Søk i denne bloggen

Laster inn...

lørdag 18. juli 2015

Bok: "The Buried Giant"

Forfatter: Kazuo Ishiguro (f. 1954)
Utgitt: 2015
Format: Ebok, 317 sider
Forlag: Faber & Faber

Den japanskfødde britiske forfatteren Kazuo Ishiguro har syv romaner på samvittigheten inkludert The Buried Giant. Han har vunnet Bookerprisen med den tredje romanen The Remains of the Day, og var på Bookers shortlist med romanane An Artist of the Floating World, When We Were Orphans og Never Let me Go. The Buried Giant kom som ein overraskelse for mange då det er 10 år sidan førre roman. Dette er min første Ishiguro-roman, og den kan havne på Bookers longlist om 11 dagar.

The Buried Giant går føre seg i tidleg middelalder, 500-600-talet i England. Me befinner oss i ei tid der drager, kjemper og alver var naturleg, og det er ikkje lenge sidan kong Arthur regjerte med Merlin ved si side. Ei underleg tåke av hukommelsestap kviler over landet, og her treffer me det eldre ekteparet Axl og Beatrice. Dei er hengivne overfor kvarandre, og husker at dei har ein son. Kvar han er, og kvifor han reiste husker dei ikkje, men dei vil reise og finne ham. I øyeblikket er det fred mellom britene (kelterne) og sakserne (anglo-sakserne), men bak den søvnige tilværelsen fins konturane av den grufulle krigen. På sin reise møter Axl og Beatrice krigeren Wistan, den unge gutten Edwin og ridderen Gawain. Sistnemnte er nevøen til kong Arthur. Alle har ein misjon med sin reise, og minner byrjer å dukke opp.

Som eg har sagt er dette min første Ishiguro-roman, og eg kan allereie nå fastslå at det blir ikkje den siste. Kazuo Ishiguro skaper eit univers som er kjent gjennom historiebøker, men som får nytt liv gjennom Axl og Beatrice. Deira kjærleik til kvarandre gjennomlyser romanen, og dei er redde for kva som vil skje om den eine døyr. Romanen er eit friskt pust i min lesekvardag, og eg vart overraska over kor fort eg las den og at eg ikkje ville legge den frå meg. Anbefales!

XOXO

Andre som har lest den: Clementine, Monika.

2 kommentarer:

  1. Spennende! Jeg har denne på vent etter at jeg hørte noen negative anmeldelser, men ble litt mer motivert nå som jeg leste din. Anbefaler deg Never let me go. Så sterk, vond og vakker.

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for at du vart motivert! Viss eg ikkje husker feil ligger Never Let me Go ein eller anna plass i huset, må rote fram den :-)

      Slett