Søk i denne bloggen

Laster inn...

mandag 12. september 2016

Bøker: "Boy - Tales of Childhood" og "Going Solo"

Publisert 1984, 3t11min29sek
Forfatter: Roald Dahl (1916-1990)
Mine utgåver: 2013
Format: Lydbøker, lest av Dan Stevens
Forlag: Puffin

Den norskætta britiske forfatteren Roald Dahl ville fylt 100 år i år, og med fullt av nyutgitte lydbøker hjå Storytel har eg satt i gang eit prosjekt. Roald Dahl har skrevet både for barn og vaksne; skjønnlitteratur og sakprosa. Eg vil i første omgang høyre meg gjennom Storytel og barnebøkene.

Den første boka i Roald Dahls sjølvbiografiske serie heiter Boy - Tales of Childhood. Her fortel Dahl om livet sitt frå fødsel til han er 20 år. Livet i England, foreldrene, kostskuler og sommerferier i Noreg blir  levandegjort med Dan Stevens' stemme. Dahl mista tidleg faren, men mora, som var farens andre kone, tok seg av både sine eigne og stebarna i perioder. Det fantes aldri ein tanke om å flytte til Noreg etter ektemannens død for Sofie Hesselberg Dahl, dei vart verande i England. Som 9-åring begynte Roald Dahl på kostskule, og han var innom eit par slike skuler i årenes løp. Når eg høyrer er det fleire ord som kjem igjen i Dahls barnebøker, og enkelte episoder frå skuletida hans som er blitt inspirasjon for barnebøker. Då det nærma seg enden på kostskulegang ønska Dahl å reise ut i den store verda framfor universitetet, og det var eit ønske som vart respektert av Sofie Dahl. Om ho var imot det viste ho det aldri framfor sin einaste son.
Publisert 1986, 4t38min2sek

I andre bok, Going Solo, reiser Roald Dahl ut i verda. Først som forretningsmann i ein alder av 22 år, så bryter andre verdskrig ut. Dahl melder seg som flyger og blir ansatt hjå RAF. Han flyr stort sett i Egypt, Afrika og Hellas, og det viser seg seinare at han veit lite om krigens inntog i Norden og Tyskland, og om jødanes skjebne. Ein dag kunne det gått verkeleg galt, då Dahl blir hardt skada og mister synet på begge augo i fleire dager. Going Solo er meir actionfylt enn Boy, og inneheld lite som blir brukt i seinare barnebøker. Då boka ender har Dahl funnet igjen familien sin i England, og slutten beviser at ei mor gløymer aldri stemmen til sonen sin sjølv om ho ikkje har høyrt den på tre år.

Meget interessante og spennande bøker om Roald Dahl. Under krigen som flyger skreiv han loggbok kvar dag, og det fortel han at han er meget nøgd med då han skulle skrive sjølvbiografi. Eg vil tru at og disse to bøkene er like spennande for barn som vaksne, og eg skulle ønske eg hadde barn i skulealder til å prøve dei på. Skodespelaren Dan Stevens (kjent frå Downton Abbey) leser meget godt og livaktig. Ingen monoton stemme der i gården. Anbefales!

XOXO

2 kommentarer:

  1. Jeg har lest noe Roald Dahl da jeg var yngre. Jeg har Storytel, kanskje jeg burde høre på noen av disse :-)

    SvarSlett