Søk i denne bloggen

Laster inn...

torsdag 2. april 2015

Bok: "Old Goriot"

Forfatter: Honoré de Balzac (1799-1850)
Originaltittel: Le Père Goriot
Utgitt: 1834
Min utgåve: 2011
Format: Lydbok frå Storytel, lest av Frederick Davidson, 10t5min17sek
Forlag: Blackstone Audio
Mål/utfordringar: 1001 bøker, Back to the Classics

Då eg valde bøker til Back to the Classics valde eg ut frå bokhylla og 1001 bøker. Sidan då har eg gitt vekk min utgåve av Old Goriot, men Storytel stiller opp. Den franske forfatteren Honoré de Balzac er eit nytt bekjentskap for meg, men det blir ikkje den siste romanen frå de Balzac. Han er mest kjent for sitt mesterverk La Comédie humaine som er ein samling av 100 noveller og skodespel om Frankrike etter Napoleons fall i 1815.

Old Goriot handler om den eldre mannen og faren Jean-Joachim Goriot, som har ruinert seg sjølv for å hjelpe sine godt gifte døtre. Døtrene er ikkje lukkelege i ekteskapa sine, men då faren ikkje kan hjelpe dei økonomisk lenger slutter dei å besøke ham. Goriot bur på eit pensjonat, og ein av dei andre som bur der, Eugène de Rastignac fatter interesse for Goriot og ei av døtrene hans. de Rastignac har problemer med å forstå overklassen då han ikkje er tilflytter, men hans kusine gjer sitt beste for å lære ham opp. Ei rekke hendingar oppstår og romanen ender i Goriots begravelse der ingen av døtrene møter opp.

Romanen som føregår i 1819 er ein tragisk historie om korleis eit samfunn blir prega av lysten etter penger og sosial klatring. Dette var ein vanskeleg roman å høyre, og eg er redd det preger anmeldelsen. Viss eg nokon gong les den på ny blir det i papirform. Det var likevel ein interessant roman, og det er spanande å lese i ettertid at de Balzac var ein inspirator for mange kjente forfattere som Charles Dickens, Edgar Allan Poe, Fyodor Dostoevsky, Oscar Wilde, og filosofer som Karl Marx.

XOXO

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar