter at reglane vart endra i fjor vinter, nasjonalitetane er greitt spreidde (eg hadde håpa på ein sørafrikaner), det er som vanleg for lite kvinner (etter mitt syn), og det er fleire forfattere som har vore nominert tidlegare pluss ein tidlegare vinnar av prisen.

På flyplassen i Trondheim tidlegare i dag lasta eg straks ned ei av bøkene, og sidan mange av bøkene ikkje er utgitt enda (satser på at forlaga pusher på nå og får dei ut på marknaden), så vart første bok ut The Lives of Others. Nå er eg førebudd til å kaste alt anna på båten og sprenglese fram til shortlist blir annonsert 9. september. Om eg klarer 13 bøker før den tid gjenstår å sjå, men det skal ikkje stå på leseiveren.

Om du vil lese kva nettsida skriver finner du det HER, elles anbefaler eg facebooksida som eg sjølv er med og drifter.

XOXO

4 kommentarer:

  1. Jeg måtte "notere" meg alle inne på goodreads når jeg så at listen var kommet, men jeg har ikke sett så mye på bøken enda, det er jo ikke sikkert at jeg kommer til å lese alle på denne listen og i hvert fall ikke til september. Men jeg har jo nettopp funnet ut at jeg vil ha litt fokus på disse listene så jeg har ikke helt bestemt meg for hvordan jeg skal gripe det hele an enda. Men jeg ser flere interessante forfattere her som har skrevet andre bøker jeg også kunne tenkt meg å lese. En fin måte å finne nye forfattere på dette også. Blir spennende å følge med på lesingen din fremover og jeg tipper at du kan klare 13 bøker jeg, jeg skal heie her fra sidelinjen!

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er ein veldig fin måte å finne nye forfattere på, eg har funne mange favoritter blant Booker-bøkene:-) Tusen takk for heiing, setter pris på det. Leser du på engelsk eller norsk? Den foreløpig einaste som er på norsk (utan at eg har sjekka) er Siri Hustvedt. På norsk heiter den nye boka hennar "Denne flammende verden".

      Slett
  2. Blir spennende å se hva du mener om de forskjellige, jeg skal også forsøke å lese så mange som mulig frem mot 9 september. :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg skal og gjera eit ærleg forsøk på å lese fleire av titlane:-)

      Slett