Søk i denne bloggen

Laster inn...

lørdag 14. mars 2015

Bok: "Helvetesilden" (Konrad Sejer #12)

Forfatter: Karin Fossum (f. 1954)
Utgitt: 2014
Format: Innbundet, 256 sider
Forlag: Cappelen Damm

I 2013 las eg dei to første bøkene om Konrad Sejer fordi eg kunne ikkje lese andreboka som vant Riverton 1996 og Glassnøkkelen 1997 før eg las førsteboka. Så vart det ikkje noko meir før Karin Fossum kom med Helvetesilden i fjor. Då ville eg lese den, men endte opp med heile serien frå bok 3 til bok 12 for eg er ganske kronologisk avhengig. Sist veke hamna Helvetesilden på Riverton-lista 2014, og då må boka få ein anmeldelse.

Helvetesilden kom mindre enn eitt år etter førre bok, Carmen Zita og døden, men det er ingen hastverksjobb. Det vitner heller om at Karin Fossum hadde noko påtrengande på hjartet og det måtte bare ut. Boka starter med ankomsten til åstedet. Konrad Sejer har knapt vore borti noko verre - ei ung alenemor og sonen er tatt av dage i ein brann i ei campingvogn. Sejer har ikkje mykje å gå på, eit einaste blodspor fins inne i vogna. Under avdekkinga blir me kjent med ofrene, og andre karakterer som kan ha ein finger med i spelet. Lenge ser det ut til at drapene vil forbigå uløyst, men då ein viktig puslespelbit blir avdekka går ting fort.

Karin Fossum skriv ikkje bare kriminalromaner - ho har ein vinkling som få andre har. Ho tar opp spørsmål som omhandler tilhørighet og identitet, og det gjer romanane hennar unike. Helvetesilden er skremmande på den måten at det kunne skjedd kor som helst, i hvilket nabolag som helst. Krimgåta er interessant nok, men måten det kjem fram på og årsaken til drapa er mest interessant i denne boka.

Om Fossum mottar Riverton eller ei for Helvetesilden blir avslørt 18. mars, men ho har hvertfall levert ei knallbra bok som eg las fort og gale. Anbefales!

XOXO

6 kommentarer:

  1. Ja, las fort og gale.. enig.:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Bøkene hennar er heller ikkje mursteiner, og nokre bøker er det så godt driv i at det går fort og gale når ein har god tid :-)

      Slett
  2. Jeg er ganske kronologisk avhengig, jeg og :-) Derfor har Karin Fossum blitt satt litt på vent. Det er en del bøker å lese før en kommer frem til den siste :-) Jeg har akkurat lest Lahlum, så det er ikke det at det ikke lar seg gjøre men det er på en måte et tiltak :-) Det ligger en haug med krim på nattbordet mitt, så jeg må nok gjennom det også først :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er derfor det ofte er tiltak å lese Riverton-vinnere, for det er ikkje ofte ein debutant mottar prisen :-/ Lahlum har eg ikkje lest, men eg ser Storytel har alle bøkene. Nå har eg slått meg på klassikerne foreløpig så det får bli ein anna dag eg høyrer Lahlum.

      Slett
  3. Jeg likte denne boken godt, og får mer og mer sansen for måten hun skriver på. Tok et dypdykk i bøkene hennes da hun vant Amalie Skramprisen i 2013.

    SvarSlett