Søk i denne bloggen

Laster inn...

lørdag 7. mai 2016

Bok: "En studie i rødt" (Sherlock Holmes #1)

Forfatter: Arthur Conan Doyle (1859-1930)
Utgitt: 1887
Min utgåve: 2015
Format: Innbundet frå bokhylla, 166 sider, oversatt av Nils Nordberg
Forlag: Bokvennens kriminalbibliotek

Den britiske forfatteren Arthur Conan Doyle studerte medisin innen han i 1886 skreiv ein historie om Sherlock Holmes. Lite visste Dr. Doyle at han hadde skapt eit fenomen som framleis er gjeldande den dag i dag. Populariteten til Sherlock Holmes gjer seg gjeldande både i nye oversettelser som den eg har lest, og i bok- og TV-helter som Lisbeth Salander, Saga Norén, Sarah Lund og dr. House. Det siste har eg henta frå forordet til Nils Nordberg, og eg som har sett alle sesongane av House er samd med Nordberg.

En studie i rødt introduserer Sherlock Holmes og John Watson for omverda. Watson er ein krigsskada militærlege som ønsker ein bo-kamerat medan Holmes er kjemistudent. John Watson tar til å studerer Sherlock Holmes, og finner ut at det er mykje han kan, men det er og mange huller i utdanninga. Då eit lik blir funnet i eit forlatt hus med blodig innskrift på veggen starter eit kompaniskap ulikt mange andre. Watson får sjå Holmes i aksjon, og det sender duoen ut på jakt etter gjerningsmannen som har reist langt for å få sin hevn.

Mitt første møte med Sherlock Holmes i bokform, og det blir garantert fleire. Klassisk krim med hestekjerrer, giftdrap og telegrammer er ofte mykje meir underhaldande enn heseblesande biljakt og seriemordere i dagens moderne krimbøker. Sherlock Holmes er ikkje redd for å virke skrytete, og han veit meget godt kva han kan. John Watson var nok forundra meir enn ein gong då Holmes kunne gjette yrker på folk bare ved å sjå på dei. Anbefales!

XOXO

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar