Søk i denne bloggen

Laster inn...

søndag 30. november 2014

Novemberstatistikk

November har vore ein god og travel månad. Spesielt dei siste vekene har vore travle, både på jobb og privat. 22. november var eg på eit ytterst koseleg julebord med seks andre bokbloggere, og då fekk eg meg ein fin Oslo-tur på kjøpet. Det er aldri feil!

Bøkene eg har vore borti

Månaden har vore prega av lystlesing, og lite fokus på lesemål. Leselysten har ikkje vore heilt på plass, men satser på at det tar seg opp i neste månad.

* Nora Roberts: Blood Magick (The Cousins O'Dwyer Trilogy #3) (ferdiglest)
* Synnøve Eriksen: Tornekratt (Jordbærdamene #2) (ferdiglest)
* Synnøve Eriksen: Stormkast (Jordbærdamene #3) (ferdiglest)
* Linnéa Myhre: Kjære (ferdiglest)
* J.K. Rowling: Harry Potter and the Philosopher's Stone (HP #1) (ferdiglest)
* Patrick Modiano: The Search Warrant (ferdiglest)
* Jørn Lier Horst: Esmeraldagåten (Clue #2) (ferdiglest)
* J.K. Rowling: Harry Potter and the Chamber of Secrets (HP #2) (ferdiglest)

* Charles Dickens: Little Dorrit (påbegynt)
* Patrick Modiano: Suspended Sentences (påbegynt)
* Karen Joy Fowler: We Are All Completely Beside Ourselves (påbegynt)
* Samuel Massie: Hold fast! (påbegynt)

* Jonathan Swift: Gulliver's Travels (lagt vekk for ein seinare anledning)
* Salman Rushdie: Midnattsbarn (lagt vekk)

Ein shopoholikers bekjennelser

Eg har faktisk klart meg med to nye bøker denne månaden, og då nuller det seg ut ved hjelp av dei tre eg har fått.

Kjøpt ved Oslo-tur:

* Patrick Modiano: Suspended Sentences (Yale University Press)
* Diana Secker Tesdell (red.): Christmas Stories (Everyman's Pocket Classics)

Fått i gave:

* John Green: The Fault in Our Stars (Penguin) (julebordgave)
* Selma Lagerlöf: Kejsarn av Portugallien (Bonnier) (bursdagsgave)
* J.K. Rowling: Harry Potter and the Prizoner of Azkaban (HP #3) (Bloomsbury) (bursdagsgave)

Status lesemål

Så dårleg i november at eg lar det bli med tanken.

Ønsker i desember

Leselyst i lassevis!

XOXO

2 kommentarer:

  1. 8 ferdigleste er ikke verst! Og litt av hvert ser jeg, bra måned etter min oppfatning :)

    SvarSlett