Søk i denne bloggen

Laster inn...

onsdag 12. november 2014

Bok: "The Search Warrant"

Forfatter: Patrick Modiano (f. 1945)
Originaltittel: Dora Bruder
Utgitt: 1997
Min utgåve: 2012
Oversetter (frå fransk til engelsk): Joanna Kilmartin
Format: Ebok, 137 sider
Forlag: Vintage Digital
Mål/utfordringer: Nye forfattere

Om ein månad blir Nobelprisane delt ut, og i går las eg ferdig mi første bok av årets Nobelprismottaker i litteratur. Då det vart kjent at det var franskmannen Modiano som mottar prisen var The Search Warrant den einaste boka Amazon hadde i sitt Kindleutval. Idag er ikkje boka lenger tilgjengelig til Kindle, men Cappelen Damm held på med fleire utgivelser i forbindelse med prisen.

The Search Warrant er ei lita flis av ei bok, og handler om ein avisartikkel. Bokas hovudperson finn ei etterlysning i ei avis frå 1941 om ei ung jente som er sakna frå ein kostskule. Nå kunne dette skjedd i dag og, men Paris i 1941 var midt under okkupasjonstida og Dora Bruder kom frå ein jødisk familie. Etterkvart finn hovudpersonen ei liste over franske jøder sendt til Auschwitz, men han prøver og i det lengste å gå i fotspora til unge frøken Bruder 20 år etter at ho forsvant.

Eg har lest eit sted at bøkene til Modiano handler om andre verdskrig i ulike settinger, og denne boka er intet unntak. Eg er godt fornøgd med første Modiano-bok, det er akkurat så lågmælt og langsomt som eg trengte akkurat nå. I tillegg er språket meget bra, og Modiano kan skrive. Gler meg til fleire Modiano-bøker!

XOXO

4 kommentarer:

  1. Nå er den bestilt :-). Takk for inspirasjon, Elida!

    SvarSlett
  2. Jeg tenkte også at jeg skulle lese en bok av Modiano. Men tenkte jeg kunne vente på Cappelen Damm :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg skal og lesa fleire og muligens kjøpe nokre. Nå ser det ut til at det ikkje er så altfor lenge til Modiano kjem på norsk: http://www.forlagsliv.no/retthjem/2014/11/13/antligen-snart-kommer-nobelprisvinnerens-boker-pa-norsk/

      Slett